Dansk ordbok: Ny definisjon av samleie, valdtekt og ektefolk

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag fekk ei rekke danske ord nye definisjonar i Den Danske Ordbog.

Det er særleg nokre ord som har fått ekstra merksemd etter revideringa.

Valdtekt og samleie

Eit døme er samleie.

Før var definisjonen:
«seksuelt samvær mellom to personar som innebærer inntrengen av penis i skjeden (eller anus) og typisk med orgasme og sæduttømming som kuliminasjon».

Den nye definisjonen er:
«seksuelt samvær mellom menneske, typisk med mål om gjensidig nyting og tilfredsstilling».

Ordet ektefolk har gått frå vere definert som ein mann og ei kvinne som er gift, til to personar som er gift med kvarandre.

Valdtekt har gått frå: «å tvinge seg til samleie med vald eller truslar om vald» til:«seksuelt samkvem med ein annan person utan deira samtykke».

Desse orda er endra:

Samtykkelov og #metoo

– Ordboka er ei utvikling av den måten språket har utvikla seg på. Det reflekterer at me er byrja snakke om sex og samleie på andre måtar og det er viktig, seier Camilla Møhring Reestorff, lektor i kultur og medium på Aarhus Universitet, til femina.dk.

Ho ser endringane i samanheng med den nye #metoo-bølga som har skylt over Danmark den siste tida.

I haust innførte også Danmark ei samtykkelov, og Reestorff forklarar at det også er viktig at ordboka reflekterer lovgivinga.

– Det er viktig at definisjonen vert endra, så den reflekterer dei ulike former for valdtekt som finst. Mellom anna så den også reflekterer at valdtekt kan vere når ein er fysisk ute av stand til å seie i frå, når kroppen frys.

– Handlar ikkje om penetrering

Organisasjonen Sex og samfund er svært nøgde med endringane og skreiv mellom anna:

– Så vil ordboka anarkjenne at samleie ikkje handlar om penetrering, men om gjensidig nyting og at valdtekt ikkje har noko med samleie å gjere!

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Sex & Samfund (@sexogsamfund)