Oxford Dictionary: – For mange ord i 2020 til å kåre berre eitt årets ord

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 07.12.2020 12:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den anarkjende ordboka kårar kvart år «Årets ord», men i 2020 har dei støtt på utfordringar med det engelske språk i stadig endring.

Til vanleg finn leksikografane ord og uttrykk som har fått mykje merksemd det siste året, og kårar vinnaren ut i frå kva som reflekterer karakteren og kjensla av året, kva ein har vore oppteken av det året og kva som har potensial til å bli eit ord med lang framtid med viktig kulturell tyding.

Hundrevis av nye ord

– Det vart fort tydeleg at 2020 ikkje er eit år ein lett kan oppsummere med eitt «Årets ord», skriv ordboka i ei pressemelding.

Casper Grathwohl president i Oxford Dictionaries, fortel til BBC at han aldri har vore vitne til eit språk-år som 2020, og seier at faggruppa gjennom året identifiserte hundrevis av viktige, nye ord som lett ville blitt «Årets ord» i kva som helst anna år.

– Det er både eineståande og litt ironisk at i eit år som har gjort oss mållause, har 2020 vore eit år fylt med fleire nye ord enn nokon andre år.

Tidlegare vinnarar av «Årets ord» er mellom anna: climate emergency (2019), toxic (2018), youthquake (2017), post-truth (2016), ? (2015).

Pandemi brukt 57.000 % meir i 2020

I staden har dei i år kome med rapporten: Words of an Unprecedented Year.

I rapporten går dei djupare inn på temaa som har forma språket i år og alle dei nye orda som har kome frå Covid-19, politisk og økonomisk uro, sosial aktivisme, miljøet og framveksten av ny teknologi og oppførsel som har kome med å jobbe heimefrå.

Graf frå rapporten: Words of an Unprecedented Year/2020/Oxford Dictionary.

Her kan ein sjå grafar over bruken av nye ord og mellom anna lese at bruken av ordet pandemi har stige med meir enn 57.000 % dette året, samanlikna med 2019.

Brexit har på si side sunke med 80 % samanlikna med i fjor, sjølv midt i dei siste forhandlingane mellom Storbritannia og EU om korleis dei skal løyse det før overgangspreioden går ut 31. desember.

Barnekåring: koronavirus

Oxford-ordboka har også ei eiga barnekåring, der dei faktisk har klart å kåra eitt ord, nemleg: Koronavirus.

I samband med BBC sin skrivekonkurranse for barn, har fagfolk frå Oxford University Press gått gjennom dei 134.000 bidraga og sett på korleis barna sitt språk har utvikla seg.

Koronavirus stakk seg ut fordi ein for første gong såg ordet bli brukt, i tillegg til covid-19 og Wuhan.

Tidlegare vinnarar av «Årets ord» for barn er: Brexit (2019), plastic (2018), Trump (2017) og refugee (2016).

Dei 16 «Årets ord» for 2020

Har du lyst på ei ganske ubehageleg mimreliste frå 2020, kjem lista i kronologisk rekkefølgje her – med forklaring på kvifor dei vart med:

  • Skogbrann –  Bushfire:
    • Ein av dei definerande klimahendingane i slutten av 2019 og byrjinga av 2020, var skogbrannane i Australia som er dei verste målt så langt.
  • Riksrett – Impeachment:
    • Eit heitt tema i januar, då rettsaka for å stille Donald Trump for riksrett byrja.
  • Frikjenning – Acquittal:
    • Var på topp i februar mot slutten av riksrettssaka mot Donald Trump.
  • Koronavirus – Coronavirus:
    • Eit av dei mest dramtaiske dømene på auke i bruk. Innan mars i år var dette eit av dei mest brukte substantiva i det engelske språket, etter å ha blitt namnet for SARS-CoV-2-viruset.
  • COVID-19:
    • Eit heilt nytt ord i år, først dokumentert i ein rapport av WHO som forkorting for: koronavirus-sjukdom 2019. Det tok kjapt over for koronavirus, i kor ofte det vert brukt.
  • Lockdown:
    • Det mest brukte ordet i engelsk-talande land som England, Kanada og Australia, for statsstyrte karantene-tiltak for å hindre spreiing av Covid-19.
  • Sosial distansering – Social distancing:
    • Steig i bruk då styresmakter over heile verda innførte tiltak for å redusere spreiinga av Covid-19.
  • Gjenopning – Reopening:
    • Då me nærma oss sommar i den nordlege halvkule, auka meir håpefulle ord i bruk, det inkluderte gjenopning (av butikkar, bedrifter osb.)
  • Black Lives Matter:
    • Eksploderte i bruk i starten av juni i år, og vart liggjande høgt resten av året. Dette etter protestar mot politi over drapa av George Floyd, Breonna Taylor og andre svarte amerikanarar, som tok til over heile USA og etterkvart heile verda.
  • Cancel Culture:
    • Mange ord om samfunnsspenningar auka betydeleg, mellom anna cancel culture. Altså å boikotte eller trekke tilbake støtte til offentlege personar som ein meiner snakkar eller handlar sosialt uakseptabelt.
  • BIPOC:
    • Bruken av forkortinga BIPOC steig. Det står for: black, indigenous, and other people of color (svarte, urfolk og andre ikkje-kvite folk).
  • Post-…  – Mail-In:
    • Eit stort politisk fokus, når det kjem til bruksauke av ord, har vore post-systemet i USA i samband med poststemmer. Mail-in fekk ei auke på 3000 % i bruk, samanlikna  med i fjor.
  • Kviterussisk – Belarusian:
    • Gjenvalet av Aleksandr Lukasjenko i Kviterussland, gjorde at adjektivet kviterussisk steig på grafane etterkvart som nyheita spreidde seg i verda.
  • Moonshot:
    • Steig til himmels i september då det engelske statsprogrammet for masse-testing av Covid-19 fekk namnet: Operation Moonshot.
  • Superspreiar – Superspreader:
    • Er datert til 1970-talet, men vart betydeleg meir brukt i år. Det var ei særleg auke i bruken i oktober, mest på grunn av det godt medie-dekte smitte-utbrotet i Det kvite hus.
  • Netto null – Net Zero:
    • Når året går mot slutten er dette ordet på veg oppover. Dette er dels på grunn av det historiske løftet frå president Xi Jinping i Kina i september, om at Kina vil bli karbon-nøytrale innan 2060.

I toppbiletet i saka og i rapporten kan du sjå fleire av orda som var oppe i vurderinga.

Konkurrenten, Collins dictionary, kåra tidlegare denne månaden: Lockdown til «Årets ord».

11. desember kjem Språkrådet med si kåring for Noreg. I fjor vart Klimabrøl årets ord.

Fredag vart Den Danske Ordbog oppdaterte med 547 nye ord. Men den store nyheita er definisjonsendringane på ord som allereie var i ordboka. Illustrasjonsfoto: Womanizer WOW Tech/Unsplash. Kollasj: framtida.no