Elevorganisasjonen: Eksamen bør avlysast
Som i fjor bør eksamenane i vår avlysast, meiner Elevorganisasjonen, som seier at læringssituasjonen framleis gir grunnlag for å avlyse.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Med grønt nivå i vidaregåande skule og eit såpass stort smittepress vil det bli variasjonar i smittetiltaka rundt om i landet. Dét, kombinert med tapt læring i nesten to år, meiner vi gir fleire grunnar til å avlyse eksamenane i vår enn å gjennomføre dei, seier leiar i Elevorganisasjonen, Edvard Botterli Udnæs, til Utdanningsnytt.
Dei som no er avgangselevar i vidaregåande skule, hadde berre gjennomført eitt vanleg semester før koronapandemien braut ut. Desse elevane har måtta tilpasse seg ein skulekvardag prega av heimeskule og stadige endringar, påpeikar Udnæs.
– Det har vore så store variasjonar i opplæringa desse elevane har fått. I fjor var det eit av argumenta for at ein ikkje kunne gi ein sentraltgitt eksamen. Det argumentet bør stå seg like godt i år, meiner han.
- Les også: Koronatiltaka for deg som er ung