Sex og Politikk får ros for seksualundervisning på nynorsk: – Gode føredøme

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– På same måte som det er viktig at dei unge elevane på ungdomsskulen vert trygge på seg sjølve og sin eigen seksualitet, er det også viktig at dei vert trygge på eigen identitet.

Det seier nestleiar i Noregs Mållag, Synnøve Marie Sætre, i ei pressemelding.

Dei gler seg over at organisasjonen Sex og Politikk, som står bak opplegget Uke 6, gjer det tilgjengeleg også på nynorsk: Veke 6.

Krev statleg nynorskkrav

I 2020 delte Utdanningsdirektoratet ut nesten 9 millionar til private og frivillige organisasjonar. Midlane skal gå til tiltak som styrkar elevane sine grunnleggjande dugleikar, eller bidreg i arbeidet mot mobbing.

Nestleiar i Noregs Mållag, Synnøve Marie Sætre. Foto: Dina Rygg Eide

Men ordninga har ingen krav om at prosjekta skal vere tilgjengeleg på begge målformer.

Mållaget meiner at alt statsfinansiert opplæringsmateriell til skulen laga av organisasjonar eller stiftingar bør kome på både nynorsk og bokmål.

– Sex og Politikk er gode føredøme som fleire organisasjonar bør sjå til, og så må staten kome etter og stille krav om nynorsk, seier Sætre.

Ho peikar på at det er viktig at nynorskelevane vert trygge i å bruke nynorsk i alle delar av kvardagen.

– Då bør ungdomane bli møtte på nynorsk. Difor vil me rose Sex og Politikk for at dei kjem med undervisningsmateriell på nynorsk til eit viktig emne i skulen, seier Sætre.

Sex og Politikk: – Ein lur ting å gjere

Veke 6 får økonomisk støtte frå Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet og frå i år også frå Sametinget.

Opplegget er oppgradert i samband med Fagfornyinga og denne hausten vert opplegget for ungdomsskulen nylansert på bokmål, nynorsk og samisk.

Dagleg leiar i Sex og Politikk Tor-Hugne Olsen. Foto: Privat

Dagleg leiar i Sex og Politikk, Tor-Hugne Olsen, forklarar at deira motivasjon er at alle skal få dei same sjansane til å bruka materiellet.

– Eg tenkjer at det er viktig. Det er lett å forklare andre at det er for å nå fram over alt. Me får masse positiv tilbakemelding på at me gjer det, og det vil sikkert andre ha òg. Det er ein lur ting å gjere, og me gjer det fordi det er lurt.

Lite brukt i Sogn og Fjordane

Elevane har rett på opplæringsmateriell på eiga målform, men skulane kan gjere unntak

På telefon til Framtida.no vedgår Olsen at dei fem første fem åra hadde organisasjonen berre Uke 6 på bokmål.

Då ei undersøking avslørte at materiellet vart brukt minst i Sogn og Fjordane sette organisasjonen i gang ein offensiv og reiste over.

– Då me kom dit sa dei at: «Materiellet er fint, men det er berre på bokmål». Då fekk me oss ei lita oppvakning.

Omlag på same tid, i 2015, fekk dei ei liknande tilbakemelding frå ein helsesjukepleiar frå Tana, som etterlyste materiellet på samisk.

I 2016 kom det første materiellet på nynorsk og året etter på samisk.

Den nynorske utgåva «Veke 6» vart lansert i 2016. Foto: Sex og Politikk

Dyrare med samisk

Ambisjonen er at alt materiellet deira skal vere tilgjengeleg på både bokmål, nynorsk og samisk.

Olsen fortel at det kan vere ei utfordring å få til, særleg om alt skal vere tilgjengeleg samstundes.

Kor dyr omsettinga er varierer med kor stort materiellet er, men nynorskomsetting er ein kostnad dei har klart å innarbeida. Den samiske omsetjinga er fire gongar så dyr og med tre ulike språk, klarar dei ikkje å tilby alt materiellet på samiske språk.

Tenkjer ikkje på det

Den daglege leiaren i Sex og Politikk opplever det som eit ønskje frå myndigheitene om at materiellet vert tilgjengeleg på fleire målformer og språk, og fortel at dei får bruka nokre tildelte midlar på omsetting.

Han har ikkje teke stilling til om myndigheitene bør stille krav om fleire målformer når dei støttar organisasjonar som utviklar undervisningsmateriell til skulen.

– Eit problem for mange av oss som sit i Oslo er at me ikkje alltid tenkjer på det. Og når ein ikkje tenkjer på det, legg ein det ikkje inn i budsjetta. Difor er det viktig å få den bevisstheita på plass.

Framtida.no var førre onsdag i kontakt med presseavdelinga til Kunnskapsdepartementet, men har framleis ikkje fått svar på spørsmåla.


Inti Chavez Perez er aktuell med boka Respekt – en sexbok for gutter. Foto: Bente Kjøllesdal