Statsminister Erna Solberg (H) ber Noreg bli med på eit to veker langt krafttak for å hindre at koronasmitten kjem ut av kontroll.
NPK-NTB-Fredrik Moen Gabrielsen, Johan Falnes, Oddvar Sagbakken Saanum og Katarina Poensgen
NPK-NTB-Fredrik Moen Gabrielsen, Johan Falnes, Oddvar Sagbakken Saanum og Katarina Poensgen

– Eg vil gjerne ønskje dykk alle eit godt nytt år. Men det nye året har dessverre ikkje starta slik vi håpa, sa Solberg på ein pressekonferanse søndag kveld.

Der presenterte ho ein pakke med nye, strenge tiltak for å slå ned smitten i Noreg.

Vaksinasjonen her til lands har starta, men no fryktar regjeringa og helsestyresmaktene at koronaepidemien kjem ut av kontroll i starten året.

Difor blir det no innført ein «sosial nyttårspause» for å unngå ei ny smittebølgje.

– Viss alle følgjer desse reglane, så vil vi saman kunne avgrense smitten, sa Solberg.

Sosial pause

Blant dei mange tiltaka som blir hasteinnført frå og med måndag 4. januar, er ei grense på fem personar i private samankomstar utanfor eigen heim. Denne grensa blir forskriftsfesta, og du kan bli bøtelagd viss du bryt ho.

Nordmenn blir samtidig tilrådde å vente med å ha gjester på besøk heime i 14 dagar. Men dette er berre eit råd, ikkje ein bindande regel.

Det blir òg innført eit nasjonalt skjenkeforbod på serveringsstader.

Alle ungdomsskular og vidaregåande skular går over til raudt nivå.

Alle kjøpesentera og butikkane i landet blir bedne om å innføre avgrensingar i talet på besøkande og inngangskontroll.

Alle som kan ha heimekontor, bør ha det.

Dessutan blir nordmenn bedne om å unngå alle unødvendige reiser – både innanlands og utanlands.

Organiserte fritidsaktivitetar og idrettsaktivitetar innandørs blir tilrådd utsett til etter 18. januar, og det blir innført strengare avgrensingar i talet på besøkande for arrangement både innandørs og utandørs.

– Vi må setje det sosiale livet vårt på vent i minst to veker, sa Solberg.

Ny vurdering i midten av januar

Bakteppet for desse inngripande tiltaka er bekymring for at Noreg no står ved eit farleg knekkpunkt i smitten.

Ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI) er R-talet, altså reproduksjonstalet, no berekna til 1,3. Det betyr at viss 100 personar blir smitta av covid-19, vil desse i snitt smitte 130 personar vidare.

Den nye tiltakspakken vil i første omgang vare i to veker frå 4. januar til 18. januar. I midten av januar vil situasjonen bli vurdert på nytt.

Det må då vere ei stabilisering og helst ein nedgang for at tiltaka skal lettast, understrekar Solberg.

– Det vi er redd for, er denne R-en på 1,3, som gir eksponentiell vekst og betydeleg fleire sjuke viss vi ikkje får han ned. Det er han vi må sjå ei rørsle i, utdjupar Solberg overfor NTB.

For svak etterleving

Helsedirektør Bjørn Guldvog seier til NTB at han trur oppblussinga no gjennom jula først og fremst kjem av at folk ikkje har følgt smittevernreglane godt nok, og ikkje at regelverket i seg sjølv har vore for liberalt fram til no.

– Men det er klart at med den auka mobiliteten vi har hatt, og den auka moglegheita vi har hatt til å treffast, så har det vore ein auka risiko, seier han.

Han legg til at det framleis er uvisse rundt korleis smitteutviklinga faktisk har vore i jula.

– Men det er auka smittetrykk i befolkninga no, og det er utbrot i stadig fleire delar av landet, seier Guldvog.


Framtida.no har spurt organisasjonsleiarane om koronaåret 2020 og kva dei ser fram til i 2021. Kollasj: Framtida.no
ANNONSE