Unge meiner media krisemaksimerer pandemien

Sjølv om to av tre nordmenn er fornøgde med mediedekninga av koronapandemien, meiner 55 prosent at media har krisemaksimert.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ei undersøking frå AgendaTracker, som har spurt 1.008 nordmenn.

– Meir enn 1,7 millionar nordmenn meiner at media har fokusert for mykje på viruset, at media til tider har krisemaksimert og at det har vore for mykje useriøs dekning av koronasituasjonen, som kjendishistorier og fly som må lande tidsnok så passasjerane skal sleppe karantene. Dette tyder på at mange òg har vore misnøgd med mediedekninga, seier Lukas Loeb i PR-operatørane.

Dei over 60 år er mest fornøgde med dekninga, medan dei mellom 18 og 29 år meiner at media i for stor grad har krisemaksimert og fokusert på pandemien.

Synest du media har fokusert for mykje på koronapandemien?

Synest du media har fokusert for mykje på koronapandemien?

JA!35
Nei.11
Kanskje litt?16
Anar ikkje.4
Svar totalt: 66

 

VG når dei unge

NRK er primærkjelda for folks koronainformasjon og er spesielt populært blant dei over 50. VG hanka inn flest lesar mellom 18 og 40 år.

– Dei viktigaste årsakene til at NRK og VG gjer det såpass bra i denne undersøkinga, er at dei blir sett på som dei mest truverdige media og at nordmenn meiner dei har vore tidlegast ute med ny informasjon om covid-19, opplyser Loeb.


F.v. Tuulia Keränen (27), Lukas Steidl (21) og Kristine Medhaug Grönn (20). Foto: Privat/Maja Korbøl.