Leiar i Norsk medisinstudentforening i Oslo, Sina Nordby, etterlyser eit mindre skarpt skilje mellom fysisk og psykisk medisin, og får støtte frå professor Turid Birgitte Boye.

– Psykosomatiske lidingar er underkommunisert i utdanninga. Det fell mellom to stolar, då det ikkje er reine somatiske lidingar, men heller ikkje reine psykiske lidingar, seier leiar i Norsk medisinstudentforening i Oslo, Sina Nordby, over telefon til Framtida.no.

Ho mistenkjer at psykosomatiske lidingar er underrapportert og at det er store mørketal. Noko av løysinga kan liggja i betre kunnskap hjå helsepersonell.

Spenningsfelt mellom psykologi og medisin

Ifylgje Store Medisinske Leksikon er psykosomatiske lidingar svært vanlege. Årsaken varierer, men ein veit korleis stress, belastningar og problem kjem til uttrykk hjå den enkelte ikkje berre er avhengig av eigenskapar ved personen, men også miljøet den enkelte er ein del av og lev i, og andre sosiale og kulturelle tilhøve.

«Psykosomatisk medisin er difor eit fagfelt i spenningsfeltet mellom psykologi, medisin, psykiatri, sosialmedisin og sosialantropologi», heiter det vidare.

På Oslo universitetssjukehus sine fagsider, nemner dei lammingar, balanseproblem, trøttleik og utmatting, hovudpine, magesmerter, muskel- og skjelettsmerter, pustevanskar, hjartebank som nokre av dei vanlegaste symptoma.

Lidingane er ofte knytt til belastande livshendingar, stress, angst og depresjon, men også knytt til somatisk, eller fysisk sjukdom, infeksjonar og skadar.

Mange med denne typen lidingar har gode prognosar, men ikkje alle. Somme slit med kroppslege og emosjonelle symptom, redusert fysisk og sosial funksjon, redusert livskvalitet og auka bruk av helsetenester.

Tidleg diagnose og behandling betrar prognosen, og kan hindra omfattande plager, men det krev ein helsepolitikk og eit helsevesen som tenker meir heilskapleg.

Underkommunisert i utdanninga

Nordby forklarar at dei på studiet ikkje vert introduserte for temaet før i det åttande semesteret, av totalt tolv semester på medisinutdanninga ved Universitetet i Oslo.

28-åringen trur mange synast andre ting i medisinfaget er meir spanande. Det at det er så vanskeleg å setja fingeren på dei psykosomatiske lidingane, gjer det mindre attraktivt som fagområde.

– Alle reine somatiske lidingar er «betre» å ha, fordi det er meir knytt til helse og lettare å finna ein årsak, noko konkret. Ein høyrer ofte folk seia når dei har fått kreft, «kroppen min har fått kreft, eg er ikkje kreft». Det er noko utanfor deira kontroll, og difor lettare å akseptera, seier Nordby, og held fram;

– Med psykosomatiske lidingar er det ein del stigma, og det er lett å skulda på seg sjølv. Manglande diagnose gjer at ein kan tenka «dette sit berre i hovudet», sjølv om det ikkje stemmer. Det er ofte litt skambelagt, og vanskeleg å akseptera.

– Er det angst eller hjarteinfarkt?

Foto: Norsk medisinstudentforening

Nordby trur den avgrensa forskinga og forståinga av psykosomatiske lidingar gjer det vanskeleg både for fagpersonar og pasientar.

– Når ein ikkje kjenner kjelda til problemet, vert det vanskeleg å løysa det.

Nordby har sjølv erfaring frå arbeid på akuttmottak, og fortel at dersom ein ikkje finn noko konkret årsak til ein person sine lidingar, er det lett å tenka «det er sikkert psykisk».

– Er det angst eller hjarteinfarkt? Om ein ikkje finn noko somatisk årsak til lidingane, tenker ein fort i dei banar.

Men psykiske lidingar veit ein også i vår tid langt meir om, enn dei psykosomatiske.

– Ein kan kategorisera og differensiera schizofreni og psykosar. Når det gjeld psykosomatiske lidingar, har me nokre underkategoriar, men ikkje same klarheita. Det blir ofte nemnt når ikkje noko anna passar.

Skilje i helsevesenet gjer det vanskeleg

Ho peiker på det klare skilje mellom somatikk og psykiatri, både i utdanninga og i helsevesenet som ein årsak til dette.

Nordby meiner det hadde vore lurt med mindre skarpe grenser, noko som vil gjera det lettare å hjelpa fleire.

– Hadde det vore eit meir integrert helsesystem, der me hadde lært om samanheng, og å tenka meir heilskapleg, ville me kunne gjort meir for dei med psykosomatiske lidingar.

Nordby trur dei lidingane som tiltrekk mest merksemd frå fagpersonar og studentar er spesialiseringane og tilstandane som medfører dramatikk. Tilstandar som enten tek mange liv, eller kor pasientane vert akutt dårlege.

– Mange finn akuttpsykiatri spanande, då det er liv eller død. Mi erfaring seier at jo meir ein lærar om noko, jo meir spanande vert det. Då er det naturlig at sidan me veit så lite om psykosomatiske lidingar, er interessa for fagfeltet avgrensa, diverre.

Vert kasta rundt i helsevesenet

Turid Birgitte Boye.
Foto: Universitetet i Oslo

Professor, einingsleiar og spesialist i psykiatri ved Oslo Universitetssjukehus, Turid Birgitte Boye, nemner mange av dei same tinga som Nordby.

– Det er gjort studiar på kva folk tenkjer psykosomatiske lidingar betyr. Mange trur det betyr «fake», at det ikkje er reelle plager. Det er ikkje sant. Plagene er ekte, og det er viktig å få kommunisert, seier Boye over Zoom.

Då ho studerte medisin var ikkje psykosomatiske lidingar noko dei lærte om. Det har endra seg, men mangel på kunnskap er framleis eit stort problem.

Boye er klokkeklår på at dette er eit felt som styresmaktene må prioritera.

– Me har pasientar med slike lidingar som lir veldig, og som ikkje får tilstrekkeleg behandling. Dei vert kasta rundt i helsevesenet på jakt etter ei forklaring, men får ikkje den samla forklaringa dei treng.

Ved sida av ho på kontoret sit psykiater Boris Von Hof.

– Ryggplager og den slags er akseptert. Men det er vanskelegare for folk å akseptera at plagene kan skuldast begge deler – både fysiske og psykiske tilhøve. Denne samanhengen vert ikkje teken på alvor, forklarar Von Hof.

– Belastande psykisk

Von Hof meiner dette er utfordringa for dei som skal utreda og behandla desse pasientane. Pasientane har ofte ein historie med ulike spesialistar og legar, utan klare svar på kva problemet er.

Når dei då til slutt snakkar med ein psykolog, kjennast det ofte som eit nederlag, ifylgje Von Hof.

Von Hof meiner det er viktig å tenka heilskapleg frå starten av, noko som er vanskeleg med eit delt helsevesen – ein fysisk del, og ein psykisk.

– Om eg har ryggsmerter, utan å vita kva dei skuldast, så kan eg fort tenkja at det er kreft. Det er veldig belastande psykisk. Men når eg vert utreda, og dei seier at det er ein prolaps, opplevast og oppfattast smertene annleis.

Von Hof forklarar vidare at angsten forsvinn, og at pasienten då er i betre stand til å handsama ryggsmertene. Sjansen for at dei forsvinn aukar også.

– Det å tenka, føla og tru, spelar inn på korleis ein opplever smerte.

Vanskeleg å kategorisera lidingar som psykosomatiske

Ifylgje Von Hof er det vanskeleg å finna konkrete døme på psykosomatiske lidingar.

– Somme tenkjer at ME er ein psykosomatisk lidelse. Denne kategoriseringsdiskusjonen går ut i konflikt. ME-pasientar meinar det er fysisk, og konflikta kring kva det eigentleg er, hjelper ikkje pasienten, seier Von Hof.

Boye legg til at dei veit for lite, og syner til magesår som døme.

– Mange meinte at magesår skuldast psykiske tilhøve. Så fann dei ei bakterie. Psyken, eller stress, kan likevel ha betydning for om ein utviklar magesår. Mange har bakterien, men ikkje alle får magesår. Det er samansett.

Aksept eller skam?

Ein annan viktig faktor, er korleis omverda responderer på sjukdom.

– Som barn, og som gammal, vert me møtt med omsorg, nesten uansett kva som plagar oss. Haldningane folk har til ulike lidingar påverkar korleis me oppfattar oss sjølve. Ein lærer at ein må bli veldig sjuk for å få hjelp, og det er ei uheldig utvikling.

Ifylgje Boye har kroppslige symptom meir status enn psykiske. Det er lettare å visa kroppslege symptom enn psykiske, og det er vanskelegare å presentera psykiske plager. I tillegg er dei fysiske plagene meir aksepterte av omverda.

Ei myte knytt til psykosomatiske lidingar, er at dei heng saman med personlegdom og vilje. Boye påpeikar kor viktig det er å få fram at plagene er reelle. Ho seier at årsakene kan diskuterast, men at smerten er der uansett.

– Plagene kan skuldast fysiske tilhøve, psykiske tilhøve, eller begge deler. Psykosomatisk tenkemåte går ut på ei forståing om at psykiske tilhøve kan ha både god og dårlig effekt på fysiske tilhøve, seier Boye.

Korona ei ekstra utfordring

Forskarar ved University of Oxford og NIHR Oxford Health Biomedical Research Centre har i ei undersøking funne at koronasmitta personar har større sjanse for å utvikla psykisk sjukdom enn andre, noko som igjen syner dette samspelet Boye og Von Hof snakkar om.

Von Hof fryktar at den pågåande pandemien kan gjera det verre for menneske med psykosomatiske plager.

– Stress, belastning, og korleis pasientane mestrar dette, har betydning for sjukdommen. Ein vert påverka av at ein ikkje kan sjå tv, eller lesa nettaviser utan å få oppdateringar på koronasituasjonen.

  • Les også om 20 menn som har gjeve håp, i korona-året 2020

    Kollasj: David Attenborough (Foto: Joel C Ryan/Invision/AP), Herman Flesvig (Foto: Terje Bendiksby / NTB). Marcus Rashford (Foto: (Paul Ellis/Pool via AP).
ANNONSE