Faren er det store førebiletet for den nye NSO-leiaren Sigve Næss Røtvold
Røtvold si hjartesak er at alle skal kunne ta ei utdanning, uavhengig av føresetnader og hindringar.

– Eg har engasjert meg fordi eg har sett utfordringane vi studentar står i på nært hald, og har ønskt å gjere ein forskjell. Ikkje berre for meg sjølv men for heile studentrørsla.
Det skriv Sigve Næss Røtvold (25) på e-post til Framtida.no. I sommar har han teke over som leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO), og han har ein jobb å gjere med det viktigaste for organisasjonen.
– Overordna er det å setje studentsakene på dagsordenen inn mot stortingsvalet og bidra til at studentar stemmer (som er kampanjen vår).
Elles er det betre studentøkonomi, fjerne skulepengar for internasjonale studentar og å hindre «studentfabrikken» som er dei store sakene i 2025.
Sigve Næss Røtvold
Alder: 25 år
Personleg pronomen: Han
Frå: Mo i Rana
Yrke/utdanning: Lektor i historie og tysk
Favorittfag på skulen: Historie
Ulike verv: Leiar av revyforeining og pubforeining, Studie- og læringsmiljøansvarleg ved studentparlamentet ved UiO, Velferds- og likestillingsansvarleg i Norsk studentorganisasjon
Medlem i: Ikkje enno, men tenkjer å søkje medlemskap i DNT – vil gå fleire fjellturar
– Vi skal ikkje gjennom eit produksjonsløp der vi til slutt står igjen som halvutlærte arbeidstakarar. Vi skal gjennom eit studieløp av høg kvalitet der vi får rom til å tileigne oss dei ferdigheitene og den kompetansen vi treng inn i arbeidslivet.
Faren er førebiletet
Røtvold vil vere ein leiar som kan måle eit bilete av situasjonen studentar er i medan dei studerer.
– Førebiletet mitt er far min, som dessverre har gått bort. Hans godheit og hjartelegheit – og humør og humor – er noko eg tek med meg inn i dette vervet.
Hjartesaka hans er at alle skal kunne ta ei utdanning, uavhengig av føresetnader og hindringar.
– Den største sigeren på landsmøtet er eit tydeleg standpunkt frå ei samla studentrørsle om at vi ikkje aksepterer at høgare utdanning blir ein studentfabrikk.
– Kva er den neste kampen?
– For oss er det ikkje nødvendigvis ein neste kamp. Vi vil bidra til ein best mogleg høgare utdanningssektor – og eit best mogleg samfunn. For at vi skal få det til skal vi jobbe saman med politikarane og andre samarbeidspartnarar. Vi har svara på korleis vi oppnår dette, og ser fram til å samarbeide med regjering og Storting for å nå desse måla.
Skrive dikt og hovudlaus skrolling
Det går ikkje berre i studentpolitikk på fritida, men det snik seg inn i det det meste av livet til Røtvold.
– Eg liker å skrive dikt og omsetje songar, vere med venner og snakke om livet og politikk
Han har ein ganske vanleg tidstjuv:
– Det er ikkje nok timar i døgnet, men eg vil kanskje seie at det som stel mest tid, er hovudlaus skrolling på Instagram eller TikTok.
– Korleis held du deg oppdatert?
– Eg følgjer med i nyheitsbiletet kvar dag gjennom nettavisene, får med meg Nyhetsmorgen og Dagsnytt 18.
Eit samfunn med samanhengar
– Du vaknar opp i morgon til din draumenyheit: Kva er overskrifta?
– «Studentane får 1,5G – Ein siger»
– Kva er idealsamfunnet og korleis skal vi nå det?
Røtvold meiner vi er avhengige av å vere rause med kvarandre, ha tillit til kvarandre, og løfte kvarandre opp, dersom vi skal nå idealsamfunnet.
– For å nå dette må høgare utdanning halde fram med å vere ein prioritet.
– Eit idealsamfunn får vi når vi byrjar å sjå fleire samanhengar. Samanhengen mellom høgare utdanning og kompetansebehovet i arbeidslivet. Samanhengen mellom fri forsking og dei store samfunnsutfordringane som klima og helse. Samanhengen mellom rettane våre og den akademiske fridommen vår i Noreg og fråværet av rettar og akademisk fridom i andre delar av verda.
– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag?
– Eg ville nok teke ein middag med Kaare Fostervoll som var kyrkje- og undervisningsminister i 1947 då Statens lånekasse vart oppretta. Antakeleg å betrakte som far til lånekassa.
– Kva for ei bok burde alle lese? Kvifor?
– Eg er veldig glad i dikt, så eg vil anbefale alle å lese André Bjerkes samla verker.
Rim og rytme i dikt får fram mykje glede hjå han.
– Og vi har godt av å vere glade alle saman.
Alternativt viser han til Pamper og opprørarar av Åsmund Borgen Gjerde om den norske studentrørsla si historie.
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Squid Game
– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– Klarte ikkje velje éin: Jokerman av Bob Dylan, Daniel av Elton John og April come she will av Simon and Garfunkel.