UiO opnar for å droppe nynorske eksamensoppgåver – skuldar på korona

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er jo ein krisesituasjon der alle må bidra i ein dugnad, men eg klarar ikkje heilt å sjå at det at eg ikkje skal få eksamen på mi målform skal ha noko som helst positiv innverknad på smittesituasjonen, seier universitetstudent Vegard Enerstvedt.

23-åringen frå Bømlo er i ferd med å fullføre bachelorgraden sin i matematikk og økonomi ved Universitetet i Oslo og har fått beskjed om at alle eksamenar denne våren skal gjennomførast digitalt.

Han har ikkje fått informasjon om at han risikerer å ikkje få eksamen på eiga målform som følgje av koronapandemien.

Opnar for brot på Mållova

Torsdag 16. april fekk tilsette ved Universitetet i Oslo beskjed frå studieavdelinga om at tilsette kan velje å gje ut eksamen på berre éi målform på grunn av koronapandemien.

«Studieavdelingen ved UiO sentralt har tatt en gjennomgang av forskrift om målform på eksamen. §3 tar for seg når man kan gjøre unntak for forskriften og her står det blant annet at “Også ellers kan lærestaden gjere unntak i særlge tilfelle[…]”. Koronaepidemien må gjelde som et “særlig tilfelle” og det er derfor bestemt at for våren 2020 kan man velge å kun gi eksamensoppgavene på én målform: bokmål eller nynorsk.»

Studieadministrasjonen viser til Forskrift om målformer på eksamensoppgåver §3 om når ein kan gjere unntak for elevane sin rett til eksamensoppgåver på eiga målform.

Student Enerstvedt understrekar at sjølv om universitetsleiinga opnar for å levere ut eksamensoppgåver på éi målform, så betyr det ikkje nødvendigvis at fakulteta ikkje vil sikre studentane sin rett til oppgåver på eiga målform.

Han er likevel lite imponert etter å ha lese e-posten:

– Ein får litt inntrykk av at dei brukar det som eit påskot. Det kan godt hende at dei har ein god grunn, men det kjem ikkje godt fram i den e-posten som vart send ut, seier Enerstvedt til Framtida.

Studentmållaget: – Ganske hinsides

Leiar i Studentmållaget i Oslo, Jonas Økland, studerer sjølv ved BI og reagarer over at UiO meiner koronapandemien er grunn til unntak for Mållova. Foto: Privat

Også leiar i Studentmållaget i Oslo, Jonas Økland, reagerer kraftig på meldinga frå studieadministrasjonen ved Universitetet i Oslo.

– Det er absolutt inga grunn til at målform skal verte påverka av noko pandemi, slår han fast.

Økland frykar unntaket vil føra til at nynorskbrukarar ikkje får eksamen på eiga målform.

Han meiner Universitetet i Oslo brukar unntak i lovverket rundt koronakrisa til å sleppe å gjere noko dei eigentleg ikkje har lyst til.

– UiO følgjer ikkje Mållova til vanleg. At dei synest det er greitt å unnvika ei lov dei ikkje følgjer er ganske hinsides. Det at dei tek seg tida til å følgje opp dette unntaket viser at dei ikkje gidd, har tid eller lyst til å oppfylle lova, seier han og legg til:

– Det er billige triks å bruke krisa som ei unnskylding til å sleppe å gjere ting dei eigentleg ikkje har lyst til.

– Ikkje eit generelt fritak

I ein e-post til Framtida.no forklarar studieavdelinga ved Universitetet i Oslo at e-posten gjekk ut til dei tilsette, etter spørsmål om høvet til å fråvike kravet om eksamensoppgåver på begge målformer.

Hanne Ekeli. Foto: UiO

Dei viser til eit skriv frå Kunnskapsdepartementet som opnar for å fråvike instruks, som følgje av virusutbrotet.

– Studieavdelinga si vurdering er at det same resonnementet kan takast i bruk på forskrifta om målform i eksamensoppgåver. Den siste setninga i § 3 opnar også for å gjere unntak i “andre spesielle tilhøve”, og vår vurdering tilseier at koronasituasjonen fell inn under dette. Svært mange av emna ved UiO endrar eksamensform, noko som gjer eksamensavviklinga særleg krevjande dette semesteret, forklarar avdelingsdirektør Hanna Ekeli via pressekontakten.

– Kvifor skal pandemien gå ut over studentane sin rett til eksamen på eiga målform?

– Universitetsdirektøren har ikkje gitt eit generelt fritak frå forskrifta om målform i eksamensoppgåver. Det er opp til fakulteta å ta stilling til eventuelle unntak frå kravet om eksamensoppgåver på begge målformer. I tilfelle der utarbeidinga av eksamensoppgåver på begge målformer blir særleg krevjande, kan eksamen bli gitt på enten nynorsk eller bokmål.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. Foto: Regjeringen

UiO får støtte av forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim, som svarar følgjande i ein e-post til Framtida.no:

– Hovedregelen er at eksamensoppgaver skal være tilgjengelig på både nynorsk og bokmål ved statlige universiteter og høyskoler. Vi har vært opptatt av at institusjonene skal ha autonomi og frihet til å selv gjøre unntak for enkelte krav i helt spesielle tilfeller. Dersom UiO mener at situasjonen gjør det umulig å sikre at alle eksamensoppgaver foreligger på begge målformer, så har de mulighet til å gjøre et slikt unntak. Det aller viktigste nå er at studentene får gjennomført eksamen som planlagt.

UiO: – Ikkje gitt at det er nynorsk som må vike

– Kva seier de til nynorskbrukarar som fryktar at dei ikkje får eksamen på eiga målform?

– Det skal framleis vere eit unntak å lage eksamensoppgåver på berre ei målform, og det er heller ikkje gitt at det er nynorsk som i så tilfelle må vike, svarar avdelingsdirektør Hanna Ekeli.

– Studentmållaget i Oslo meiner de brukar pandemien som ei unnskyldning til å ikkje følgje Mållova, som allereie står svakt ved institusjonen dykkar. Kva seier de til det? 

– Det stemmer ikkje. Dette er ein ny situasjon der mange gjer så godt dei kan under annleis og krevjande tilhøve. Vi arbeider hardt for å gi studentane våre eit så godt tilbod som mogleg, slår Ekeli fast.

Andrea Hebnes Tobekk fekk Rogaland Mållags Målpris 2019. Foto: Privat