Språkrådet har kåra årets ord saman med Gisle Andersen, nyordsforskar ved Norges Handelshøgskule (NHH). Tidlegare har ord som sakte-TV, naving og rosetog blitt årets ord. I år er det framandkrigar eller fremmedkriger, skriv Språkrådet i ei pressemelding.
Sjå video der Gisle Andersen forklarar alle orda i botnen av saka.
LES OGSÅ: Eit forsvar for feilskriving
Syria og Irak
Språkrådet og Andersen har mellom anna nytta eit verktøy som plukkar opp nye ord frå store riksaviser og regionsaviser, og i år har framandkrigar markert seg mest.
– Borgarkrigane i Syria og Irak har prega nyheitsbiletet i år, og konflikten har komme tettare innpå oss ved at nordmenn har reist til krigsområda for å kjempa – hovudsakleg for islamistane, men òg på motstandarane si side, skriv Språkrådet i pressemeldinga.
2014 har vore eit år der me fekk bruk for eit nytt ord, meir treffande enn til dømes leigesoldat og frontkjempar, skriv Språkrådet vidare.
– Framandkrigar er eit treffande ord som me trur vil etablera seg i språket.
Framandkrigar er ikkje eit heilt nytt ord – det dukka opp allereie i 2010, men det var i 2014 det først vart brukt mykje.
LES OGSÅ: Når såg du sist ein zomromcom?
Virale emojis
Det var fleire andre nyord som etablerte seg i 2014, og fleire av dei var muntrare enn framandkrigar.
Som i fleire av dei seinare åra har teknologi og utvikling markert seg – i 2010 var app årets nyord, og sakte-TV frå i fjor. I 2014 var mellom anna viral, emoji og mobilnakke på topp 10-lista.
– Ein ser det stadig oftare: Me sit med bøygd nakke over mobilen eller nettbrettet. Me veit ikkje om belastinga for nakken vert ein folkesjukdom i framtida, men trur at ordet mobilnakke har kome for å bli i språket vårt, seier Språkrådet.
Mobilnakke kom på sjuandeplass i oversikta. På tredjeplass kom faktisk eit låneord frå japansk.
– Ein emoji er eit lite symbol som vert brukt for å uttrykke kjensler i sms-ar eller på sosiale medium. Både bruken av symbola og ordet har auka i år, skriv Språkrådet.
LES OGSÅ: Tone Damli får støtte frå nynorskforkjempar
Her er topplista for nyord i 2014:
1. framandkrigar/fremmedkriger
2. viral
3. emoji
4. pøbelgran
5. stordata
6. gittercelle
7. mobilnakke
8. luseskjørt
9. ståhjuling
10. deleøkonomi
LES OGSÅ: Syriske studentar i krig