KrFs skjebnelandsmøte set avtrykk i språket

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ordet «skjebnelandsmøte» vart årets ord i 2018 følgt av «grottegut», «sosionomisere» og «plogging», melder Språkrådet tysdag.

– Eg synest vi har greidd å setje saman ei liste som speglar kva som har skjedd i Noreg og i verda i 2018. «Skjebnelandsmøte» meiner eg er ein klar vinnar fordi ordet på ein kompakt og slåande måte summerer opp ei av dei viktigaste politiske hendingane i året som gjekk, seier seniorrådgjevar Dagfinn Rødningen i Språkrådet til NTB.

Test ordforrådet ditt med Framtida sin dialektquiz!

Glede og forarging

Årets ord kan vere eit nyord eller eit ord eller uttrykk som har særleg prega det siste året. Kandidatane i 2018 spenner over ulike område av samfunnslivet, men fleire av orda, som «plogging» og «matreddar», viser at miljøspørsmål er høgt oppe i tankane for mange.

Andre ord er gjerne henta frå debattane i tida og kan for mange verke provoserande. På lista i år finn du til dømes «fattigdomslykke» som stammar frå forfattar Martin J. Nygaards kontroversielle kronikk om å handtere fattigdom, og ordet «gladboblar» frå Nato-øvinga Trident Juncture.

– «Gladboblar» er eit kreativt ord som vekkjer assosiasjonar til fest. Så har du den spesielle samanhengen det er brukt i som kan verke provoserande og skapte debatt. Det same kan du seie om «fattigdomslykke», seier Rødningen.

Han påpeikar at Språkrådet berre legg språklege kriterium til grunn for kåringa.

– Nokre ord har ei sprengkraft i seg og kan skape mykje debatt. I 2012 vart ordet «nave» årets ord. Ein del meinte det verka stigmatiserande.

Les også om fjorårets vinnar «falske nyheiter».

Saumfer avisene

Kåringa blir gjort av Språkrådet i samarbeid med professor Gisle Andersen ved Noregs handelshøgskule (NHH).

– Kreative nydanningar er gjerne kombinasjonar av ord som passar godt saman – vere seg lydmessig eller betydningsmessig. Dei kan òg signalisere motsetnader, noko som gjer dei interessante og lette å legge merke til. Døme på det er «grottegut», «gladboblar» og «fattigdomslykke», seier professor Andersen i pressemeldinga.

Språkrådet får på tampen av året oversendt ei omfattande liste med aktuelle kandidatar frå selskapet Uni Research Computing, som gjer jobben med å saumfare riks- og regionsaviser etter aktuelle ord gjennom året.

Les også: – Det viktigaste er at folk skriv limburgisk

Fakta om årets ord

Kåringa av årets ord er gjort av Språkrådet i samarbeid med professor Gisle Andersen ved Norges handelshøgskule (NHH). Ti på topp i 2018 er desse:

1. Skjebnelandsmøte

Ordet dominerte det offentlege ordskiftet i forkant av Kristeleg Folkepartis dramatiske ekstraordinære landsmøte 2. november.

2. Grottegut

I sommar skapte saka om dei tolv unge gutane som vart innesperra i ei grotte i Thailand engasjement over heile verda. I norske medium vart dei innesperra raskt kjende som grottegutane.

3. Sosionomisere

Sosionomisere blir oftast brukt på ein polemisk måte for å ta avstand frå ein tendens til å unnskylde og bortforklare kriminelle handlingar, men ordet blir no også til ein viss grad brukt i positiv tyding. Ordet vart aktualisert og førte til stor debatt etter at statsministeren brukte det i ein spørjetime på Stortinget seint i fjor haust.

4. Plogging

Plogging er ein kombinasjon av jogging og søppelplukking. Plogging slo gjennom i Sverige i 2016. I Noreg vart plogging ein treningstrend våren 2018, og både aktiviteten og ordet har overlevd gjennom året.

5. Fattigdomslykke

Ordet fattigdomslykke er eit konsentrat av meiningar som er eigna til å auke temperaturen i samfunnsdebatten. Ordet er heilt nytt og vart først teke i bruk i ein magasinartikkel frå juni i år. Forfattaren, som ikkje er fattig, meinte at ein kan kjenne seg lykkeleg sjølv om ein er fattig, særleg i eit rikt land som Noreg.

6. Matreddar

Ein matreddar er ein person som helst ikkje vil kaste mat, og som derfor er nøye med matinnkjøpa slik at det skal bli minst mogleg til overs. Ordet vart brukt sporadisk i norsk også i fjor, men bruken har auka kraftig i 2018.

7. Videoassistert dømming

2018 var året då videoassistert dømming fekk stort gjennomslag i fotballen og sportsjournalistikken. Uttrykket viser til det at dommaravgjerder kan takast eller omgjerast undervegs i kampen på grunnlag av videoopptak.

8. Slitartillegg

Slitartillegg er eit lettfatteleg og uttrykksfullt ord som kom til under dei sentrale lønnsforhandlingane våren 2018. Der vart det semje om å gi eit årleg lønnstillegg som ei overgangsordning for grupper av arbeidstakarar som blir ramma av at AFP-ordninga forsvinn, og som ikkje klarer å arbeide fram til dei er 67.

9. Påverkar

Ordet påverkar har lenge vore i bruk generelt om aktørar med påverknadskraft. Påverkar er det norske motstykket til det engelske influencer, som òg er mykje brukt i norsk.

10. Gladboblar

Ein offiser frå Forsvaret oppfordra folk til å nyte synet av NATO-øvinga Trident Juncture frå verandaen med gladboblar i glaset. Øvinga dominerte nyheitsbildet mens den gjekk føre seg hausten 2018.

Kåringa nyttar eit dataverktøy utvikla av Knut Hofland ved Uni Research Computing for overvaking av riks- og regionsaviser.

Er du einig i resultatet? Stem her! 

Kva burde verte årets nyord?

Kva burde verte årets nyord?

Skjebnelandsmøte1
Grottegut2
Sosionomisere1
Plogging1
Fattigdomslykke1
Matreddar3
Videoassistert dømming0
Slitartillegg2
Påverkar4
Gladbobler0
Ingen av desse.2
Svar totalt: 17