Språkdirektøren om nynorskhaldningar i jusutdanninga: – Heilt uakseptabelt

Språkdirektør Åse Wetås meiner Universitetet i Oslo bør ta dårlege nynorskhaldningar blant tilsette på djupaste alvor.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 21.02.2021 21:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Solveig Brunvoll studerer jus hjå Universitetet i Oslo, og reagerer på nynorskhaldningane ho møter i undervisninga. Foto: Privat

– Etter å ha byrja på universitetet har eg opplevd det eg vil kalle eit haldningsproblem med omsyn til nynorsk, skreiv Solveig Brunvoll nyleg i eit meiningsinnlegg først publisert hjå Rett24 og gjengjeve hjå Framtida.no.

Brunvoll reflekterte kring eigne erfaringar frå første året som jusstudent ved Universitetet i Oslo, og skildra ein (u)kultur, der nynorsk vart omsnakka i negative ordelag og løfta fram som tungt og krunglete:

«Som nynorskbrukar ved Det juridiske fakultet i Oslo er det eit tema eg ikkje kjem unna. Kvifor vert nynorsk nytta i juridiske samanhengar sett på som noko unødvendig og ein smule vrangt? Og kvifor er dette noko både studentar og tilsette ved fakultetet synest er greitt – og i tillegg gir uttrykk for?»

Brunvoll kom med ei endeleg oppmoding til fakultetet sitt:

– Kjære professorar, førsteamanuensisar, bibliotektilsette og alle som skal kommunisere faget juss med andre: Ver så snill, ikkje snakk ned nynorsken! Å halde på målforma si er vanskeleg nok frå før.

Dekanen: – Leitt

– Eg har ikkje grunn til å tru at dei haldningane som Solveig Brunvoll skriv om er vanlege, men synest det er leitt å lese om opplevingane hennar.

Det svarar dekan ved Det juridiske fakultet, Ragnhild Hennum, i ein e-post til Framtida.no.

Ranghild Helene Hennum er dekan for Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo. Foto: UiO

Dekanen fortel at fakultetet til no ikkje har motteke klager på at tilsette har ytra seg i negative ordelag om nynorsk, og at ho sjølv ikkje har høyrt tilsette ytre seg negativt om nynorsk som rettsspråk.

– Dei tilsette ved fakultetet held seg kvar dag til lovtekstar og andre rettskjelder på nynorsk, og vi har fleire tilsette som skriv sine faglege tekstar på nynorsk.

Hennum peikar ikkje på konkrete tiltak som skal gjere at studentar slepp møte haldningane Brunvoll skildrar i utdanninga, men viser artikkelserien #skrivrett hjå Senter for framifrå utdanning, der nyaste artikkel heiter «Nynorsk – Ein snarveg til god juss?», og til klarspråksatsinga:

– Fakultetet har ei klarspråksatsing som skal fremje eit klart og forståeleg juridisk språk og gjere sitt til at lover og andre juridiske tekstar blir lettare å forstå for folk flest. Satsinga gjeld begge målformer, fortel dekanen.

Språkdirektøren: – Heilt uakseptabelt

Dette har ingenting med klarspråkstiltak å gjere. Dette dreier seg om korleis fakultetet møter studentane sine og det er faktisk noko heilt anna, konstaterer Åse Wetås, direktør i Språkrådet, på telefon til Framtida.no. 

Språkdirektøren meiner fakultetet og universitetet bør ta erfaringane til Bruvoll på djupaste alvor, då det dreier seg om språkleg diskriminering.

– Eg meiner det generelt er heilt uakseptabelt at studentar skal verte møtte med slike språkhaldningar, og eg vil seie det er ekstra ille når det er slik at dei vitskapeleg tilsette formidlar dei haldningane.

Språkdirektør Åse Wetås. Foto: Moment Studio/Språkrådet

Wetås påpeikar at ein har to likestilte norske skriftspråk i Noreg, noko alle dei tilsette i utdanningssektoren veit utmerka godt og har plikt å halda seg til:

– Dei kan ikkje drive sin eigen språkpolitikk overfor enkeltstudentar.

Ho poengterer at ei vedvarandre problematisering av skriftspråket i studiekvardagen kan føre til at enkeltstudentar vegrar seg for å krevje at rettane ein har som nynorskbrukar vert oppfylte.

Språkdirektøren understreker at det er viktig at kritikken frå Brunvoll ikkje vert fjåsa vekk av fakultetet, men at problemet vert teke tak i:

– Om det er slike handlingar i omløp må det verte jobba systematisk med, og det er eit leiingsansvar, slår Wetås fast. 

Ok å slenge med leppa om nynorsk?

Førsteamanuensis ved Det juridiske fakultetet, Katrine Broch Hauge, støttar oppmodinga frå Solveig Brunvoll i ein eigen kronikk hjå Rett24.

Broch Hauge skriv at det er vanskeleg å forstå at undervisarar ikkje ser at dei kan støyte tilhøyrarar med negative utsegner om nynorsk, eller kvifor dei vil vere med på å byggje ein ukultur og gjere handlingsrommet for nynorskstudentar smalare.

Ho peikar på at nynorske lover og juridiske kjelder er noko studentar vil møte på både i studia og i arbeidslivet, og meiner tilsette bør stimulere til læringslyst heller enn å oppretthalde «ei umoden og lite tolerant tilnærming til nynorsk».

 – Medan me elles, takk og lov, har byrja å læra at det ikkje er ok å kaste ut grums om andre grupper i tide og utide, er de med på oppretthalde at når det gjeld nynorsk – ja, så er det heilt ok å slenge litt med leppa, skriv Broch Hauge.

Førsteamanuensisen viser § 6 i mållova, som stadfestar at jobb i det offentlege krev kompetanse i nynorsk:

– Og om nokon ikkje har fått det med seg, så er det altså slik at studentane har krav på å få eksamensoppgåver på nynorsk om dei ynskjer det.


Robin Leander Wullum (22) drøymer om å verte Noregs første ikkje-binære diplomat

Robin Leander Wullum