Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Folkehøgskuleelev: – Veldig glad for at eg ikkje valde å studere

Det såkalla koronakullet er 19-åringane som har fått russetid, sisteåret på vidaregåande og første året heimefrå hardt påverka av koronapandemien.

I ei spørjeundersøking svarte over halvparten av studentane at dei har følt seg isolerte den siste tida, kvar tredje person under 30 år føler seg einsam som følgje av pandemien, og  70 prosent av dei under 30 år seier at dei saknar kontakt med andre.

Men det finst eitt lyspunkt: folkehøgskulane.

– Eg angrar absolutt ikkje eit sekund! fortel Susanne Pedersen Thon (19) på telefon til Framtida.no.

Hennar plan var eigentleg å byrje å studere og så kome i jobb så raskt som mogleg, men då eksamen vart avlyst i vår såg ho det som lite sannsynleg å kome inn på draumestudiet. I staden vart det Follo folkehøgskule og hiphop-lina der.

– Fleire av venene mine fortel at dei slit i studielivet og at det er mykje einsemd, så eg er veldig glad for at eg ikkje valde å studere, fortel ho.

Susanne Pedersen Thon (19), elev på Follo folkehøgskole. Foto: Privat

– Det motsette av einsemd

I staden bur ho no saman med 15 andre i eit hus, og har fysisk undervising og sosiale møter kvar dag.

Då skuleåret starta måtte alle i karantene i to veker for å hindre smitte, og elevane bur berre med folk frå si eiga line.

– Kohortar og ein meters avstand må me halde oss til heile tida, men det går fint å vere sosiale her med tanke på at me kan vere i kohortar.

Ein kohort er ei line, og dei same som ein bur saman med. I Thon sitt tilfelle betyr det at ho har omlag 15 personar ho ikkje treng halda ein meters avstand til.

Med dei nye innstrammingane i det øvrige samfunnet i haust, er ho ekstra takksam for folkehøgskulelivet.

– Det var ganske trist å sitte inne heile tida under lockdown i vår, men her har eg nesten følt på det motsette av einsemd. Med tanke på korleis situasjonen er no, er eg veldig glad eg kan gå på folkehøgskule og vere i vårt eige vesle samfunn. Me har alt me treng her.

Hiphop-klassen på Follo folkehøgskole 2020 slepp ein-meters regelen seg i mellom. Foto: Privat

Avlyste førestillingar og reiser

Nokre ting er sjølvsagt annleis og Thon fortel at det enno er rart med det store fokuset på å vaske ting heile tida og å halde avstand.

– Me trener kvar dag og samarbeider med fleire liner. Det kan vere ganske vanskeleg når me må ha to meter avstand.

Danseførestillingar er avlyste og den internasjonale storbyturen dei skulle på likeins.

Likevel er det her ho helst ville vore nett no.

– Eg føler meg veldig trygg her. Eg har også astma, og er i risikogruppa, så eg synest det er litt skummelt å gå på ut på senteret om eg absolutt må. Der føler eg at eg må sørge for at dei andre også held avstand, sjølv om eg gjer så godt eg kan.

Også turar ut frå folkehøgskulen har det blitt mindre av, og dei reiser tidlegare heim til juleferie for å rekke å sitje i karantene 10 dagar etter jul for å hindre å ta med seg smitte tilbake til skulen.

Meir normalt enn resten av Noreg

I vår måtte også folkehøgskulane ha digital undervisning: – Det er ikkje folkehøgskulelivet, seier informasjonsrådgjevar Marit Asheim, som er letta over at dei no får ha ope.

Marit Asheim, informasjonsrådgjevar i Folkehøgskolene, fortel at også dei ser at folkehøgskulelevane er ekstra heldige i år.

– Dei får trass alt eit år som er mykje meir normalt enn resten av Noreg, seier ho på telefon til Framtida.no.

Ho seier at fleire elevar fortel at dei samanliknar seg med vener som er studentar, og set stor pris på at dei får ha dette året.

– Dei får ha fysisk undervising, vere sosiale og bli kjend med nye folk noko som er mogleg fordi folkehøgskulane er så lukka samfunn. Så lenge det ikkje er smitte på skulen, er det ganske trygt der inne.

Ho fortel at folkehøgskulane har gjort mykje for å omstille seg og legge opp smitteverntiltak.

– Dei er veldig heldige

Som informasjonskontor opplevde Folkehøgskolene for første gong å få spørsmål om det i det heile tatt vart mogleg å gå på folkehøgskule i haust. Det har også vore ein god del spørsmål om dei ulike reisene til utlandet, som alle foreløpig er utsette til våren.

Likevel ser Aasheim at elevane er spesielt heldige som får gjere mykje i haust som ikkje alle andre får.

– Det at dei får vere saman med så mange jamgamle fysisk, er nok den største forskjellen med dei som studerer, der mykje har vore digitalt. Dei er veldig heldige. 

Dei siste åra er det fleire skular som også har hatt halvårskurs med oppstart i januar, og med pandemi-situasjonen er det no mange fleire som tilbyr dette.

– Ein ser at folkehøgskuleelevane er så heldige samanlikna med andre unge, og ynskjer å gi dette tilbodet til fleire. Det er ein moglegheit for dei som kanskje kjenner at hausten vart tung, byrja på eit studie dei angrar på, eller hadde tenkt å jobbe og reise dette året.

– Livredd for å bli sendt heim

På dei ulike folkehøgskulane rundt i landet, har det heldigvis vore få tilfelle av koronasmitte og -karantene, så langt.

– Kva skjer om det kjem smitte her?

– Då blir eg ganske stressa, fordi eg er livredd for å bli sendt heim, fortel Follo-elev Susanne Pedersen Thon.

Skulen har gode rutinar og dersom ein person blir sjuk må hen og den hen bur med i karantene på rommet sitt.

Thon fortel at ho og romkameraten likevel har snakka mykje om frykta for å bli sendt heim, slik folkehøgskuleelevane vart i vår.

– Om rektor seier at me skal ha møte får me litt angst for at det skal vere at me skal bli sendt heim. Det er ikkje noko samfunn å koma tilbake til, men her kan me leve litt meir normalt og vere saman i kohortar. Alle er gode vener her.

Ho fortel at ho fryktar eit einsamt liv om ho skulle blitt sendt heim.

– Heime er det ikkje så mykje som skjer. Eg synest det er mykje hyggelegare å vere her med gode venner. Ein kan vere med kvarandre her på skulen, sjølv om ein må ha avstand.

Caroline Clausen. Foto: Privat