Den nye leiaren i Kvääninuoret – Kvenungdommen har eitt boktips: – Den burde alle lese, så alle visste kva kvenane var

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiaren i Kvääninuoret har eitt boktips: – Den burde alle lese, så alle visste kva kvenane var

– Mi aller største hjartesak er å vise fram det kvenske visuelt. Det å ha på seg noko som viser fram det kvenske og senke terskelen for å bruke det til noko positivt for deg sjølv og andre.

Det seier Åsne Kummeneje Mellem på telefon til Framtida.no.

Ho har allereie gjort ein solid jobb for å visa fram det kvenske visuelt gjennom fotoprosjektet Kven er kven?, som viser fram den moderne kvenske identiteten.

Tidlegare i år tok 25-åringen frå Tromsø over som leiar i Kvääninuoret – Kvenungdommen etter Nora Marie Ollila.

Kampen om språket og driftsmidlane

Kvääninuoret – Kvenungdommen er ungdomsorganisasjonen til Ruijan Kvääniliitto – Norske Kveners Forbund. Dei viktigaste sakene for organisasjonen anno 2021 er å senke terskelen for å verte ein del av det kvenske miljøet, bevare språket og sikre driftsmidlar til Kvenungdommen.

– Det handar om at mindre organisasjonar, spesielt nasjonale minoritetar sine ungdomsorganisasjonar fell mellom alle stolar. Det er vår fanesak, forklarar Kummeneje Mellem.

Framtida.no skreiv i november om at Kvenungdommen ikkje fekk driftsmidlar frå Troms og Finnmark fylkeskommune.

Førre veke fekk organisasjonen kvensk språkpris.

– Det gjev ein del forventningar. Me må bevare språket og dra det med inn i framtida, seier Kummeneje Mellem.

Færre kvenskelevar

Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at talet på elevar med kvensk eller finsk i grunnskulen har gått jamt nedover frå 1057 i 2003/2004 til 443 i inneverande skuleår.

Kummeneje Mellem forklarar at det skjuler seg endå dystrare kvensktal bak denne statistikken.

– Skuleverket kan tilby anten kvensk eller finsk. Det kvenske går ned og det finske opp. Eg ville ha kvensk på barneskulen, men fekk finsk, forklarar Kummeneje Mellem.

Ho meiner det er viktig er å gjere det kvenske språket og kulturen attraktivt.

– Kampen må ikkje stå i stova hjå foreldra, men heller høgare opp i systemet, seier 25-åringen.

Ho meiner stipend til lærarar som studerer kvensk, samt sikre jobbutsikter framfor engasjement, er saker som kan gjera det meir attraktivt å verte kvensklærar.

Åsne Kummeneje Mellem (25) er fotograf og har jakta på den kvenske identiteten i fotoprosjektet «Kven er kven?». Foto: Åsne Kummeneje Mellem

Bestemoridol

Åsne Kummeneje Mellem meiner òg sosiale medium og møter er viktige for å ta det kvenske språket med vidare.

– Eg har eit veldig sterkt mål om å vere ein imøtekommande leiar, både innan organisasjonen, men òg overfor andre institusjonar og samarbeidspartnarar, seier Kummeneje Mellem, som meiner det er viktig å gje eit positivt inntrykk av det kvenske.

Ho trekker fram både sin forgjengar i Kvenungdommen, Nora Marie Ollila og bestemor Reidun Mellem, som inspirasjonskjelder.

– Ho har stått støtt i kvensaka i fleire tiår og har ei veldig sterk røyst, så ho er absolutt eit førebilete, seier Kummeneje Mellem om bestemora.

Kven frå morgon til kveld

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Det er potensialet eg ser i kvenkulturen. Det er eit fantastisk grunnlag kulturelt og historisk, men det er mykje som kan og må gjerast for å fremme og vidareutvikle det. Det er difor eg er med på det her.

For 25-åringen som har flytta heim til Tromsø er det no kvensak frå ho står opp til ho legg seg.

– Om eg absolutt må gjere noko anna så er det å ta det heilt med ro, eller ut i naturen, seier Kummeneje Mellem.

– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?

– Telefonen. Definitivt. Det er vel eit svar som fleire gjev. Det er scrolling i tide og utide på Instagram og eitt og anna teit mobilspel som ikkje gjev meg noko, medgjev ho.

Skalleband er ein del av den kvenske kulturarven. Foto: «Kven er kven?»

Pizza mot polarisering

Å velje ut ein person – levande eller daud – som ho ville invitert på middag er ikkje lett, men etter å ha tenkt seg om finn Kummeneje Mellem ut at ho vil invitera Bjørnar Seppola i Kvenlandsforbundet.

– Eg trur kunne hatt veldig mange spennande samtalar om det kvenske både no og før. Dessutan har han ei spennande samling av skalleband eg gjerne vil sjå, seier Kummeneje Mellem.

På menyen skulle det enkelt og greitt vore ein god pizza.

– Fleire i dei ulike kvenmiljøa burde møtast og ete middag. Det er mykje ulike meiningar og polarisering, så me kunne hatt godt av fleire fellesmiddagar, legg ho til.

Tunge rapportar og tjukk bok

Telefonen til Kummeneje Mellem er både den største tidstjuven, men òg den måten 25-åringen held seg oppdatert på. Stort sett går det i NRK og informasjon frå Folkehelseinstituttet sine nettsider, FHI.no.

– Eg likar òg å snakke med dei eg har rundt meg i det kvenske miljøet for å verte oppdatert på alle rapportane eg ikkje orkar å lese. Då får eg ei oppsummering, for det er veldig mykje rapportar som er veldig tunge, tipsar Kummeneje Mellem, som òg følgjer med på andre kvenske tidsskrift og liknande via Instagram.

– Kva bok burde alle lese?

– Det må vere Kvenene – et folk ved ishavet, den blei gitt ut på norsk i fjor. Den er skriven av Samuli Paulaharju, som reiste i Nord-Noreg på 1920-talet og skildrar det kvenske miljøet som var. Det er veldig gode tekstar frå nyare historikarar som set det inn i ein kontekst, det er fine historier, fine bilete og ho er tjukk og god å ha i bokhylla. Den burde alle lese, så alle visste kva kvenane var.

Den kvenske stemma

Skulle 25-åringen vakna opp til si draumeoverskrift hadde det stått; «Faste midlar til kvensaka» i landsdekkjande medier. Og det skulle dreia seg om mange millionar kroner.

– Kva er idealsamfunnet?

– Ut ifrå den kvenske saka så er det at alle i eit samfunn er klar over bevisst på dei nasjonale minoritetane og ser verdien av å løfte det. Å skape meir forståing i storsamfunnet overfor nasjonale minoritetar vil skape meir toleranse og openheit. Mangfald er ei styrke og dei nasjonale minoritetane viser at der har vore mangfald til alle tider. På eit generelt grunnlag er det eit samfunn der ein har ytringsfridom og stemmer vert høyrt – òg den kvenske stemma, avsluttar Kummeneje Mellem.

HUND ELLER KATT? – Katt. Og litt hund, men mest katt. Foto: Alvan Nee, Manja Vitolic, Unsplash.com

NEW YORK ELLER HYTTETUR? – Hyttetur. Foto: Dan Calderwood/Luke Stackpoole, Unsplash.com

TACO ELLER PIZZA?
– Tacopizza? Ja takk begge deler. Foto: Miguel Andrade/ Krisztian Tabori, Unsplash.com

 

HARRY POTTER ELLER BEYONCÉ? – Ringenes Herre, men om eg må velje vert det Harry Potter. Foto: Murray Close

BEYONCÉ ELLER HELBILLIES? Beyoncé


Edvard Botterli Udnæs er påtroppande leiar i Elevorganisasjonen. Foto: Privat

Fakta

  • Frå: Tromsø
  • Alder: 25
  • Yrke/utdanning: Er kunstnar og fullfører ein master i utøvande kunst kunstakademiet Tromsø.
  • Favorittfag på skulen: Kunst og handverk og nynorsk.
  • Ulike verv: Eg er eit vervdyr ut av proposjonar, men siste år har eg berre verv kopla til Kvenungdommen.
  • Medlem i: Norsk husflidslag.