Forfattarane sine litterære julegåvetips – svensk humor, Vonde blomar og rørande ungdomsromanar
Ei bok som er så bra at ho må lesast på svensk, mangslungne dikt og ungdomsromanar som riv i hjarta. Her er forfattarane sine beste julegåvetips.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forfattarane sine litterære julegåvetips
Eili Harboe: No fær huset av Laura Djupvik
Skodespelar Eili Harboe (26) debuterte i 2020 som ungdomsbokforfattar med Tre meter med kniv. Ho bytte målform til nynorsk etter vidaregåande og nyttar høvet til å koma med ei nynorsk anbefaling.
– Mitt litterære julegåvetips er No fær huset av Laura Djupvik. Elles likte eg godt ungdomsromanen Under av Sturla Bang og Hilde Kvalvaag.
Tore Renberg: Almanakk av Håvard Rem
For si andre nynorskutgjeving, Tollak til Ingeborg, har Tore Renberg i år vorte første forfattar som får Bokhandlarprisen for ei nynorskbok. Han nyttar høvet til å løfta poesien:
– Eg velger meg den mangslungne diktboka til Håvard Rem, Almanakk.
– Her finn ein eit dikt for kvar av årets dagar, like variert og rikt utført som eit kalenderår er opplevd. Her er sonettar, frie vers, vitsar, skillingsviser og sørgedikt, her er dikt på nynorsk, bokmål og dialekt. Eg fryder meg over den samla arkitekturen i dette verket og eg fryder meg over enkeltdikta.
Neda Alaei: Høgspenning livsfare av Helene Guåker
Debutant Neda Alaei (29) har i 2020 fått både Uprisen, Kulturdepartementets debutantpris og Bokbloggerprisen for ungdomsromanen Dette er ikke oss. Ho brenn for ungdomslitteratur, og nyttar høvet til å løfta denne.
– Mi litterære juleanbefaling er Høgspenning livsfare, av Helene Guåker. Ein ungdomsroman som fint kan treffa vaksne lesarar, med si autentiske og såre skildring av sorg og sakn. Anbefalast på det varmaste for alle som elskar å bli berørt av orda si kraft og magi.
Mads Rage: Vonde blomar av Gunnhild Øyehaug
Forfattar Mads Rage har gitt ut tre bøker på to år og har eit heitt tips til årets julegåve.
– Mitt tips går til den som vil gi bort ei bok som både er gøyal og litterært sterk. Vonde blomar av Gunnhild Øyehaug er ei novellesamling som blømer av energi. Tekstane leikar med friske idear, er morosame og lett tilgjengelege. Denne trur eg kan treffa mange.
Helene Guåker: Ser du dette? av Sigrid Agnethe Hansen
Ungdomsbokforfattar Helene Guåker tipsar om Ser du dette? av Sigrid Agnethe Hansen, som ho kallar «ei engasjerande bok om å stable seg sjølv på beina etter eit fall, og om å tillate seg å stole på nokon igjen».
– Den tek for seg eit tema som eg dessverre trur mange unge kan kjenne seg att i, nemleg nakenbilete spreidd på nett og på skulen. Hovudpersonen Anna og familien hennar flytter frå heimplassen for å kome unna skulen og ryktet. For ei som tek nakenbilete av seg sjølv og sender til ein gut må jo vere ei hore? Eller?
Hanna Stoltenberg: Dagarna, dagarna, dagarna av Tone Schunnesson
Hanna Stoltenberg fekk i år Tarjei Vesaas’ debutantpris for debuten Nada. Når ho skal tipsa om årets julegåve ser ho utanlands, til søta bror.
– Dagarna, dagarna, dagarna er svenske Tone Schunnesson sin andre roman, og handlar om Bibbs, ein 39 år gammel bloggar og influencar, som blir dumpa av sambuaren sin, Baby, og har ei veke på seg til å skaffe 100 000 kroner, skal ho behalde leiligheita og verdigheita. Eg elska denne boka. Schunnesson klarar den sjeldne bragda det er å skrive veldig morosamt og samtidig veldig klokt om samfunnet vi lever i og kva relasjoner og følelsar det skapar. Boka finst foreløpig ikkje i norsk omsetting, men sjølv eg, som trudde eg ikkje kunne lesa svensk, kom fort inn i det.