Flyttar eksamen for russen til byrjinga av mai – no er datoane klare
Eksamen for vidaregåande skule blir avvikla 4. til 21. mai neste år. Målet er meir læring og mindre russefeiring, seier kunnskapsministeren.

Datoane for neste års eksamensperiode vart lagt fram onsdag. Eksamensstart blir lagd åtte dagar tidlegare enn i år. Perioden strekkjer seg frå 4. til 21. mai.
– Målet er at dette vil bidra til at mai handlar meir om eksamen og læring, og mindre om russefeiring, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i ei pressemelding.
Dette er datoane:
4. mai: Teknologi og forskingslære, framandspråk, språk, samfunnsfag og økonomi (vg3)
5. mai: Norsk hovudmål (vg3)
6. mai: Språk, samfunnsfag og økonomi og engelsk (vg3)
7. mai: Biologi, informasjonsteknologi, språk, samfunnsfag og økonomi (vg3)
8. mai: Fysikk, språk, samfunnsfag og økonomi (vg3)
11. mai: Norsk sidemål (vg3)
12. mai: Kjemi, geografi og språk, samfunnsfag og økonomi (vg2, vg3)
13. mai: Matematikk, språk, samfunnsfag og økonomi (vg3)
19. mai: Matematikk, framandspråk, engelsk og yrkesfag (vg2, vg3)
20. mai: Framandspråk, engelsk og yrkesfag (vg1, vg2, vg3)
21. mai: Matematikk og yrkesfag (vg2, vg3)
Seinare standpunktkarakterar
Samtidig foreslår Utdanningsdirektoratet at standpunktkarakterane blir sette så seint som mogleg.
– Endringane i både eksamensdatoar og seinare standpunktkarakterar vil bidra til meir merksemd rundt skule i heile mai månad. Festen får komme etter testen, seier Nordtun.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap). Foto: Regjeringa
Ikkje sensor for eigne elevar
Faglærar skal ikkje lenger vere sensor på eksamen for eigne elevar på lokale skriftlege eksamenar. Tidlegare måtte standpunkt i desse faga vere sett før sensur fordi faglæraren ikkje skulle la seg påverke av kva eleven fekk på eksamen. Når faglærar ikkje lenger skal vere sensor, vil det gjere det mogleg å setje standpunktkarakterar seinare.
Forslaget er på høyring hos Utdanningsdirektoratet til 20. august.
Vil utnytte meir av skuleåret
Nordtun meiner det er viktig at elevane får undervisning og er motiverte til å lære på slutten av skuleåret.
– Skuleåret er ikkje ferdig sjølv om skriftleg eksamen er unnagjord, seier ho.
Når eksamen blir gjennomført tidlegare, gir det meir tid til opplæring i etterkant av eksamen, argumenterer ho. Det kan gi elevane større høve til lære fram til standpunktkarakteren blir sett.