Den nye NSO-leiaren ville invitert Charter-Svein og Kari Jaquesson på middag

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det siste året har fungert som eit forstørringsglas på problema vi visste var der frå tidlegare, og dei gruppene som var taparar frå før av, har verkeleg vorte trakka ned i søla, fortel Tuva Todnem Lund.

25-åringen frå Horten, som er nyvald leiar av Norsk Studentorganisasjon, peikar på korleis koronapandemien har påverka studentar og unge:

Studentar som til vanleg jobbar ved sidan av studia for å få det til å gå rundt økonomisk, men som no står utan dagpengar, trass i at dei betalar skatt.

Unge som har mista tilgangen til fritidsaktivitetar og har fått kvardagen fullstendig snudd på hovudet, i dei viktigaste åra i livet sitt.

Ho drøymer om eit kunnskapsbasert samfunn, som varetek alle:

– Mitt idealsamfunn er eit samfunn kor alle bidreg til å hjelpe kvarandre, og alle får den hjelpa vi treng, når vi treng ho.

Uakseptabelt at studentar skal finansiere sin eigen krisesituasjon

På landsmøtet førre helg vart Tuva Todnem Lund vald til ny leiar av Norsk Studentorganisasjon (NSO), og organisasjonen vedtok ny politikk og klare prioriteringar.

Den påtroppande leiaren fortel at ei av dei viktigaste oppgåvene for NSO framover vert å vareta studentar gjennom (og forhåpentlegvis ut av) koronapandemien, som har hatt store konsekvensar for kvar enkelt.

– Vi er mange som er einsame, som slit psykisk, som har behov for hjelp. Vi veit at køane er for lange, og at altfor få får den hjelpa dei treng.

Ho vil difor å lytte til flest mogeleg av medstudentane sine, og ta med seg opplevingane og erfaringane deira inn i vervet som deira øvste tilltitsvalde.

– Vi skal heve studentstemma! slår den påtroppande leiaren fast.

Samstundes kjem ho ikkje til å gje opp kampen om å betre studentøkonomien, som ho meiner har vore for dårleg altfor lenge – òg før koronapandemien og permitteringane han medførte.

– Det er heilt uakseptabelt at studentane som ei av dei mest sårbare gruppene i samfunnet skal finansiere sin eigen krisesituasjon gjennom eit lån frå staten, meiner Todnem Lund.

Ho meiner studentar har rett på kompensasjon for inntekt dei har jobba inn på lik linje som alle andre.

– Vi treng at våre øvste folkevalde tek ansvar, og gjev oss det sikkerheitsnettet resten av befolkninga har, og som vi òg skattar til: Dagpengar.

Illustrasjonsfoto: Annie Spratt/Unsplash

«Kvifor ikkje?»

Tuva Todnem Lund tok første steget inn i studentpolitikken då ho byrja å studere til lektor i realfag hjå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) på Ås.

– Eg trur vi skulle velje klassetillitsvald første året mitt på studiet, og så vart det stille i klassa. Og så tenkte eg «kvifor ikkje?».

Ein gjevande kvardag i studentpolitikken inspirerte Todnem Lund til å òg melde seg inn i partipolitikken i kommunen, og i ulike organisasjonar.

– Eg har alltid reagert veldig sterkt på urettferd, og det har gjeve meg mykje å jobbe for dei sakene eg trur på. Det å bruke tid og krefter på ei sak, for så å vinne fram, og vete kor mykje denne saka har å seie for enkeltindivid, det er enormt gjevande, forklarar 25-åringen. 

Ho meiner det er utruleg mykje i verda som bør verte fiksa på og så mange problemstillingar som får for lite fokus, og at ho sjølv opplever at ho har mykje å bidra med ved å løfte utfordringar fram i lyset.

– Verda er ein bra stad, men ho treng at vi engasjerer oss for at ho skal halde fram å vere det, for at generasjonane som kjem etter oss skal ha dei same mogelegheitene som vi har hatt, konstaterer Todnem Lund. 

Politikarane må vinne att tilliten før valet

25-åringen, som sjølv har vore aktiv i SV, fortel at ho vil arbeide for at dei viktigaste studentsakene held fram med å vere synlege i valkampen før haustens stortingsval.

– Alle politikarar som ynskjer seg folkets tillit må vete at dei òg har ein jobb å gjere for å vinne studentane sin tillit etter alt vi har vore gjennom, seier Todnem Lund og utdjupar:

– Dei aller, aller fleste forstår at det siste året har vore beintøft, spesielt for unge og studentar. Det vert viktig at vi viser politikarane kva vi treng, og kvifor vi treng det.

Ho vil difor sørgje for at NSO talar studentane si sak, og at politikarane veit kva norske studentar har behov for.

Tuva Todnem Lund fortel at ho let seg inspirere av folk rundt ho som gjer ein god jobb, og at noko av det viktigaste ein kan gjere som leiar er å byggje team og sørgje for at alle presterer best mogeleg

– Eg vil vere ei tydeleg og uredd stemme, som snakkar opp for Noregs studentar. Samstundes vil eg vere tilgjengeleg for studentdemokratia rundt i Noreg, og eg vil vere ein person norske studentar kan kjenne seg att i, lovar den påtroppande leiaren.

Det luraste ho har gjort i studietida

Mykje av fritida til Tuva Todnem Lund har gått til Studentsamfunnet i Ås, der ho har jobba som frivillig. 

– Ein fantastisk stad, som har gjeve meg mange nye bekjentskap! Anbefalar verkeleg ALLE å ta verv i frivilligheita, det er noko av det luraste eg har gjort gjennom mi studietid, i alle fall.

25-åringen er òg glad i å gå tur, og det siste året har hengekøya vore eit kjært turfølgje.

– Eg byrjar kvar morgon med å scrolle gjennom nyheitene på nett. Det siste året har eg også vorte glad i podkastar som «Forklart» og «Oppdatert», fortel Tuva Todnem Lund om korleis ho held seg oppdatert.

– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?

Omslag: J.M. Stenersens forlag

– Eg sit mykje og ser ut av vindauget, og dagdrøymer. Eg elskar å følgje med på folk som går forbi, og elskar å fantasere om kor dei er på veg og kva historiene deira er.

Om ho skal tilrå alle å lese éi bok, så er det Insektenes planet av Anne Sverdrup-Thygeson.

 Ei fantastisk, underhaldande bok, som gjev insekta den merksemda dei fortener. Insekta er sjølve tannhjula som får verda til å gå rundt. Utan dei hadde dyra og menneska døydd. Det skulle fleire vore klar over!

Ville inviterte Kari Jaquesson, Charter-Svein og Kim Jong-un på harde fakta

Kva person  levande eller daud  ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Eg ville valt ein levande person, daude personar får eg ikkje noko ut av. Ville invitert nokon eg var skikkeleg ueinig med, som Kari Jaquesson, Charter-Svein eller Kim Jong-un. Desse hadde alle gjeve meg ei utfordring, svarar Todnem Lund og legg til:

På menyen hadde det stått harde fakta og sterke historier, kanskje noko statistikk.

Middagsgjestene Tuva Todnem Lund kunne tenkt seg er anten Charter-Svein Østvik, Kim Jong-un eller Kari Jaquesson. Foto: driver Photographer/Flickr/CC BY-SA 2.0, Vidar Ruud / NTB, Stian Lysberg Solum / NTB. Kollasj: Framtida.no

Om Tuva Todnem Lund hadde vakna opp til si draumenyheit i morgon, så hadde overskrifta vore: «Pandemien er over!»

Har trua på dagens unge

Den påtroppande NSO-leiaren har fleire saker som ligg nært hjartet, og kampen mot urettferd og for at alle skal ha like mogelegheiter er viktig for ho.

– Dersom vi skal kunne løyse morgondagens pandemiar, klimakrise, konfliktar, befolkningsvekst og ressursmanglar, må vi basere oss på kunnskap, som samfunn, konstaterer Todnem Lund, som meiner tverrfagleg forsking vert viktig om vi skal tileigne oss kunnskapen som vert nødvendig i framtida.

Den påtroppande NSO-leiaren brenn for å auke studiestøtta, slik at studentar kan bruke tida og energien sin på studia, og ikkje vere avhengige av deltidsjobb.

Når ho ikkje har permisjon for å vere verv-engasjert på fulltid, studerer Tuva Todnem Lund til å verte lektor. Ei av hjartesakene hennar er difor òg å ha heilskap i utdanninga:

– Elevar og studentar må lære å tileigne seg kunnskap, ikkje reprodusere han.

Samstundes fortel ho at ho lenge har vore oppteken av globale problemstillingar som tilgang på medisinsk utstyr, ressurskonfliktar, arbeidsrettar og klimakrisa.

– Eg har trua på at min generasjon vil løyse mange av desse.

Fem kjappe: 

HUND ELLER KATT? Hund. Foto: Alvan Nee, Manja Vitolic, Unsplash.com

NEW YORK ELLER HYTTETUR? Hyttetur, utan tvil! Foto: Dan Calderwood/Luke Stackpoole, Unsplash.com

TACO ELLER PIZZA?
Taco. Foto: Miguel Andrade/ Krisztian Tabori, Unsplash.com

HARRY POTTER ELLER HUNGER GAMES? Hunger Games.

BEYONCÉ ELLER HELLBILLIES? Hellbillies.

Tuva Todnem Lund

Frå: Horten

Alder: 25 år

Yrke/utdanning: Går eigentleg lektorutdanning i realfag, men er no på veg inn i permisjonsår nummer to. 

Favorittfag på skulen: Naturfag. Det inneheld eigentleg nesten alt vi treng, om korleis varda er bygd opp og naturen fungerer.