Årets opp- og nedturar: Norsk dobbelmoral, urettvis vaksinefordeling og kvardagsgleder

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida har stilt leiarane i ei rekke ungdomsorganisasjonar spørsmål om året som gjekk og om ønska deira for 2022.

Lea Mariero – Press

Lea Mariero er leiar i Press – Redd Barna Ungdom.

Årets helt: Kirsten Sandberg, som vann årets Barnerettighetspris. Sandberg har vore ein pioner i å sette born sjølv i sentrum i liva deira, og arbeidet hennar har vore eit enormt bidrag for born både nasjonalt og internasjonalt.
Serien eg såg mest: Var veldig seint ute med å sjå Borgen, men eg kan anbefale han på det sterkaste for alle som liker politisk drama.
Årets beste film: Verdens verste menneske.
Beste boka eg las i år: Sapiens.
Lydsporet til mitt 2021: Vi blir hjemme av No. 4.
Kva var det kjipaste som vart avlyst grunna korona? Landsmøtet. Det var ganske kjipt å ha digital bankett.
Draumeoverskrift: «Heile verda er vaksinert!»

Press-leiar Lea Mariero jublar over at organisasjonen tidlegare i år fekk gjennomslag for merking av retusjert reklame, etter 10 år med Gullbarbie.

Ho er skuffa over at regjeringa ikkje vil gi røysterett til 16-åringar.

– Kva er ditt favorittminne frå i år?

Lea Mariero og sambuaren henta kvalpen Albus i sommar.

Press-leiar Lea Mariero og sambuaren henta kvalpen Albus i sommar.

– Kva er ditt største ønske for 2022?

– Eg trur vi treng eit skikkeleg oppgjer med den framandfiendtlege asyl- og flyktningpolitikken som har vorte ført i ei årrekke, og at vi etablerer ein konsensus om at menneskerettar og flyktningkonvensjonen skal vere dei berande prinsippa i utvikling av ny politikk på dette feltet.


Naja Amanda Lynge Møretrø – Changemaker

Naja Amanda Lynge Møretrø, leiar i Changemaker. Foto: Changemaker

Årets helt: Helsetenesta
Serien eg såg mest: The Good Fight
Årets beste film: Verdens verste menneske!!!
Beste boka eg las i år: Brief answers to the big questions av Stephen Hawking
Lydsporet til mitt 2021: The Rolling Stones – You can’t always get what you want
Kva var det kjipaste som vart avlyst grunna korona? Vanskeleg å komme på ein enkeltting, men generelt at kultur- og uteliv har måtta stenge ned.

Tre ting gler Naja Amanda Lynge Møretrø seg spesielt over frå året som gjekk: Vener som alltid er der, god mat og å bli vald som leiar i Changemaker.

Ho er skuffa over politikarane si manglande evne til å ta klimakrisa alvorleg nok, og over rike land som er seg sjølv gode nok når det gjeld koronavaksinar.

– Kva er ditt favorittminne frå i år?

– Å få demonstrere saman med andre gode vener frå andre organisasjonar i Glasgow utanfor COP26.

Foto: Privat

– Kva er ditt største ønske for 2022?

– At det vert eit år der global solidaritet verkeleg blomstrar.

Åsne Kummeneje Mellem – Kvenungdommen

Styreleiar i Kvääninuoret – Kvenungdommen, Åsne Kummeneje Mellem. Foto: Privat

Årets helt: Vaksinen! Det er rart å tenke tilbake til då ho ikkje fanst.
Vi har alle også vore våre eigne heltar i år, som trass alt har komme oss gjennom nok eit pandemiår. Vi fortener alle eit klapp (og stikk) på skuldra.
Serien eg såg mest: Euphoria! Eg så han då han kom i 2019, men følte for eit gjensyn no i desember. Heilt fantastisk produsert og lydsett. Burde vera pensum, kan anbefalast til alle.
Lydsporet til mitt 2021: Ifølge Spotify: Maskineri av Kaizers Orchestra.
Har også hatt spelelista til Euphoria på repeat under innlevering av masteroppgåva i vår.
Kva var det kjipaste som vart avlyst grunna korona? Kolme 2021. Vi måtte for andre år på rad avlyse sommarleiren med søsterorganisasjonane våre i Finland og Sverige. Det sat langt inne, men var rett avgjerd. Vi kryssar fingrane for 2022!
Draumeoverskrift: «Kvääninuoret får driftsstønad og prosjektmidlar». (Merksame lesarar kan kanskje minnast at dette var same draumeoverskrift som i fjor).

Kvenungdommen-leiaren har prøvd å glede seg over alle dei små tinga i år. Middag hos besteforeldre, ein roleg laurdagskveld med taco og film, eller ein ledig føremiddag til å bruke i skogen.

Ho vart skuffa av Stortingsmeldinga om nasjonale minoritetar (2020-2021).

– Det er 20 år sidan førre stortingsmelding, men denne var tidenes antiklimaks. Statsbudsjettet var heller ingen høydare.

– Kva er ditt favorittminne frå i år?

– Bestemora mi, Reidun Mellem, tok imot Kongens fortenestemedalje under Kvenseminaret 2021 for mellom anna arbeidet hennar for kvensaka. Ho hadde teke på seg kvendrakta for høvet, så ordføraren kunne feste medaljen rett på drakta. Ein fantastisk og inspirerande augeblink.

Foto: Privat

– Og opninga av Vadsø Museum – Ruija Kvenmuseum var òg flott å vere med på. Kvenmiljøet fekk endeleg møttest midt mellom restriksjonane, og Vadsø var fylt til randa av kvenske flagg og god stemning.

Foto: Gyrid Øyen

– Kva er ditt største ønske for 2022?

– At nettmøte vert til fysiske møte, og ikke omvend.


Julie Rødje – Spire

Julie Rødje, leiar i Spire. Foto: Spire

Årets helt: Fjordvoktarane som har halde gruveselskapet Nussir unna Repparfjord!
Serien eg såg mest: Kan vi kalle pressekonferansane ein serie? Elles må eg nok seie at Jordbrukerne på NRK har vorte ein slager på Spire-kontoret. Altså, det gir oss grunn til å diskutere jordbruk og har innslag av geiter – perfekt for oss!
Årets best film: Pandemien har svekt heile hukommelsen min, og eg er heilt blank.
Beste boka eg las i år: Etter pandemien av Linn Stalsberg. Denne boka oppsummerer og etterlet refleksjonar om korleis pandemien har avslørt og forsterka ulikskapane i samfunnet. Alle er velkomne inn i Spires lesesirkel for boka over nyttår!
Lydsporet mitt til 2021: Retten til byen av Ohnesorg som på ein gøy og flott måte viser utfordringane i den manglande bustadpolitikken.
Det kjipaste som var avlyst grunna korona: Den planlagde grøne julemarknaden til Spire. Han skulle vere fylt med berekraftige produkt, verkstader, politisk debatt og eit høve til å sette søkelys på solidaritet i jula, som er det jula bør handle om – ikkje ein kapitalistisk forbruksfest. Og så vart det ekstra tungt, sidan mange av oss fekk flashback til den veldig lange nedstenginga i fjor.
Draumeoverskrift: «Alle menneske har fått vaksine og naudsynte medisinar!»

Spire-leiar Julie Rødje gler seg over at så mange har engasjert seg så kraftig for rettferdig klimapolitikk, trass i ein vanskeleg kvardag. Ho ser også tilbake på seks fine månader på nytt kontor saman med tilsette og arbeidsutvalet.

– Det var (og er på nytt) djupt sakna.

Rødje er skuffa over kor lite som har komme ut av dei globale toppmøta det siste året.

– WTO har ikkje klart å einast om ei løysing for å sikre menneske vaksine, Noreg har vist ein tydeleg dobbeltmoral under klimatoppmøtet, og på FN sitt mattoppmøte vart interessene til storselskapa prioriterte over småskala bønder og urfolk sin rett til mat og land.

– Kva er ditt favorittminne frå i år?

– Når vi har kunna samlast fysisk i organisasjonen og saman med andre organisasjonar for å diskutere, komme fram til nye løysingar og verkeleg bygge motivasjon for å skape dei gjennomslaga vi og verda treng. Haustseminaret til Spire og Globaliseringskonferansen er to klare høgdepunkt!

Foto: Spire

– Kva er ditt største ønske for 2022?

– At verda, inkludert Noreg, skal gå saman og sikre eit patentunntak for immaterielle rettar, vaksinar og medisinsk utstyr, slik at menneske i sør får rask og god tilgang på koronavaksinar og medisinar. Berre slik kan vi kjempe mot pandemien som råkar dei fattigaste i verda aller hardast og set positiv framgang i mange land langt tilbake i tid.


Therese Hugstmyr Woie – Leiar i Natur og Ungdom

Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/NU

Årets helt: Finnmarks rikaste mann, Odd Viggo Mølmann, som gav ein million kroner til miljøprotestane i Repparfjord!
Serien eg såg mest: Vålnes-saken på NRK.
Årets beste film: Norsk hodepine på NRK.
Beste boka eg las i år: Svøm med dem som drukner av Lars Mytting.
Lydsporet til mitt 2021: Nagirvárrái av Emil Kárlsen og Lávre.
Kva var det kjipaste som vart avlyst grunna korona? Sommarleiren til Natur og Ungdom på Træna i Nordland.
Draumeoverskrift: «Ny regjering vil ikkje byggje ein einaste meter med meir motorveg».

Natur og Ungdom-leiaren ser tilbake på protestleiren mot etablering av gruve i Repparfjord, og alle dei gode folka ein møtte der. Reindriftsutøvarar kom med kjøt og skinn, fiskarar kom med fisk, bussjåførar kom med brød.

– Det var eit stort samarbeid som gav viktige delsigrar for å bevare fjella og fjorden, skriv ho.

Ho er skuffa over at Sp og Ap fekk nok oppslutnad til å danne regjering åleine.

– Ingen av dei har ein klima- og naturpolitikk som tar inn over seg det alvoret vi står i no, skriv ho.

– Kva er ditt favorittminne frå i år?

– I sommar då vi opna protestleir mot etablering av gruve i Repparfjord, så møtte vi gruveselskapet og serverte dei fiskesuppe med fisk frå fjorden dei vil dumpe gruveavfall i. Eg synest det er fint at ein kan ha grei dialog sjølv om ein er veldig ueinige om kva påverknad som er akseptabel i reindriftsområde og i fjordar.

Foto: Privat

– Kva er ditt største ønske for 2022?

– Personleg håpar eg på å finne meg ein ny jobb, sidan eg er ferdig i Natur og Ungdom i januar. Men mitt største ønske er nok at Jonas Gahr Støre gjer alvor av løfta sine om å innføre naturbudsjett for Noreg, slik at vi endeleg kan rydde opp i det enorme naturtapet som skjer kvar dag gjennom nye hytter, gruver, motorvegar og så vidare. Vi må vite kva natur vi har igjen, og vi må stanse all unødvendig nedbygging av natur no som både klimaendringar og kraftutbyggingar får stadig større naturkostnad.


Tuva Todnem Lund – Leiar i Norsk Studentorganisasjon

Tuva Todnem Lund er leiar av Norsk Studentorganisasjon. Foto: Ruben Rygh

Årets helt: Studentar i Noreg! Eg er så imponert over alt vi har fått til gjennom pandemien, trass i tøffe vilkår. Studentar som ser kvarandre, finn på ting trass i restriksjonar og skriv oppgåver – eg er superimponert. Hadde andre folk sett kva studentane i Noreg har stått i gjennom pandemien, trur eg vi hadde snakka om studietida på ein annan måte.
Serien eg såg mest: Eg har sett alt av Kongen Befaler i år – eit kjempemorosamt konsept!
Årets beste film: Eg kjem faktisk ikkje på ein einaste film eg har sett, men eg har sett ein skikkeleg fin serie. Eg er kanskje seint ute, men har endeleg sett Rådebank! For ein fin og utruleg vond serie om det å vere ung.
Beste boka eg las i år: Rosa er den nye pønken av Kathrine Aspaas.
Lydsporet til mitt 2021: Yellow Submarine
Kva var det kjipaste som vart avlyst grunna korona? Landsmøtet til Norsk studentorganisasjon. Eg stilte til val og hadde grugleda meg skikkeleg. Kryssar fingrar og tær for landsmøte denne våren!
Draumeoverskrift: «Borten Moe har snudd, og aukar studiestøtta: – Sjølvsagt må studentane kunne leve av studiestøtta!»

I eit hektisk år har studentleiaren fått mykje glede frå familie, gode vener og kollegaer. Ho fortel at det var skikkeleg fint å møte tillitsvalde og vere med folk igjen etter ein lang periode med nedstenging.

Årets skuffelse leverte forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) då han etter ei veke som minister sa at han ikkje ville auke studiestøtta.

Haldninga hans til studenttilværet har skuffa meg skikkeleg, skriv Lund.

– Kva er ditt favorittminne frå i år?

– Eg vart vald til leiar av Norsk studentorganisasjon! Det var kjempegøy. For meg var også opninga av Veterinærhøgskolen på Ås eit kjempehøgdepunkt.

– Kva er ditt største ønske for 2022?

– Studiestøtta vert auka og knytt til 1,5G. Det er ei kjempeviktig sak som vil sikre moglegheiter til å ta utdanning for fleire. Ikkje minst vil det sikre at studentar er litt mindre avhengige av å jobbe deltid kvar månad. Vinn–vinn–vinn!


Maria Westerfjell Grensemo – Leiar i Noereh

Maria Westerfjell Grensemo, leiar i Noereh. Foto: Privat

Årets helt: Årets heltar er alle reindriftssamane i reinbeitedistrikta som står i tunge saker om store arealinngrep med vindkraft- og gruveutbygging. Eg kan ikkje eingong førestille meg kor tungt dei har det, men likevel held dei fram med å kjempe rettane sine, og for naturen, kvar dag.
I tillegg må nok den nye organisasjonssekretæren til Noereh med her. Ho er ein sann helt!
Serien eg såg mest: Eg har sett utruleg mykje på seriar, og hugsar faktisk ikkje det eg har rukke gjennom no i farta. Likevel har eg mine aningar om at det eg har sett mest, er Friends. Sånn er det nok kvart år.
Årets beste film: Eg fekk endeleg sett Bohemian Rhapsody. Han måtte eg sjå fleire gonger.
Beste boka eg las i år: Høyt av Erika Fatland. Når ein ikkje kan reise elles, har det vore fint å drømme seg vekk i denne boka! Og for så vidt dei andre bøkene hennar òg.
Lydsporet til mitt 2021: Ifølge Spotify har eg høyrt veldig mykje på Patti Smith.
Kva var det kjipaste som vart avlyst grunna korona? Dei siste dagane av Oslo Peace Days.
Draumeoverskrift: «Vi har endeleg funne ei løysing for klimakrisa, som til og med er rettferdig!» Pluss: «Korona er over, så no skal det feirast!»

Maria Westerfjell Grensemo gler seg over at Noereh fekk gjennomføre sommarleiren, trass i korona og strenge restriksjonar.

Eg har enno ikkje komme over at vi hadde verdas første samiske sommarleir for ungdommar denne sommaren! Det var heilt fantastisk!

Ho er skuffa over at staten ikkje tek Fosen-dommen på alvor.

– Det verkar som om dei gjer alt for å gjere minst mogleg med skadane som har skjedd etter vindkraftutbygginga.

– Kva er ditt favorittminne frå i år?

– Her er eit bilete frå sommarleiren. Vi hadde det så koseleg med mellom anna spanande samtalar, gjester og intimkonsertar.

Foto: Privat

– Kva er ditt største ønske for 2022?

– Det største ønsket mitt er at vi får ein normal kvardag igjen. Og nokre fine vintermånader, så ein får stått mykje på ski.


Frida Pernille Mikkelsen – Leiar Norsk Målungdom

Frida Pernille Mikkelsen er leiar i Norsk Målungdom. Foto: Rebekka Hovland, Norsk Målungdom

Årets helt: Folka i helsetenesta! (Gi dei meir løn!) Bonus (ein mindre viktig helt): HBO Max som har skaffa One Tree Hill!
Serien eg såg mest: Greys Anatomy
Årets beste film: Ninja Baby (trur også dette er einaste film eg har sett på kino i 2021)
Beste boka eg las i år: Tollak til Ingeborg
Lydsporet til mitt 2021: Nokon må gå og Aftenpodden
Kva var det kjipaste som vart avlyst grunna korona?: Mange konsertar eg hadde gleda meg til. Så må eg dra fram vinterleiren til Norsk Målungdom, beste tilskipinga i året. Ei sorg å avlyse.
Draumeoverskrift for 2021: «Alle tek vaksinen.»

Frida Pernille Mikkelsen fortel at det har vore mange lyspunkt i 2021:

– Ein utruleg varm og fin sommar. Bading! Språkdelt ungdomsskule inn i opplæringslova, ei ny språklov, engasjerte folk rundt om overalt, å bli vald som leiar av NMU, feiring av at NMU har blitt 60 år, gjennopninga i haust.

Ho kjem likevel ikkje bort frå at dei nye smitteverntiltaka før jul var ein ganske kjip måte å avslutte året på.

– Men, då veit vi i alle fall at det kjem ei slags opning av samfunnet i 2022. Det er noko å sjå fram til!

– Kva er ditt favorittminne frå i år?

– Ferie til turistdestinasjon nummer 1: Lovatnet.

pire Frida Norsk Målungdom. Foto: privat

– Kva er ditt største ønske for 2022?

– Mindre korona, meir nynorsk!


Foto: Pressefoto: Kollasj: Framtida.no