Regjeringa avlyser eksamen – AUF og Elevorganisasjonen jublar

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På ein pressekonferanse fredag morgon vart det klart at regjeringa avlyser alle ordinære eksamenar også i år som følgje av koronasituasjonen, likt som i 2020 og 2021.

Privatisteksamen og fag- og sveineprøver skal framleis bli gjennomført.

– Dette har ikkje vore ei enkel avgjerd. Eg meiner eksamen er ein viktig del av sluttvurderinga, og vi skal framleis ha eksamen etter dette, seier kunnskapsminister Tonje Brenna i ei pressemelding, og held fram:

– Men elevane sin skulekvardag har no vore prega av pandemien i snart tre skuleår. Avlysinga gjer at elevane får mest mogleg ut av resten av skuleåret, og lærarane får best mogleg grunnlag til å setje standpunktkarakter, når situasjonen er som han er i dag.

– Ikkje ein beskjed om at elevane kan slappe av

Regjeringa har fått faglege råd frå mellom anna Utdanningsdirektoratet, som tidlegare denne veka kom med si risikovurdering av eksamen våren 2022, der dei tilrår å avlyse eksamen.

– Vi har vurdert fleire moglege alternativ. I tråd med Utdanningsdirektoratet si anbefaling, føreslår vi at alle ordinære eleveksamenar blir avlyst denne våren, uttalar kunnskapsministeren.

Ho legg til at usikkerheit rundt sjukefråvær òg har spelt inn, og at dei vil unngå at mange elevar er sjuke på eksamen og ikkje får tatt han før over sommaren.

– Dette er ikkje ein beskjed om at elevane kan slappe av, tvert imot. Dette er eit forsøk på å gi deg tid til å jobbe skikkeleg med skulen, fram til ferien, understrekar Brenna.

Kunnskapsdepartementet opplyser at forslaget skal på ei kort høyring, og at den endelege avgjerda om eksamen for våren 2022 blir tatt kort tid etter fristen.

Feirar med kake

Elevorganisasjonen har tidlegare bede om å at eksamen skal bli avlyst i år.

Elevleiar Edvard Botterli Udnæs. Foto: EO

– Med grønt nivå i vidaregåande skule og eit såpass stort smittepress vil det bli variasjonar i smittetiltaka rundt om i landet. Dét, kombinert med tapt læring i nesten to år, meiner vi gir fleire grunnar til å avlyse eksamenane i vår enn å gjennomføre dei, sa leiar i Elevorganisasjonen Edvard Botterli Udnæs i januar.

I dag jublar han over meldinga frå regjeringa.

– No må vi bruke tida godt framover for å sikre gode vurderingar, men i dag er det lov å ete kake, seier Elevorganisasjonsleiaren til VG.

AUF: – Heilt riktig

Også AUF er letta, og jublar over at vårens eksamenar blir avlyste. Dei er glade for at moderpartiet er på lag med norske skuleelevar.

Astrid Willa Eide Hoem

AUF-leiar Astrid Willa Eide Hoem. Foto: Bernt Sønvisen, Arbeidarpartiet

– Det er heilt riktig av regjeringa å avlyse årets eksamenar. Det er urettferdig å gjennomføre ein heilt lik eksamen over heile landet når føresetnadane for undervisinga har vore så ulik, skriv AUF-leiar Astrid Hoem på e-post til Framtida.no.

Ho peikar på at dei som no går i tredjeklasse i vidaregåande, er dei som har vore hardast råka av koronatiltaka i skulen.

– Dei har berre gått eit halvt år på vidaregåande utan koronatiltak. Difor er det heilt riktig av kunnskapsminister Tonje Brenna å avlyse årets eksamenar.

– Då får ein betre tid på det aller viktigaste: meir undervising, og ta igjen undervising ein har gått glipp av under korona, i staden for å bruke tida på eksamensførebuingar, utdjupar Hoem.

Unge Høgre: – Mange andre ting ein kunne gjort

Leiar i Unge Høgre, Ola Svenneby. Foto: Unge Høgre

Leiar i Unge Høgre Ola Svenneby meiner ein ikkje kan akseptere at avlysing av eksamen er det einaste tiltaket dersom norske elevar ikkje har lært det dei skal i løpet av koronatida.

Han peikar på at avlysing av eksamen er det mest yttarleggåande standpunktet.

– Det er mange andre ting ein kunne gjort i staden. Ein kunne gjennomført færre eksamenar, meir lokalt tilpassa eksamenar eller utsett fristen for å setje standpunktkarakter, uttaler Svenneby til NRK.


Illustrasjonsfoto: Windows/Unsplash