Ungdomsorganisasjonane trillar terning på regjeringsplattforma

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 20.10.2021 13:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag la Hurdals-kameratane Jonas Gahr Støre (Ap) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp) fram politikken dei har blitt samde om.

Vi har bede ei rekkje ungdomsorganisasjonar trille terning på korleis regjeringsplattforma leverer på deira felt.

?️‍? Skeiv Ungdom – likestilling og skeive rettar

Største styrken: forbod mot konverteringsterapi, handlingsplan for LHBT, skal jobbast med ei samtykkelov.

– Vi vert veldig nøgde med at det blir lova eit forbod mot konverteringsterapi, men vi saknar at det blir nemnt at det må vere eit totalforbod, skriv Skeiv Ungdom-leiar Odd Thomassen på e-post til Framtida.no.

Skeiv Ungdom synest det er fint at ein ny handlingsplan på LHBT-området skal ta utgangspunkt i levekår, psykisk helse og betre helsetilbod til transpersonar.

– Her kjem vi til å følgje nøye med og vere ein pådrivar for at denne blir god med tiltak som gjeld unge og transpersonar, seier Thomassen.

Dei er også svært nøgde med at det skal jobbast med ei samtykkelov.

Odd Thomassen, leiar i Skeiv Ungdom. Foto: Skeiv Ungdom

Største svakheit: Manglar konkrete tiltak, manglar utgreiing av eit tredje juridisk kjønn, saknar tydelegare fokus på hatkriminalitet.

Thomassen skriv at det blei vedtatt ein handlingsplan i sommar, og at dei heller skulle ha sett konkrete tiltak og ei utgreiing av eit tredje juridisk kjønn i plattforma.

– Vi saknar også eit tydelegare fokus på hatkriminalitet. Slik vi kan sjå, så kan vi ikkje sjå at det er nemnt i handlingsplanen eingong. Det er heller ikkje nemnt noko om kompetansebehovet i skulane knytt til kjønn og seksualitet. Vi veit at kompetansenivået ute i skulane er altfor dårleg!

Samla terningkast på feltet: Svak 3

Grunngjeving:

– Dei har fått med noko, men vi synest at det godt kunne vore tydelegare punkt. Dei har ikkje nemnt noko om 3. juridisk kjønn, noko Støre har sagt at ein skal utgreie. Vidare så står det ingenting om desentraliseringa av behandlingstilboda av personar med kjønnsinkongruens, og til slutt er det ikkje nemnt noko om kompetansenivået på kjønn og seksualitetsmangfald i skulen.


Kvääninuoret (Kvenungdommen) – kvensk

Største styrken: «Sikre at arbeidet med kvensk språk og kultur har gode rammevilkår.»

– Det kvenske språket blir nemnt i eitt punkt i den nye regjeringsplattforma:
«Sikre at arbeidet med kvensk språk og kultur har gode rammevilkår.» Ei setning som sjølvsagt høyrest bra ut i seg sjølv, skriv Åsne Kummeneje Mellem, leiar av Kvääninuoret – Kvenungdommen på e-post til Framtida.no.

Styreleiar i Kvääninuoret – Kvenungdommen Åsne Kummeneje Mellem. Foto: Åsne Kummeneje Mellem

Største svakheit: Kvensk berre nemnt i eitt punkt.

– At det kvenske berre blir nemnt i eitt punkt. Flere av dei nasjonale minoritetane er heller ikkje nemnt i det heile tatt i planen. Ei heller «nasjonale minoritetar» generelt.

Samla terningkast på feltet: 1

Grunngjeving:

– Den eine setninga som nemner kvenske rammevilkår er berre ein omformulert versjon av setninga ein finn i Arbeiderpartiet sitt politiske program. Vi meiner dette er eit for tynt fokus på nasjonale minoritetar generelt. Blir vi nemnt berre for å bli nemnt?

– Forslag til statsbudsjettet viste også berre ein indeksauke i satsinga mot nasjonale minoritetar, legg Åsne Kummeneje Mellem til.


✏️ Norsk Målungdom – nynorsk

Største styrken: Nynorskklasser på ungdomstrinnet, læremiddel på eige skriftspråk, løfting av norsk språk i høgare utdanning og forsking.

– Det er fleire ting som gjer at eg ser lyst på Hurdalsplattforma. Vi skal få lovfesting av retten til nynorskelevar i språkdelte område til å halde fram i eigne nynorskklasser på ungdomstrinnet, sikring av læremiddel på eige skriftspråk og løfting av norsk språk i høgare utdanning og forsking, skriv leiar i Norsk Målungdom Frida Pernille Mikkelsen på e-post til Framtida.no.

Ho legg til at plattforma også slår fast at dei vil føre ein aktiv språkpolitikk som gjer at norsk eller samisk held fram med å vere det føretrekte språket i alle delar av norsk samfunnsliv.

– Så er jo også ein god del av plattforma skrive på nynorsk, det er eit godt signal!

– Ein liten ekstrabonus er det også at barne- og ungdomsorganisasjonar skal få meir å rutte med.

Frida Pernille Mikkelsen er leiar i Norsk Målungdom. Foto: Rebekka Hovland, Norsk Målungdom

Største svakheit: Digitale læremidde ikkje nemnt, trengst tiltak for norsk i akademia.

– Eg skulle ønskje at digitale læremiddel blei nemnt, men vi får gå ut frå at læremiddelsetninga handlar om dette også. I høgare utdanning og akademia treng vi sterke tiltak for at norsk språk skal bli løfta. Utviklinga i sektoren går raskt mot engelsk. Her treng vi meir enn ein tanke om løfting, vi treng faktiske tiltak. Det hadde vore rom i plattforma for meir kjøt på beinet her.

Mikkelsen meiner det trengst eit megaløft for nynorsken i høgare utdanning og forsking.

– Så er det ofte sånn at når ein seier ein skal løfte norsk, så blir det i realiteten berre bokmål som blir løfta.

Samla terningkast på feltet: 5

Grunngjeving:

– Ein litt usikker femmar. Vi kryssar fingrane, og kjem til å jobbe hardt, for at dei lovande orda blir storslått språk- og nynorskpolitikk i åra som kjem!


? Elevorganisasjonen – Skule

Største styrken: Eksamen-revurdering og stipendauke.

Elevorganisasjonen gler seg over at regjeringa vil vurdere andre vurderingsformer enn eksamen, samt styrke stipenda. 

– Dette er to viktige sigrar for elevrørsla, og vi har jo jobba mot eksamen sidan 60-talet, fortel leiar Edvard Botterli Udnæs på e-post til Framtida.no. 

Påtroppande leiar i Elevorganisasjonen Edvard Botterli Udnæs. Foto: Elev.no

Svakheiter: Yrkesfagpolitikken.

Samstundes saknar elevleiaren ein meir aktiv yrkesfagpolitikk i Hurdalsplattforma. 

– Punkta som står i plattforma er ikkje dårlege, men vi hadde forventa eit høgare ambisjonsnivå utfrå det vi høyrde i valkampen. 

Samla terningkast: 4

Grunngjeving: 

– Det er lite i plattforma vi er direkte mot, og ganske mykje vi er for! Vi skulle derimot ønske eit høgare ambisjonsnivå på mange av kampsakene våre, og tydelegare formuleringar, fortel Elevorganisasjon-leiaren og legg humoristisk til:

– Men vi er sikre på at regjeringa snart vil skjøne at dei eigentleg har formulert våre kampsaker med litt andre ord enn oss. 


? SAIH – Utdanning og akademisk fridom internasjonalt 

Største styrken: Menneskerett- og demokratifokus, og nei til profittløysingar. 

– Vi har jobba lenge for at Noreg skal fase ut kommersielle aktørar frå norsk utdanningsbistand. Vi er difor svært glade for at Hurdalsplattforma er tydeleg på at norsk bistand skal fremje inkluderande utdanning, og ikkje profittstyrte løysingar, seier SAIH-leiar Hector Ulloa. 

Samstundes trekker organisasjonen fram at ulikskap står høgt på agendaen og at kampen for menneskerettar og demokrati vert prioritert, noko dei tykkjer er positivt. 

– Plattforma er også tydeleg på å nedkjempe forfølging og diskriminering av menneske basert på seksuell orientering. 

Hector Ulloa er leiar i Studentenes og Akademikerenes Internasjonale Hjelpefond. Foto: SAIH

Største svakheit: Manglande utdanningsfokus i utviklingspolitikken og anerkjenning av studentaktivistar.

Innanfor utviklingpolitikken i den nye plattforma er det seks hovudsatsingar, men SAIH saknar utdanningsfokuset.  

– Dersom vi skal gjere noko med dei enorme ulikskapane som har vorte forsterka av pandemien så treng vi ei storsatsing på utdanning, og særleg høgare utdanning, internasjonalt. 

SAIH-leiren peikar på at verda har gått i ei meir autoritær retning dei siste åra, og meiner vi difor treng meir støtte til sosiale rørsler som kjempar for endring – i tillegg til menneskerett- og demokratiløftet. 

– Vi saknar også at studentaktivistar vert anerkjende som menneskerettsforsvarar – dette er eit viktig mål for oss. 

Samla terningkast på feltet: 4. 

Grunngjeving:

– Dette er eit godt utgangspunkt, sjølv om vi saknar at høgare utdanning og forsking internasjonalt vert tydelegare løfta fram, forklarar SAIH-leiar Hector Ulloa. 


Natur og Ungdom – klima og natur

Største styrken: Auka klimamål for 2030 opp til 55 prosent av Noregs eigne utslepp. 

Natur og Ungdom-leiar Therese Hugstmyr Woie gler seg over at den nye regjeringsplattforma aukar klimamålsetjingane i tråd med skulestreikarane sitt krav. 

– Det er bra, men det må veldig mange fleire tiltak til for å nå det målet enn det som vart presentert i regjeringsplattforma, seier ho. 

Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/NU

Største svakheit: Kompensasjon for auka CO2-avgift. 

I statsbudsjettforslaget den avgåande regjeringa la fram tysdag, var CO2-avgifta auka betrakteleg. Arbeidarpartiet og Senterpartiet har tidlegare uttala at dei ynskjer å skjerme bensin og diesel frå avgiftsauken, noko dei òg legg til rette for i Hurdalsplattforma. 

– Her viser Ap og Sp at dei ikkje er modige nok til å ta dei upopulære vala som må til for at ein i det heile teke skal ha ein sjanse til å nå klimamåla. 

Samla terningkast: 3

Grunngjeving:

– Dei har gjeve oss litt småting som er betre enn Høgre-regjeringa, men dei tek ingen oppgjer med dei store utsleppskjeldene eller kjeldene til naturtap. Det viser ikkje den modigheita vi treng frå den første regjeringa som skal få norske utslepp redusert mer enn eit par prosent, fortel NU-leiaren. 


? NSO – studentpolitikk

Største styrken: Styrkje psykisk helsetilbod for unge og studentar.

– Det er veldig bra at det har kome inn i plattforma at det psykiske helsetilbodet for unge skal styrkast! Vi er også veldig fornøgde med at det er spesifisert at dette skal vere eit fokus også blant studentar, ved å styrke tilbodet i kommunane og gjennom samskipnadane, seier leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO) Tuva Todnem Lund.

Ho poengterer at det er viktig å hjelpe studentar med psykiske utfordringar tidleg, for å ta tak i problema før dei utviklar seg.

– Det er viktig at helsetilbodet er tilgjengeleg for dei som treng det, når ein treng det.

Leiar av Norsk studentorganisasjon Tuva Todnem Lund. Foto: Skjalg Bøhmer Vold/ NSO.

Største svakheit: Ikkje auka studiestøtte.

– I plattforma står det at dei skal gjennomgå studiestøtta. Det held ikkje, dagens studentar treng at ho blir auka, og neste års studentar treng at ho blir knytt til grunnbeløpet i folketrygda, slik at ho blir justert etter pris og lønsvekst.

Lund seier at dei må auke studiestøtta med mål om 1,5 G, noko som tilsvarar kring 160.000 kroner i året.

– Dersom Senterpartiet og Arbeiderpartiet meiner alvor med å «auke studiestøtta» og å «auke studentane si kjøpekraft» må dei vise det ved å faktisk auke studiestøtta når dei kjem med sitt budsjett seinare i haust.

Samla terningkast: 3

Grunngjeving:

– Vi har fått nokre gjennomslag, og noterer oss absolutt gode ting i plattforma, som styrking av psykisk helsetilbod, betring av rettar for studentar med barn, mål om å byggje 3000 studentbustader og bevaring av gratisprinsippet, forklarar NSO-leiaren.

Samstundes opplever organisasjonen at plattforma ikkje er ambisiøs nok, og dei saknar fokus på kvalitet i utdanning, oppgradering av studentbustader og kvar partia vil med studiestøtta.

– Det er håp, og vi har framleis enorme forventingar!


? Spire: Miljøpolitikk

Største styrken: Tilrettelegging for karbonlagring og auka CO2-avgift, arbeide mot svolt og manglande matsikkerheit, samt nullutsleppsmål i Statens Pensjonsfond Utland.   

– Den nye regjeringsplattforma inneheld nokre positive tiltak for klima, som tilrettelegging for karbonlagring i skog, auka CO2-avgift og eit løfte om at dette skal gjerast rettferdig, skriv leiar i Spire, Julie Rødje, på e-post til Framtida.no.

Ho er òg glad for at Hurdalsplattforma lovar viktige prioriteringar innanfor utviklingspolitikken, som klima, landbruk og matsikkerheit. 

– Svolt og manglande matsikkerheit er eit aukande problem som råkar dei fattigaste hardast, og det er difor svært gledeleg at dette arbeidet vil styrkjast framover, seier Spire-leiaren.

Samstundes meiner Rødje det er positivt at regjeringa legg opp til eit nullutsleppsmål i Oljefondet, og at plattforma påpeiker at handelsavtalar må sikre grunnleggjande standardar, miljø, menneske- og arbeidsrettar. 

– Dette er igjen riktige og viktige mål som vil kunne ha stor betyding for heilskapen i politikkføringa framover.

Spire-leiar Julie Rødje. Foto: Spire

Største svakheit: Petroleumspolitikken og vage tiltak.

Endå løfta om å arbeide mot svolt og manglande matsikkerheit er noko Spire gler seg over, er leiaren uroa over at dei føreslegne tiltaka er svake.

Samstundes meiner Rødje ein rettferdig klimapolitikk er uforeineleg med petroleumspolitikken Ap og Sp vil føre, og ønsket om å halde fram med å gje ut leitelisensar etter meir olje. 

– Det vitnar om at dei ikkje forstår alvoret av klimakrisa og kva ansvar Noreg som ein rik oljenasjon har for konsekvensane av krisa. Vi saknar også eit taktskifte innan natur, men dessverre opnar regjeringsplattforma for å gjere det enklare å byggje ned norsk natur.

Samla terningkast: 3 (miljøpolitikk) og 4 (utviklingspolitikk)

Grunngjeving:

– Samla er dette svært skuffande av ei regjering i 2021 – året vi har fått meir ekstremvêr og ein tydeleg beskjed frå FN om kode raud for miljøet, forklarar Rødje om miljøprioriteringane i Hurdalsplattforma. 

Plattforma sin utviklingspolitikk får derimot ei litt høgare vurdering:

– Kombinasjonen av gode ambisjonar og utydelege vegar til målet gjer at vi landar på terninkast 4.


Press – Redd Barna Ungdom – barn og unge sine rettar

Største styrken: Fokus på barn og unge med funksjonsnedsetjingar, BPA-fokus.

Press – Redd Barna Ungdom meiner fokuset på barn og unge med funksjonsnedsetjingar er ein styrkje i plattforma.

– Den største sigeren er at FNs konvensjon for rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD) skal inkorporerast i norsk lov, skriv 1. nestleiar i Press Isaac Elstad Røssnes.

Han fortel vidare at dei synest det er positivt at brukarstyrt personleg assistanse (BPA) blir fremja som eit viktig verktøy for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta i samfunnet på lik linje med resten av befolkninga.

– Fokuset på at barn skal kunne delta i fritidsaktivitetar uansett funksjonsnivå meiner vi i Press er veldig positivt, men vi skulle gjerne sett fleire spesifikke tiltak for å realisere dette.

Press er glad for at kontantstøtteordninga skal avviklast for barn mellom 18 og 24 månader, men håpa at ordninga skulle bli avvikla for alle barn. Isaac Elstad Røssnes er 1.nestleiar i Press – Redd Barna Ungdom. Foto: Privat.

Største svakheit: Barnetrygda ikkje nemt, ikkje gjort meir for å betre situasjonen til barn uavhegig av opphaldsstatus.

– Den absolutt største mangelen i plattforma som Press er utruleg skuffa over er at barnetrygda ikkje blir nemnt. Barnetrygda er den enkeltstøtta som har aller størst betyding for å redusere fattigdom blant barnefamiliar.

Press trekker vidare fram at det er positivit at barnets beste skal vere eit grunnleggjende omsyn i asylsøkjarprosessar, men skulle ønskje det blei gjort meir for å betre barnets situasjon uavhengig av deira opphaldsstatus.

– Då er ein nøydd til å få inn eit punkt om asylbarna sin rett til utdanning. Press meiner difor at plattforma må utarbeidast vidare for å måle seg med våre krav.

Samla terningkast for feltet: 4

Grunngjeving:

– Plattforma er generelt prega av at Arbeiderpartiet og Senterpartiet har vore nøydde til å inngå kompromiss seg imellom.

Isaac Elstad Røssnes peikar på at politikken ofte er vag og manglar spesifikke tiltak for å oppnå desse måla, og løftar skulehelsetenesta som døme.

– Fokuset i plattforma på å styrke skulehelsetjenesta er veldig viktig, men det må kombinerast med eit oppdatert normtal til éin helsesjukepleiar per 300. elev.

– Sånn plattforma er presentert no får ho terningkast 4, men Press har trua på at politikken kan oppnå terningkast 5 med hjelp frå SV og andre parti som kjempar for barns rettar. Press skal også stå på sidelinja og hjelpe den nye regjeringa på veg.


Synnøve Kronen Snyen (t.v.) i Sosialistisk Ungdom, Alberte Tennøe Bekkhus i Raud Ungdom og Torleik Svelle i Senterungdommen. Foto: SU/Ihne Pedersen/Senterungdommen.