Sophie Elise AS får årets Gullbarbie – føler seg hengt ut

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lea Mariero er leiar i Press – Redd Barna Ungdom. Foto: Press

– Vi meiner millionbedrifta Sophie Elise AS må ta eit større ansvar, gitt den enorme påverknadskrafta influensarbedrifta har på barn og unge.

Det seier leiar i Press – Redd Barna Ungdom, Lea Mariero, i ei pressemelding.

Sophie Elise (26) reagerte på nominasjon

Sophie Elise Isachsen svarar følgjande til VG etter ho vart kjend med tildelinga:

– Å vinna denne prisen er ekstremt ubehageleg. At Redd Barna Ungdom vel å bruke si merkevare, si PR-avdeling og sine interne ressursar på å henge ut meg i media, det slit eg med å forstå.

I januar vart Sophie Elise AS, det sosiale mediet TikTok og kleskjeda Brandy Melville nominert til årets Gullbarbie, som går til den medieaktøren som er best på å få ungdom til å føle seg verst.

No er stemmene talt opp, og Sophie Elise AS vann med heile 72 prosent av stemmene.

Kandidatane vart stemt fram på internett og er vurdert av Press på bakgrunn av kriteriar om einsidige skjønnheitsideal, unødig seksualisering og gamaldagse kjønnsroller.

Då Sophie Elise AS vart nominert la dei vekt på dei to første.

Sophie Elise Isachsen har òg tidlegare gått til motangrep på nominasjonen i VG.

– Det følest også litt underleg at organisasjonen Redd Barna, med alt det flotte dei står for, skal setje meg i ein slik offentleg gapestokk. Eg er ei 26 år gamal jente som prøver å finne min veg i livet, uttala ho til avisa då nominasjonen vart kjent.

Influencar Sophie Elise har mellom anna gitt ut boka «Forbilde» på Cappelen Damm og får kritikk for å ikkje vera det. Klekjeda Brandy Melville får kritikk for å levere lite mangfald i storleikar og etnisitet, medan TikTok får kritikk for innhald som kan skada barn og unge si psykiske helse. Foto: Truls M. Qvale

Kritisk til stemmeprosessen

Sophie Elise Isachsen har òg kritisert Press – Redd Barna Ungdom for å framstilla det som at prisen vert stemt fram av unge, medan dei ikkje har noko moglegheit til å sjekke alderen på dei som har stemt.

Organisasjonen vedgår at det er tilfellet, men har forsvart nominasjonen i ein video på Instagram og i eit innlegg på Framtida sine nettsider.

«Ein kan ikkje velje når ein er privatperson og når ein er bedrift etter når det passar seg. Sophie Elise AS må kunne forsvara reklamane og annonsane som vert presenterte på bedrifta sine kontoar,» skriv Press-leiar Lea Mariero i innlegget.

Med Gullbarbie-prisen, som i år vert delt ut for ellevte gang, ynskjer Press å sette søkjelyset på korleis medie- og reklameaktørar driv kynisk og målretta marknadsføring mot barn og unge.

Ifølgje Mariero har dei freista å kontakte Sophie Elise AS for ein dialog om korleis annonseringa på sosiale medium bør endrast, utan å få svar.

– Ikkje fritekne frå alt ansvar

Mariero meiner debatten rundt årets kampanje har vist kor vanskeleg det er å diskutera marknadsføring av påverkarar.

– Influensarar og millionbedrifter som Sophie Elise AS er ikkje fritekne frå alt ansvar. Influensarmarknadsføring er ein av de raskast veksande formene for marknadsføring, og er også svært effektivt sidan ein nyttar seg av bedrifter med allereie oppbygd tillit, seier Mariero.

Ho meiner det ikkje lenger skal tilstrekkeleg å setja sitt eige namn på bedrifta, for å unngå kritikk.

– Engasjementet årets kampanje har skapt viser at dette er tematikk og samfunnsutfordringar som ikkje blir tatt nok på alvor til vanleg, avsluttar Mariero.


Press-leiar Lea Mariero forklarar kvifor kleskjeden Brandy Melville er nominert til årets Gullbarbie. Foto: Pressefoto, Skjermdump. Kollasj: Framtida.no