Språkåret 2020: – Meteren har vorte ein Skybert vi tek med oss ut

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag vert Årets ord 2020 klart – stem på din favoritt

Fredag kårar Språkrådet årets nyord, og dessutan dei ti nye uttrykka og omgrepa som dei meiner har prega 2020 mest.

– Eg røper nok ikkje for mykje når eg seier at koronapandemien i stor grad vil prege den lista, seier direktør Åse Wetås i Språkrådet til NTB.

Wetås slår fast at det har vore eit eksepsjonelt språkår med rekordmange ordkandidatar.

– Pandemien har trigga den språklege kreativiteten, det er det ingen tvil om, seier ho.

Ny situasjon, nye ord

Ho seier dette språkåret særleg er kjenneteikna av mange nylaga ord.

– Det er ein venta bieffekt av ei så stor hending. Vi skal ha nye rutinar, og vi treng nye måtar å omtale det som trefte oss, seier ho.

Søringkarantene, hytteforbod og hyttekrig, koronasveis og karantenekropp er blant omgrepa vi har tydd til for å forklare kva som skjer.

– Det er alt frå dei store tinga i samband med politiske avgjerder til dei små tinga i kvardagen for kvar enkelt, seier ho.

Ho seier den digitale utviklinga også har prega året med ord som vinchat, digital kaffi og sjokkdigitalisering.

Nyleg tok også ordboka Oxford English Dictionary med seg «unmute» på si liste over ord som har prega året mest. Det har også vore mykje skam i språket, som dorullskam, hytteskam, joggeskam og hosteskam.

Blir «koronasveis» årets nyord? Kulturminister Abid Raja gav ansikt til dei mange som sleit med hårpryden etter åtte veker med stengde frisørsalongar i vår. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Gamle ord med ny vri

At medisinske og særleg epidemiologiske faguttrykk har vandra inn i allmennspråket, er eit anna tydeleg kjenneteikn på språkåret. Folk flest snakkar no utan vidare om smittekurver, reproduksjonstal, flokkimmunitet og andre fagord.

– Ein annan tendens vi ser, er at ein hentar kjende ord frå det etablerte ordtilfanget og gir dei ei ny meining. Som dugnadsomgrepet, som vart viktig i styresmaktretorikken for å stoppe smitten, seier Wetås.

Kohort, nærkontaktar og «meteren» er andre gamle ord som no har fått ei heilt ny meining.

– «Meteren» har vorte til ein slags Skybert – ein venn ein har med seg rundt, og som skal fylle det tomme setet ved sida av ein for å hindre smitte, humrar Wetås.

– Og før pandemien trur eg ingen ville tenkt at definisjonen på ein nærkontakt var ein du har vore mindre enn to meter unna i meir enn eit kvarter, legg ho til.

Mange gamle ord har i år fått ei ny meining, som dugnad, kohort, nærkontaktar og «meteren». – «Meteren» har vorte ein slags Skybert – ein venn ein har med seg rundt, og som skal fylle det tomme setet ved sida av for å hindre smitte, seier Språkråd-direktør Åse Wetås. Her minner helse- og omsorgsminister Bent Høie om «meteren» under ein pressekonferanse i juni. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Sjeldan heilt nye ord

I fjor vann «klimabrøl» kåringa, med «bunadsgerilja» som nummer to på lista.

Juryen går kvart år gjennom store mengder avis- og nyheitstekstar for å sjå på kva ord som plutseleg vart mykje brukte i det aktuelle året, men som ikkje vart brukt, eller berre sporadisk, året før.

Samtidig held det ikkje at orda berre skal vere mykje brukte for å komme på lista. Juryen leitar etter kreativitet og samansetjingar av ord eller uttrykk som er gjorde på ein ny og overraskande måte, men samtidig lett å forstå.

– Det er sjeldan vi finn eit heilt nytt grunnord, men det gjorde vi i 2014 med å nave, fortel Wetås.

Meir typisk er nye og overraskande samansetjingar av to substantiv som fattigdomslykke, oskefast og kvardagsintegrering, alle blant vinnarane dei seinare åra.

Ho seier kåringa i år er ekstra krevjande fordi det er eit så enormt tilfang av omgrep og nyord å velje mellom.

– Kvar einaste månad har det segla opp nye ord og gode frasar, påpeikar ho.

Blant dei siste er nødlandslaget, sosiale bobler, treningsflyktningar og drikkeflyktningar.

– I år kjem det nok til å vere ekstra mange meiningar, for mange har sine eigne favorittar, seier Wetås.

Kva ord meiner du bør toppe årets kåring?

Kva meiner du bør verte årets ord 2020?

Kva meiner du bør verte årets ord 2020?

Hostebot1
Søringkarantene5
Hytteskam2
Koronapolitiet0
Vinchat1
Heimekontor2
Korontene0
Koronadugnad4
Karantenekonsert/-fest0
Virtuell kaffi/fredagspils0
Avstandstur0
Koronafast1
Koronastranda0
Karantenekroppen2
Karantenesveis4
Sjølv-/heimeisolasjon0
Smittekurve1
Klappeaksjon0
Koronakrisepakke0
Koronakrakk0
Koronalov0
Nødlandslag3
Treningsflyktning1
Sosiale bobler0
«Meteren»13
Kohort6
Nærkontakt1
Klemmeven2
Klimasøksmål1
Flokkimmunitet0
Koronapermittert0
Skogbrann0
Pandemi2
Korona(virus)1
Sosial distansering2
Eg har eit anna favorittord4
Svar totalt: 59

Fakta om årets ord

Kåringa av årets ord er det Språkrådet som står for i samarbeid med professor Gisle Andersen ved Noregs handelshøgskole (NHH).

Tidlegare vinnarord:

Kjelde: Språkrådet