«Tradwife» inn i tradisjonsrik ordbok – speglar aukande, kontroversiell trend
Den tradisjonsrike Cambridge-ordboka tek inn eit knippe nye ord kjend frå sosiale medium – blant dei «tradwife».

Også ord som «skibidi» og «delulu» er å finne blant dei rundt 6000 nye oppføringane i nettversjonen av Cambridge Dictionary, opplyste utgivaren måndag.
Cambridge University Press opplyser i ei fråsegn at «tradwife», som er ein såkalla portmanteau – ei samantrekking – av «tradisjonell kone» på engelsk, speglar «ein aukande, kontroversiell trend på Instagram og Tiktok som omfamnar tradisjonelle kjønnsroller».
«Skibidi» er eit ord popularisert i memer på nett og i YouTube-serien «Skibidi Toilet», og ifølgje ordboksoppføringa eit uttrykk som «har ulike tydingar, som kult eller dårleg, eller kan brukast utan noka verkeleg meining».
«Delulu» kjem frå «delusional», altså å ha vrangførestillingar, og er av Cambridge-ordboka definert som «å tru på ting som ikkje er ekte eller sanne, vanlegvis fordi du vel det». Ordet vart mellom anna brukt i ein tale i det australske parlamentet av statsminister Anthony Albanese i år.
– Vi legg berre til ord som vi trur har evna til å bli verande. Internettkulturen endrar det engelske språket, og verknaden er fascinerande å observere og fange i ordboka, seier Colin McIntosh, som er Lexical Programme manager i Cambridge Dictionary.