Utdanningsdirektoratet tilrår å avlyse vårens eksamen

Måndag leverte Utdanningsdirektoratet si risikovurdering av eksamen våren 2022. Direktoratet tilrår å avlyse eksamen.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hege Nilssen er diretør i Utdanningsdirektoratet. Foto: Utdanningsdirektoratet

– Pandemien har påverka kvaliteten i opplæringa, men i ulik grad. Elevane har difor hatt ulike rammer for opplæring og vil ha ulikt grunnlag for sluttvurdering denne våren, seier direktør Hege Nilssen i ei pressemelding.

Unntak for privatistar

Ho påpeikar at eksamen er ein viktig del av sluttvurderinga i Noreg, og at det har vore gode argument både for og mot å avlyse, noko som har vurderinga krevjande.

I si risikovurdering tilrår likevel Utdanningsdirektoratet å avlyse alle vårens eksamenar for elevar på grunnskulen og i vidaregåande opplæring. 

Unntaket er for privatistar og kandidatar som må ta eksamen for å bestå faget.

Rettferdig sluttvurdering

Tilråding er gjort utfrå ei heilskapleg vurdering av tre sentrale omsyn: likebehandling og ei rettferdig sluttvurdering; motivasjonen, trivselen og læringa til elevane; og kor vidt det er praktisk mogeleg å gjennomføre.

Direktoratet peikar på at også i dette skuleåret har smittespreiinga og smitteverntiltaka vore betydelege, noko som særleg har råka elevar i område med høg smitte og strenge lokale tiltak.

Utdanningsdirektoratet tilrår:

  • å avlyse skriftleg og munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen for alle elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring
  • å gjennomføre eksamen for privatistar
  • å gjennomføre eksamen for elevar som treng eksamen for å stå i faget
  • at vitnemål vert gjeve ut frå standpunktkarakterane til elevane
  • å vidaregøre regelverksendringane for standpunktvudering og eksamen som gjaldt våren 2021, også våren 2022

Elevorganisasjonen har bede om å få avlyst eksamen i år, og over 40.000 har skrive under på eit opprop der dei bed om det same.

Den endelege avgjerda er det Kunnskapsdepartementet som tek.


Edvard Botterli Udnæs er leiar i Elevorganisasjonen. Foto: EO