Støre gir klimagaranti

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krigen i Ukraina kan føre til at satsingar i regjeringsplattforma frå Hurdal må skyvast på. Det har vore Støres tydelege signal i samband med budsjettsamlinga til regjeringa på Klækken hotell utanfor Hønefoss denne veka.

Spesielt forsvar, beredskap og handtering av flyktningsituasjonen skal prioriterast opp, ifølgje statsministeren.

Kva som skal prioriterast ned, har han likevel ikkje vore like tydeleg på.

Men overfor NTB seier statsministeren no at han kan garantere at klimapolitikken ikkje kjem til å bli nedprioritert.

– Ja, det kan eg, seier Støre.

– Det vi seier i Hurdal om å kutte utslepp og skape jobbar, det er faktisk ein minst like aktuell moglegheit no.

Tre grunnar

Støre ramsar opp tre grunnar til at klimafanen må haldast høgt.

– Den eine er at klimautfordringane ikkje tek pause sjølv om det er krig, seier han.

Tvert imot berre blir utfordringane forverra av krig, åtvarar statsministeren.

– Punkt to: Vi har forpliktingar på dette som vi må gjere alt vi kan for å nå. Og punkt tre: Det som skjer med tanke på energi i Europa som følgje av Russlands krig, er eit kraftig dytt i retning av meir fornybar kraft.

Støre meiner situasjonen òg har vore ein vekkjar for Europa når det gjeld moglegheitene som ligg i fangst og lagring av CO2, såkalla CCS.

– Eg har erfart dei siste vekene i samtalar med kollegaene mine at Europa no skjønner meir av betydninga av det, seier han.

Vil parkere oljedebatten

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) meiner situasjonen òg gjer at debatten om olje- og gassproduksjonen i Noreg bør leggjast død.

– Vi må produsere det vi kan av gass til Europa. Dei treng gass. Og vi må produsere det vi kan av olje. Det er så stor uvisse. Det merkar alle, med den uroa som har vore i energimarknadene, seier Vedum til NTB.

Trygve Slagsvold Vedum
Foto: NTB Kommunikasjon/Statsministerens kontor

Han kallar det ei misforståing å setje norsk olje- og gassproduksjon opp mot norske klimamål og minne om at klimautsleppa blir talde der dei skjer – altså der olja og gassen blir brukt.

– Dersom vi klarer å produsere meir gass, så er ikkje denne gassen ein del av den norske klimarekneskapen når vi eksporterer han, seier Vedum.

– Vi ser no at vi i Noreg sjølvsagt må gjere det vi kan for å produsere mest mogleg olje og gass til eit Europa som treng det.

Uvisse om elektrifisering

I førre veke gjekk Sigbjørn Gjelsvik, Sps finanspolitiske talsperson på Stortinget, ut i Klassekampen og sa at alle planar om vidare elektrifisering på norsk sokkel må setjast på vent i lys av krisa som no har oppstått.

Det vil i så fall sterkt avgrense Noregs moglegheiter til å kutte klimautsleppa nasjonalt. I dag står olje- og gassutvinning for ein firedel av utsleppa i Noreg.

Vedum vil for sin del ikkje gå like langt som Gjelsvik. Kvart elektrifiseringsprosjekt må vurderast individuelt, fastslår han.

– Det står i Hurdalsplattforma korleis vi skal gjere det. Vi skal vurdere kvart prosjekt for seg, nettopp for at det ikkje skal gjerast på ein måte som går ut over straumprisen på land for industrien, seier finansministeren til NTB.

– Heile poenget er at vi ikkje skal setje i gang prosjekt som aukar straumprisen. Derfor peikar vi òg på havvind, forklarer han.


– Eg tenkte med ein gong at «shit, dette må eg gjera noko med», fortel Hilja om då ho først oppdaga klimaendringane. Tatt av Sigurd Lamark