Rektorar kritiske til sein informasjon om studiestart

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rektor ved Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet, Anne Husebekk. Foto: Jørn Berger-Nyvoll/UiT

– Me forventar meir enn dette. Så langt ut i pandemien forventar me litt meir av regjeringa enn det vi gjorde i mars i fjor.

Det seier rektor ved UiT Norges arktiske universitet, Anne Husebekk, til Khrono søndag.

Ho vil følgje regjeringa sitt råd, men stengjer ikkje campus for studentar og tilsette.

Rektoren ved Universitetet i Tromsø er ein av fleire rektorar som er kritisk til informasjonen frå regjeringa.

Møter ministeren i dag

Laurdag kveld melde Dagbladet at regjeringa ber norske universitet og høgskular om å utsetje fysisk undervisning til tidlegast 18. januar, slik at studentar kan utsetje reisa til studiestaden.

Beskjeden var eit lite frampeik på dei nye innstrammingane, som regjeringa varsla om søndag kveld. Beskjeden, som kom til studiestadene via e-post og pressemelding rundt kl 22.30 laurdag kveld, førte til krisemøter på diverse studiestader.

Regjeringa sin motivasjon var å letta på smittetrykket ved å la studentane utsetje reisa til studiestaden sin, men for mange var det for seint.

Rektor ved Høgskolen i Østfold, Lars-Petter Jelsness-Jørgensen, er kritisk til informasjonsflyten.

– Eg må seie at eg er veldig overraska. Me måtte kaste oss rundt seint laurdag kveld, med telefonmøte. Kommunikasjonsfolka hos oss sat til kl 02-03 for å få ut informasjon til studentane i løpet av natta, seier Jelsness-Jørgensen til Khrono dagen før semesterstart.

I dag klokka 11.00 er rektorar for høgare utdanning kalla inn til møte med forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Andreas Trohjell. Foto: Benjamin Skaug/NSO

NSO-leiar fryktar fråfall

Søndag kveld publiserte leiar i Norsk Studentorganisasjon, Andreas Trohjell, eit innlegg på Facebook, der han uttrykker uro for korleis smitteverntiltaka råkar studentar.

– Studentar flest har sjølvsagt kjøpt returbillett allereie, og har ikkje økonomi til å kjøpe endå ein billett på eit seinare tidspunkt. Det er forøvrig heller ikkje lett å studere heimefrå om ein har lærebøker og studiemateriale i ein annan by, understrekar han i innlegget.

Trohjell er uroa for at pandemien råkar studentar ekstra hardt, då mange bur åleine på få kvadratmeter og er avhengige av deltidsinntekter, og fryktar dette vil føre til skyhøge fråfallstal.

Astrid Willa Eide Hoem

AUF-leiar Astrid Willa Eide Hoem. Foto: Bernt Sønvisen, Arbeidarpartiet

AUF: – Total mangel på forståing

Også AUF-leiar Astrid Hoem reagerer på regjeringa sin seine reisebeskjed.

– Det tok berre Høgre-regjeringa to dagar inn i det nye året før dei nok ein gang utset studentar for endå ein økonomisk smell, skriv Hoem i ei pressemelding.

Ho peikar på at studentane har hatt det økonomisk usikkert sidan starten av pandemien.

– Mange har difor vore tidleg ute med å bestille billettar i håp om å spare pengar i ei vanskeleg tid. Likevel kjem Høgre-regjeringa med denne beskjeden. Det vitnar om total mangel på forståing av studentar sin økonomiske situasjon, meiner Hoem.


Andreas Trohjell frå Arendal tok over som NSO-leiar 1. juli. Foto: Sandra Amalie Lid Krumsvik