Koronapandemien fører til språk-blomstring: – Ein slags terapi

Språkvitarar finn mange lyspunkt i ei elles vanskeleg tid. Språket koronablomstrar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Koronapandemien har mange konsekvensar. Nokon er heldigvis mindre dramatiske og skumle – som dei språklege.

Språkrådet er overvelda over den store mengda nyord som blir brukt for å skildre ulike sider ved den heilt nye situasjonen som no pregar landet.

Overraskande samansetningar

Åse Wetås er direktør i Språkrådet. Ho seier at mange av nyorda er overraskande i seg sjølv, men gir meining i den situasjonen vi er i.

– Ta berre ordet hytteskam. Kven skulle for berre ein månad sidan tenkt seg at skam og hytte kunne koplast saman. No skjønar alle kva det tyder, seier Wetås til NTB.

Det same gjeld dorullskam og hosteskam.

Språkdirektør Åse Wetås. Foto: Moment Studio/ Språkrådet

Kjende mønster

Ho observerer at det er svært mange nyord som blir sette saman i eit kjent mønster – som dei tidlegare kjende orda kjøtskam, flyskam osb.

– Mange nyord har korona- som forklarande førstelekk, som substantivet koronafest og adjektivet koronapermittert, seier ho.

Stor kreativitet

Det blir òg vist fram stor språkleg kreativitet. Som korontene og heimekorontor.

– Desse orda er laga med kreativitet og humor. Døme på tidlegare slike samansetningar er burkini og brexit, der ein altså slår saman delar av ord.

– Vi veit jo frå før at språket heile tida forandrar seg. Nyord oppstår i takt med nye situasjonar eller forhold vi treng å snakke om. Vi får eit ekstremt stort behov for å omtale det som skjer, seier språkvitaren.

Ho viser mellom anna til balkongklapping, vinchat, karantenekonsert, søringskarantene.

– Vi treng å kommunisere. Gjennom språket finn vi ord som samlar og sameiner oss. Det er veldig viktig. Det blir ein slags terapi, understrekar ho.

Medisinske ord blir allmenne

Wetås trekkjer òg fram kor viktig det er å ha eit godt, norsk fagspråk.

Medisinske og smittefaglege ord vandrar inn i det allmenne ordforrådet, som viruskappe, smittekurve og bremsemodell.

– Det er viktig at fagspråket er tilgjengeleg for oss vanlege folk når vi treng å gjere oss kjende med det, understrekar ho.

– Under alvorlege samfunnsutfordringar er det svært viktig med eit språk som politikarar og folk flest kan forstå. Koronakrisa gir tydeleg melding om at vi må ta vare på det norske fagspråket, seier Wetås.

Ho innrømmer at koronatidene er svært interessante for språkvitarar.

– Vi er sjølvsagt ikkje glade for koronakrisa, men for alle som observerer språk, er dette interessante og fascinerande tider, seier ho.

Nyorda står i koronakø.

Bakgrunnsfoto frå Blindern av Alexander K. Lykke, André Nilsson Dannevig og Julian Kirkeby Lysvik. Pressefoto frå Beforeigners nytta i collage av høvesvis: Eirik Evjen/HBO Nordic og Lukas Salna/HBO Nordic

Nye koronaord

Her er eit knippe nyord som er oppstått under koronakrisa

  • søringkarantene
  • hostebot
  • hytteskam
  • vinchat
  • heimekorontor / hjemmekorontor
  • korontene
  • koronadugnad
  • karantenekonsert/fest
  • virtuell fredagspils
  • avstandstur
  • koronafast
  • karantenekroppen
  • karantenegruppe
  • sjokkdigitalisering
  • heimeisolasjon/sjølvisolasjon
  • smittekurve
  • klappeaksjon
  • koronakrisepakke
  • koronakrakk
  • koronalov

Kjelde: Språkrådet , NRK, NTB