I Afrika er berre 4,8 prosent fullvaksinerte – Changemaker ber Noreg sikre vaksinar

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 30.11.2021 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Naja Amanda Lynge Møretrø er leiar i Changemaker. Foto: Changemaker

– Det burde vere ei sjølvfølgje for eit land som Noreg, som har kome langt i vaksineringsprogrammet vårt og sett den positive effekten av det, at vi jobbar for at resten av verda får same mogelegheit som oss.

Det seier Changemaker-leiar Naja Amanda Lynge Møretrø i ei pressemelding til Framtida.no. 

Noreg har tidlegare fått krass kritikk frå både Amnestey Internasjonal og Leger Uten Grenser for å blokkere patentunntaket, saman med fleire EU-land, Sveits og Storbritannia.

Noreg i patent-råd

Sidan mars 2021 har Noreg vore leiar av TRIPS-rådet i Verdens handelsorganisasjon. TRIPS-avtalen er ei internasjonal avtale som vernar om immaterielle rettar, og omfattar mellom anna vern av opphavsrett og patentar.

Når TRIPS-rådet no møtest 13. og 14. oktober, håpar Changemaker at Noreg brukar rolla si i rådet til å sikre eit mellombels unntak frå patentreglane, slik at fleire kan få produsere koronavaksinar.

– At fleire land kan produsere vaksinar vil ha ei stor positiv effekt på den globale helsesituasjonen, spesielt for dei fattigaste landa som i dag har dårleg tilgang på vaksinar, seier Møretrø.

91 prosent mot 2,5 prosent

I Noreg har 91 prosent av den myndige befolkninga motteke første vaksinedose, medan 85,9 prosent også har fått dose to. Vaksinasjonsgraden er betydeleg lågare hjå mindre rike land.

I låginntektsland har berre 2,5 prosent av befolkninga fått tilbod om første vaksinedose. På heile det afrikanske kontinentet er berre 4,84 prosent av befolkninga fullvaksinerte.

Changemaker-leiaren meiner eit mellombels unntak i patentreglane handlar om internasjonal solidaritet, og vil gje positive ringverknadar for heile verdssamfunnet.

– Eg kan ikkje sjå eit einaste argument som er godt nok for at Noreg skal la vere å kjempe for dette, seier Møretrø.

Over 100 land støttar unntaket

For eitt år sidan fremja Sør-Afrika og India eit første forslag om eit mellombels TRIPS-unntak for å møte koronapandemien. Over 100 land støttar det reviderte forslaget.

I mai annonserte også USA at dei ville støtte eit unntak frå TRIPS-avtalen for sjølve koronavaksinen.

– Dette er ei globale helsekrise, og dei ekstraordinære omstenda i Covid 19-pandemien krev ekstraordinære tiltak, uttala USA sin handelsrepresentant Katherine Tai då.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide H). Foto: Asgeir Spange Brekke, FD/UD

I eit skrifteleg svar til Audun Lysbakken (SV) i mai sa utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) at det opphavelege forslaget frå Sør-Afrika og India var for vidtgåande:

– Noreg fryktar at forslaget i verste fall kunne verke mot sitt formål fordi vi risikerer redusert forsking på og utvikling av legemiddel og medisinsk utstyr dersom insentiva vert svekka, svara Søreide då og poengterte at Noreg arbeidde aktivt for å finne ei løsying.

I seinare tid har òg Russland og Kina stilt seg bak forslaget frå India og Sør-Afrika. Noko gjennomslag har likevel lete vente på seg.

Leger Uten Grenser: – Forventar at Noreg støttar patentfritak

Leger Uten Grenser i Noreg har tidlegare fordømt åtferda til Noreg i patentsaka, og hevdar Noreg brukar ein forseinkingstaktikk for å blokkere forslaget.

– Leger Uten Grenser forventar at Noreg kjem tydeleg ut og støttar patentfritaket på vaksinar, og at dei brukar rolla si i TRIPS-rådet aktivt for å fremje dette, sa lege Erlend Grønningen, feltarbeider i Leger Uten Grenser, til Nettavisen i juni.

No har organisasjonen starta eit opprop, som til no har over 8000 underskrifter, for å krevje at Noreg bidreg til omfordeling av vaksinedosar og støttar forslaget om å fjerne patenten.

– Det er mange sterke interesser inne i bilete og store pengar i spel, men no er det viktigare ting som må trumfe dette, seier Changemaker-leiar Naja Amanda Lynge Møretrø og avsluttar: 

–  Folk sitt liv og hele kan ikkje vike for økonomiske interesser. Dette viser i fullt alvor kva konsekvensar skeive globale makstrukturar har.


  • Les også intervjuet med Marta (25), som reagerer på at rike land kjøper seg fram i vaksinekøen: – Me er alle menneske

Marta Mahumane (25) studerer biologi i Maputo, hovudstaden i Mosambik. Foto: Privat