I løpet av mitt første studieår har eg opplevd førelesarar som i ulike settingar set av eit par minutt av førelesinga til å fortelle om kor tungt og krunglete nynorsk er.
Solveig Brunvoll
Solveig Brunvoll

Sett i lys av ynsket om at jusstudentane skal flytte debattar rundt studieliv- og kvardag over til opne fora, tenkte eg å kome med mitt bidrag.

Som nynorskbrukar ved Det Juridiske Fakultet i Oslo er det eit tema eg ikkje kjem unna. Kvifor vert nynorsk nytta i juridiske samanhengar sett på som noko unødvendig og ein smule vrangt?

Og kvifor er dette noko både studentar og tilsette ved fakultetet synest er greitt – og i tillegg gir uttrykk for?

Til gode å oppleve positiv omtale av nynorsk

Etter eit (fantastisk) år på jussen er eg innforstått med at bøkene på pensumlista ikkje har utgåver på nynorsk og at oppgåver berre vert publiserte på bokmål. Sjølv om eg sjølvsagt synest at det er synd, forstår eg kvifor det er slik. Marknaden for nynorske lærebøker til studiebruk er kanskje ikkje så stor, og eg har ingen problem med å måtte omsette oppgåvetekstar sjølv. Det er heller ikkje ofte det er naudsynt.

Men denne praktiske utfordringa er ikkje den største markøren på at eg som nynorskbrukar eigentleg ikkje passar inn. Etter å ha byrja på universitetet har eg opplevd det eg vil kalle eit haldningsproblem med omsyn til nynorsk.

Eg kan telle på ei hand kor mange gonger det har vore lese opp noko på nynorsk utan at førelesar eller kursleiar har gjort eit poeng ut av at det nettopp er nynorsk dei les. Og eg har framleis til gode å oppleve positiv omtale av nynorsk, utan at det er for å redde tidlegare nedsnakk.

Vanskeleg og utilgjengeleg

I løpet av mitt første studieår har eg opplevd førelesarar som i ulike settingar set av eit par minutt av førelesinga til å fortelle om kor tungt og krunglete nynorsk er, og utgreiingar av kor irriterande det er at det er den nynorske versjonen av Grunnlova som kjem opp først i Lovdata.

Eg har òg oppleve oppgåverettarar som har byrja kurset med å måtte få vite kven som har «ført oppgaven i pennen», for å kunne vende seg til meg for å peike på kor vanskeleg det kan vere å skrive god juss på nynorsk. Sjølv om eg jo for så vidt fekk det greitt til. Det er skremmande å vite at dette er dei same personane som skal rette eksamensoppgåvene mine.

Gong på gong vert det påpeika kor vanskeleg og utilgjengeleg det nynorske språket er

Kvar for seg verken er eller bør slike hendingar vere eit problem. At ein finn ord som «uturvande» utfordrande forstår eg, og det er eit godt døme på ord vi ikkje så altfor ofte vert eksponert for anna enn når vi les servituttlova. Sjølv måtte eg slå opp ordet etter første førelesing i fast eigedoms rettsforhold.

Det eg derimot meiner er eit problem er at det stadig vert gjort eit poeng ut av at ei lov, ein dom eller eit førearbeid er forfatta på nynorsk. Gong på gong vert det påpeika kor vanskeleg og utilgjengeleg det nynorske språket er. Om det mot formodning skulle vere enkelt å forstå kva ein les, er det òg noko som må seiast. Og dette frå vitskapleg tilsette ved fakultetet.

(U)kultur

Kva gjer denne (u)kulturen med haldninga til nynorsk som eit fullverdig juridisk språk? Og kva gjer dette med nye studentar som må velje om dei vil fortsetje å ha nynorsk som hovudmål, eller kaste inn handkledet og bytte over til bokmål?

Det er trist at denne haldninga vert repetert og får grobotn hjå studentar som kjempar med nebb og klør for å kome seg inn i eit juridisk miljø med høgt tempo og høge krav.

Av erfaringsutveksling med studentar i andre delar av landet, veit eg at dette ikkje er eit problem berre ved mitt fakultet og ved mitt universitet. Men sidan eg går på jussen i Oslo, er det her eg vil kome med ei oppfordring.

Kjære professorar, førsteamanuensisar, bibliotektilsette og alle som skal kommunisere faget juss med andre: Ver så snill, ikkje snakk ned nynorsken!

Å halde på målforma si er vanskeleg nok frå før.


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!

Advokatfullmektig Mari Karoline Mellingen stortrivst i yrket sitt, som er meir variert og praktisk enn ein kanskje skulle tru. Foto: Eivind Kvamm-Lichtenfeld/Privat

LES OGSÅ

ANNONSE