Studentane ber om økonomisk hjelp

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No i koronapandemien har mange av deltidsjobbane til studentane blitt borte. Det har gitt dei tronge økonomiske tider.

– Det er brei semje om at studiestøtta ikkje er nok til å leve på. Så det er ikkje noko nytt at studentar må ha inntekt frå jobb eller pengar frå andre stader, seier Andreas Trohjell, som er leiar i Norsk studentorganisasjon, til NRK.

Asheim: – Situasjonen er annleis no

I vår kunne studentane søkje om 26.000 kroner i ekstra støtte frå Lånekassen, der 8.000 kunne gjerast om til stipend.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H). Foto: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa kan derimot ikkje love ei liknande løysing no.

– Situasjonen er annleis no enn i mars og april, for no er det ein del ulikskap rundt om i landet. Du har nokre store byar der det er mykje nedstengingar og mange jobbar som framleis er borte. Og så har du andre område der det går greitt og mange er tilbake i jobb, seier Henrik Asheim (H), som er høgare utdannings- og forskingsminister.

Han kan ikkje seie noko om konkrete tiltak, men at dei må følgje med på korleis utviklinga blir i vinter og vår.

– Mange står i ein umogeleg situasjon

I statsbudsjettet vart det sett av ein milliard til studentane. Så langt står 600 millionar ubrukt. Det reagerer utdanningspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Torstein Tvedt Solberg, på.

– Vi meiner regjeringa har vore veldig avvisande og arrogante overfor studentane. Mange står i ein umogleg situasjon no, dei har mista deltidsjobben og sparepengane er brukt opp. Eg fryktar at mangel på kriseordningar aukar faren for at fleire vil droppe ut av studiane i vår, seier han til NRK.


NSO-leiar Andreas Trohjell. Foto: Skjalg Bøhmer Vold/NSO