Extinction Rebellion og Greta Thunberg blokkerer Mongstad-raffineriet – varslar fleire aksjonar

Aktivistgruppa Extinction Rebellion aksjonerer på land og til havs mot oljeraffineriet på Mongstad i Nordhordland. Rundt 200 deltek, blant dei Greta Thunberg.

NPK-NTB
Publisert

Det opplyser gruppa i ei pressemelding.

Det er sitjeblokade på vegane. I tillegg sperrar seks kajakkar og seglbåtar hamna.

Politiet opplyste rundt klokka 7.30 at mellom 150 og 200 personar sperrar vegane, og at aksjonen skapte noko kø i området rundt anlegget. Aksjonen var meld inn på førehand.

Klokka 9.10 var politiet på staden.

– Vi har fått opplysningar om at demonstrantane er ute i ein mindre båt og fem kajakkar utanfor tryggingssona til innseglinga til Mongstad. Politibåten er på veg for å følgje situasjonen, skriv operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt i politiloggen.

Thunberg: Noreg har blod på hendene

– Vi er her fordi det er glasklart at det ikkje finst noka framtid i olje. Fossilt brensel fører til død og øydeleggingar, og derfor må vi leggje press på moralsk korrupte oljeprodusentar som Noreg, som har blod på hendene sine, seier Thunberg i pressemeldinga.

Målet med aksjonen er ifølgje gruppa å stengje av alle vegar til raffineriet. Dei krev at norske politikarar «legg fram ein konkret plan for å fase ut olje og gass, noko ingen av dei store politiske partia har i programma sine».

– Vi har høyrt varselrop frå forskarar og personar ved frontlinjene som har vorte møtte med døve øyre. Vi har ikkje noko anna val enn å ta direkte aksjon. Det er derfor vi no stengjer ned denne oljeterminalen, seier Thunberg til Bergens Tidende.

Ifølgje gruppa skal artisten Aurora opptre som del av blokaden. Når han er oppheva, vil gruppa halde fram med aksjonar resten av veka, mellom anna i Oslo.

Gruppa seier ho håpar å halde fram aksjonen i «nokre dagar», avhengig av om dei blir pågripne eller ei. Thunberg omtaler aksjonen måndag som «berre starten».

– Så lenge makthavarane lever i ein annan røyndom og trur at dei kan halde fram sin ekstreme «business as usual», så kjem vi til å halde fram med å aksjonere mot dei, seier ho.

Equinor: Produksjon som normalt

Produksjonen går ifølgje Equinor som normalt ved anlegget. Personell ved Sture, Kollsnes og Mongstad er likevel oppmoda til å jobbe heimanfrå om dei har moglegheit, ifølgje Bergens Tidende.

– Per no går produksjonen som normalt ved anlegget, og det er ingen innverknad på forsvarleg drift, seier pressetalsperson Ellen Maria Skjelsbæk for landanlegg i Equinor til avisa.

– Rundt desse anlegga er det ei tryggingssone, og det er det ein grunn til. Ein må ikkje setje liv og helse i fare, verken når det gjeld folka våre eller demonstrantane, seier ho vidare.