Maria Westerfjell Grensemo (24) er den første sørsamiske leiaren av Noereh

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vil vere ein inkluderande og strukturert leiar. Sistnenmde må eg nok jobbe litt med, medgjev Maria Westerfjell Grensemo (24) i ein e-post til Framtida.no.

I helga vart 24-åringen frå Oslo vald til den første sørsamiske leiaren i den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh.

Den nye Noereh-leiaren trekker fram den sørsamiske føregangskvinna Elsa Laula Renberg og den amerikanske antropologen Margaret Mead som sine førebilete.

– Dei er begge to sterke pionerar som var meget dyktige på sine felt, understrekar Westerfjell Grensemo, som sjølv studerer sosialantropologi.

Amerikanske Margareth Mead vakte oppsikt då ho fremma synet om at kjønnsroller var kulturelt framfor biologisk gitt, medan Elsa Laula Renberg var ei føregangskvinne for samiske rettar. Foto: Smithsonian Institution og Saemien Sijtes fotoarkiv

Diskriminering og psykisk helse

Dei tre viktigaste sakene for Noereh i 2021 er ifølgje den nye leiaren klima og miljø, psykisk helse og rasisme og fordommar.

– Samar kan vise stoltheit over sin samiske identitet meir enn nokosinne, likevel møter ein framleis på store påkjenningar, som hets, krenkingar og ukunne.

Westerfjell Grensemo peikar på forskingsprosjektet Mihá som viser at tre av fire unge samar har opplevd diskriminering mellom anna på bakgrunn av etnisitet, kjønn og bustad.

Ho meiner difor at det er naturleg å fokusera på psykisk helse.

– Ein er som minoritet mykje meir utsett for ei dårlegare psykisk helse, noko som ikkje alltid er så lett å løyse. Det er eit komplekst tema. Det er difor viktig for Noereh at det vert teke på alvor.

Sápmi og det grøne skiftet

– Innan klima og miljø er det naturleg at dei som lever i pakt med naturen merkar klimaendringane først. Det får også store følgjer for dei som er avhengige av at naturen og klimaet er i balanse. Spesielt for reindriftsutøvarar og fiskarar.

Statsminister Erna Solberg og dåverande landbruks- og matminister Jon Georg Dale besøkjer reindriftssamar i Finnmark i april 2018. Foto: Kaja Schill Godager/Landbruks- og matdepartementet

Vidare peikar den nye Noereh-leiaren på at nokre samiske saker står i konflikt med det grøne skiftet.

– Arealinngrepa er mange i Sápmi. Kampen om ressursar og naturområde er stadig truga av inngrep frå mange ulike aktørar, som vindkraft og gruvedrift, som utgjer store konsekvensar for natur, dyreliv og samar sitt levebrød.

Om ho skulle vakna opp til si drøymenyheit i morgon hadde det vore: «Reindriftsnæringen skal nå på alvor bli tatt bedre vare på!»

– Alt for mange reindriftsutøvarar står overfor vanskelege saker, spesielt når det skal byggjast så mykje ut i naturen. Det øydelegg for beiteområde, natur og dyreliv.

Duodji og jazz-dans

Westerfjell Grensemo vart rekruttert til Noereh av ein god ven, både for det sosiale og at ho hadde lyst å engasjera seg.

– Eg hadde nok ikkje våga å vere med om eg ikkje hadde kjent nokon i organisasjonen før eg blei med. Difor trur eg det er viktig å halda fram å skapa trygge og inkluderande arenaar kor det skal vere lett for unge samar å delta og engasjere seg, skriv 24-åringen, og legg til:

– Noereh er for meg kjempeviktig fordi den representerer den unge samiske stemma.

– Kva gjer du på fritida/hobbyar?

– På fritida sit eg på Handwerk i Botanisk hage, eller oppe på utsiktsplassen på Årvollåsen, og drikk kaffi med venene mine. Eg går på jazz-dans og har også blitt veldig glad i å sy. Det går mest i samisk handverk. Eg prøvar å snappa opp litt tips og triks frå kompetente duodji-utøvarar i familien. Eg er interessert i å lære meg alt, skriv Westerfjell Grensemo, som framleis har mykje å læra.

Veaskoe, eller veska, er laga av eit gammelt skjørt Westerfjell Grensemo har kjøpt på UFF. Foto: Privat

– Det er veldig fascinerande kor lang tid det tek å laga nesten kva som helst av samisk handverk. Det er ei tålmodsprøve.

Baarkaldahke er ein sør-samisk hårpynt ein gjerne festar til flettene. Her er den ikkje heilt ferdig. Foto: Privat

Korona og oldefar

Den største tidstjuven i kvardagen til den nye Noereh-leiaren meiner ho er korona.

– Eg har lært mykje fint av pandemien me står i no, også. Men no får det halde! Koronapandemien har vist meg kor mykje ein dag, veke, månad og år har å seie for eit ungt liv. Det er så mykje ein skal læra, feila på og oppleva når ein er eit ungt menneske. Det er mange erfaringar ein skal gjere seg, og det går ein på ein måte glipp av no.

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Eg ville invitert min maadteraajja (oldefar) Nils Johan Kappfjell. Han var ein tydeleg sør-samisk politikar, som var flink til å lytta til folk. Og for mange har han vore eit førebilete. Det hadde vore lærerikt å høyre kva han tenkjer om politikk og kva løysingar han tenkte var gode.

– Eg trur eg ville servert eigenfiska, fersk, steikt aure. Gjerne etter ein lang dag ute, for då smakar maten ekstra godt!

Erlend Loe på eitt hjul

Noereh-leiaren høyrer på podkastar medan ho går lange turar med hunden, og anbefalar podkasten I Elsa Laulas fotspor. I tillegg meiner ho alle burde lesa Doppler av Erlend Loe, fordi ho synest boka har ein sprø og herleg humor, er lettlesen og inspirer til å lese meir.

– Den minner oss også på å roe ned i kvardagen, no i ei verd kor alt går så fort. Eg har også sett Erlend Loe ein gang med einhjuls-sykkelen sin. Det minner meg på at ein må prøva å læra nye ting, og ikkje vere redd for kva andre tenkjer. 

– Kva er idealsamfunnet?

– Eit samfunn kor ein godtek kvarandre meir, og har større respekt og anerkjenner at folk er forskjellige og lever forskjellige liv.

 

Fem kjappe:

 

HUND ELLER KATT? Hund. Foto: Alvan Nee, Manja Vitolic, Unsplash.com

NEW YORK ELLER HYTTETUR? Hyttetur. Foto: Dan Calderwood/Luke Stackpoole, Unsplash.com

TACO ELLER PIZZA? Taco. Foto: Miguel Andrade/ Krisztian Tabori, Unsplash.com

HARRY POTTER ELLER BEYONCÉ? Harry Potter. Foto: Murray Close

BEYONCÉ ELLER HELLBILLIES? Beyoncé.

Fakta

  • Frå: Oslo
  • Alder: 24 – snart 25
  • Yrke/utdanning: Sosialantropologistudent
  • Favorittfag på skulen: Politisk antropologi
  • Ulike verv: Kun Noereh i denne omgang
  • Medlem i: Saemien Studeenth Oslovisnie (samisk studentforening Oslo), Latin-Amerikagruppene og Natur og ungdom