«NYNORSKTALENT»: Robin (22) drøymer om å verte Noregs første ikkje-binære diplomat

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Robin (22) drøymer om å verte Noregs første ikkje-binære diplomat

Robin Leander Wullum er eitt av ti unge «Nynorsktalent», som vil bli presentert på Framtida.no framover. Kåringa er eit initiativ frå Nynorsk kultursentrum, som har sete i juryen saman med Norsk Målungdom, Framtida.no og Daniel Kvammen.

– Det vert fort slik at når ein er skeiv, så veks ein opp med ei kjensle av å vere litt annleis. Det tek veldig mykje guts å prøve å finne ut av kven ein er og kor ein høyrer til, spesielt om ein er usikker på korleis ein vert teken imot. 

Det fortel Robin Leander Wullum på telefon til Framtida.no. 

22-åringen frå Trondheim bur til dagleg i Oslo, der Wullum tek ei bachelorgrad i internasjonale studium og arbeider som politisk nestleiar i Skeiv Ungdom. Eit verv som i utgangspunktet skal ta ti timar i veka, men som i realiteten er meir ei 50 prosent stilling, fortel Wullum. 

Det nynorske favorittordet til 22-åringen er eit det tok mot å omfamne, og som fortel noko om kven trønderen er og høyrer til: pronomenet dei

– Det er ein identitetsmarkør det tok lang tid for meg å finne og bruke, fortel Wullum.

Identitet er ikkje rett fram

Det var nemleg ikkje berre-berre å finne pronomenet sitt og verte trygg på identiteten sin. Særleg ikkje når ein har brukt ungdomsåra aktiv i ein konservativ pinsekyrkjelyd, og ein manglar omgrepa ein treng for å setje ord på kven ein er. 

For Wullum byrja bitane å falle på plass medan dei var på utveksling i Chile på vidaregåande i 2015-16.

– Eg hugsar ikkje augeblikket, men eg har gått tilbake på kamerarullen på telefonen min og sett bileta frå den påska, og der er mange skjemdumpar frå Wikipedia-artiklar om ulike ikkje-binære identitetar.

Ingen av desse identitetane skildrar korleis Robin Leander Wullum forstår kjønnsidentiteten sin no, men det å finne ut at det gjekk an å ikkje vere heilt gut eller heilt jente var eit stort første skritt i rett retning for dei. Skjermdumpar frå Wullum. Kollasj: Framtida.no

Wullum hadde allereie kome ut som skeiv, men enno ikkje som transperson. For første gong fann dei ordentlege omgrep for at det gjekk an å vere noko anna enn berre kvinne eller mann.

– Det å finne det språket gav meg mogelegheita til å innsjå at ting kanskje ikkje er så rett fram og så sjølvsagt som eg hadde trudd det var, fortel 22-åringen og legg til:

– Det opna ei mogelegheit for meg til å tenke over kven eg er.

60 år gamal bokmålsbyråkrat

Robin Leander Wullum har alltid vore på jakt etter nye utfordringar å bryne seg på. Dei er oppvaksen i Trondheim, der bokmålet regjerer, men bytte likevel til nynorsk i 9. klasse.

– På det tidspunktet tenkte eg ikkje det var noka stor greie. Eg vaks opp med bokmål som hovudmål, men syntest norsktimane var for enkle og ville utfordre meg sjølv.

Wullum fortel at norsklæraren, som ikkje var den beste nynorskeleven sjølv, nok syntest det var ganske slitsamt.

– Men han fann det ganske underhaldande at av alle ting eg kunne finne på, så var det denne tingen eg skulle henge meg opp i.

– Han bytte òg hovudmål frå bokmål til nynorsk, fortel Robin Leander Wullum om Mork. – Då eg som ung nynorsking fann ut at andre hadde gjort det før, så var det veldig stas. Foto: Martine Haugland. Kollasj: Framtida.no

22-åringen trur folk antek nynorskbrukarar anten kjem frå bygda, frå ein tradisjonell nynorskfamilie eller er sær og har bestemt seg for å vere vanskeleg for verda.

Sjølv er Wullum frå Noregs fjerde største by og foreldra skriv bokmål, om dialekt er for uformelt.

– Eg hadde nok ikkje skjønt kor viktig språk er for enkelte om eg ikkje hadde bytt sjølv, spekulerer Wullum.

– Folk er opptekne av dialekta si, og ser på det som ein identitetsmarkør, men eg innsåg ikkje før eg bytte at skriftleg språk òg kunne vere ein identitetsmarkør. 

Det starta som ein måte å utfordre seg sjølv på, men Wullum har aldri vurdert å byte tilbake. Om trønderen brukar bokmål i dag er det vanskelegare å skrive lettforståeleg og enkelt, forklarar dei:

– Eg vert ein 60 år gamal byråkrat, seier Wullum og ler.

– Det vert fort veldig arkaisk.

Vanskelegare å kome ut andre gong

Di eldre 22-åringen har vorte, di meir medviten har dei òg vorte på at språk er politisk.

– Det er stor forskjell på korleis folk held seg til deg ut frå språket ein brukar, seier Wullum.

Då Wullum byrja i ungdomspolitikken for nærare ti år sidan, kjende dei på at dei kanskje burde moderere trønderdialekta si for å verte teken meir seriøst. 22-åringen peikar på at trøndarar fort kan verte oppfatta litt harry, med skinnvest, lisseslips og bart og ein kopp karsk i neven.

Wullum medgjev at dei tidvis òg har spekulert i om det kan vere strategisk lurt å skrive lesarinnlegg på bokmål, for å nå flest mogeleg lesarar.

– Det er noko med det å hugse at ein skal ta pause, eller at det er ei mogelegheit til å gå ut, som ein fort gløymer om ein har litt å gjere, seier Robin Leander Wullum om å arbeide på heimekontor. Foto: Privat

I vervet som politisk nestleiar i Skeiv Ungdom er også språk sentralt. Der jobbar Wullum mykje med å forklare det som for nokon kan vere nytt og ukjent, og samstundes lære samfunnet å nytte dei same omgrepa som skeive brukar om seg sjølv og sine opplevingar. 

22-åringen forklarar nemleg at det var vanskelegare å kome ut som transperson, enn å kome ut som skeiv.

Wullum fortel at ein ikkje ser like mange ikkje-binære i samfunnet, og det er mindre forståing for kven dei er.

– Ein kan kanskje lettare forstå at folk er glade i andre typar menneske, enn at ein har ein identitet som ikkje passar med det kjønnet ein er tildelt ved fødselen. Ein har ikkje det same rammeverket for å forstå det. 

Landets første opne transkjønna ambassadør

Som for så mange andre baud koronaåret 2020 på utfordringar og skuffelsar for Robin Leander Wullum.

22-åringen skulle eigentleg vere delegat til FN sin kvinnekonferanse i mars, men den vart avlyst grunna koronapandemien. Så skulle Wullum vere med i Noregs delegasjon til FNs generalforsamling i oktober, men koronapandemien stakk nok ein gong kjeppar i hjula.

Robin Leander Wullum fekk ikkje reise til FN, så då kom FN til dei som Zoom-bakgrunn Foto: Privat

Wullum hadde håpa å nytte si tid på talarstolen til å utfordre stormaktene på korleis dei vil verne marginaliserte grupper og sikre at alle får tilgang til ressursane dei treng for å oppfylle berekraftsmåla.

I staden sit 22-åringen i leilegheita si i Oslo, og arbeider frå boda som dei har gjort om til heimekontor. Der skriv dei meiningsinnlegg og bacheloroppgåve side om side.

Når Framtida.no spør kva dei håpar å arbeide med i framtida, kontrar Wullum med å spørje om vi er på leit etter eit realistisk svar eller draumejobben.

Om dei skal vere realistisk, ynskjer dei å arbeide i ein internasjonal organisasjon som rådgjevar innan kjønn, seksualitet og likestilling.

– Men draumejobben hadde vore å ende opp som ambassadør eller diplomat, fortel Robin Leander Wullum.

Det er ein draum dei har hatt lenge. 22-åringen veit at nålauget er trongt, men dei håpar å opne ei dør som til no har vore stengd:

– Så vidt eg veit har dei ikkje hatt nokon opne transkjønna ambassadørar eller diplomatar.


Foto av Ronny Brede Aase: Gyldendal. Kollasj: Framtida.no