Lydfiler skal hjelpe danskane å uttale ord

Gløym gamle vitsar om kronglete dansk uttale. No skal Den Danske Ordbog supplerast med fleire lydfiler som viser broderfolket i sør korleis ord skal uttalast.

NPK-NTB-Ritzau
Publisert

Det handlar ikkje om danske dialektar som kan vere vanskelege å forstå for oss «fjeldaber» og andre utanforståande. I staden skal over 13 000 nye lydfiler gi døme på korleis til dømes engelske biffar og EUs fellesvaluta skal uttalast.

Det nye tilbodet kan vere til hjelp for dei som er usikre på om ein amerikansk «steak» skal uttalast «stejk» eller «stiik». Eller er du usikker på om «euro» skal uttalast som ein skandinavisk «ævro», ein slags franskklingande «ø’rå» eller ein meir engelskaktig «juro»?

Til saman er det over 106 000 lyddøme, og dei fleste oppslagsorda blir no følgde av éi eller fleire lydfiler. Likevel er det ikkje snakk om nokon fasit, seier redaktør Lars Trap-Jensen i ordnet.dk.

– Vi gjorde ei oppteljing som viste at nærare 9000 ord har ulike uttalar, og vi tek med dei mest utbreidde uttalane, seier han.

– Sprognævnet, som er den høgaste instansen for språket i Danmark, har heilt eksplisitt sagt at dei ikkje lagar normer for talespråket, så der kan ein leike litt fritt, seier språkforskar Jakob Steensig ved Aarhus Universitet.

Og sjølv om også nordmenn kan slå opp eit ord og høyre døme på dansk uttale, vil dei nye lydfilene ikkje hjelpe dei som ikkje heilt hugsar kor mykje veksel ein kan vente om ein betaler med ein hundrelapp for noko som kostar «åtteoghalvfjerds» kroner.