Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har du ei gamal tante som masar etter ei ønskeliste, sjølv om du ikkje har snøring på kva du eigentleg ønskjer deg til jol? Eller seier foreldra dine at dei ikke ønskjer seg anna enn snille barn og fred på jord?

Her kjem ei liste med bøker som du heilt trygt kan leggja under treet, eller sjølv ønskja deg til jol.

Kleda er gjennomvåte

Romanen Kleda er gjennomvåte av Erlend Skjetne er utan tvil den beste boka eg har lese i år. Boka er rett og slett eit lite meisterverk, der dei såraste temaa blir behandla på den vakraste måten. Språk, komposisjon, persongalleri – alt klaffar i denne boka. Perfekt!

Det er berre å skriva Kleda er gjennomvåte øvst på ønskjelista, eller springa ut å kjøpa ho no med ein gong.

Les bokmeldinga her.

Du

Nest etter god mat og gåver så handlar jola faktisk om ein liten gut som blei født for 2000 år sidan. Ifølge foteljinga skal guten ha vekse opp for å frelsa verda frå alt det onde, slike ting er det mange som tek alvorleg, fasikkens alvorleg. Akkurat det skriv Håvard J. Nilsen innmari godt om i boka Du. Romanen handlar om hovudpersonen Sigurd sitt brutale brott med den karismatiske pinserørsla.

Kva skjer eigentleg med ein person når heile verdsbiletet rasar saman?

Du handlar om tru, håp og tvil, om å finna noko å tetta igjen tomromma i livet med. Du er ei bok om dei verkeleg store spørsmåla, om korleis me prøver å finna svar på dei, og om korleis det kan slita ein person i sund.

Les bokmeldinga her.

Rød jul

Det blir ingen jol utan jolehefte. Dei siste åra har fleire forlag teke opp att tradisjonen med litterære julehefte. I år er det særleg ein nykomar i denne floraen eg spent på, nemleg Rød jul frå Forlaget Manifest. Heftet har ei gullrekke av bidragsytarar og nyskrivne tekstar, i tillegg har redaktørane funne fram klassikarar som Amalie Skram og Rudolf Nilsen.

Forlaget Manifest held til på den politiske venstresida, og me kan forventa oss engasjerande og utfordrande tekstar. For den som er interessert i politikk og samfunnsengasjert må dette heftet vera den perfekte lektyren til peparkake-spising og kakao-drikking.

Klimaopprøret

Om smittesituasjonen tillét det så skal du kanskje i joleselskap i år òg. Kven møter du der? Blant ein haug med tremenningar du ikkje visste at du hadde sit ein gamal onkel og gnålar om at han ikkje trur på klimaendringane. «Uff!» tenkjer du.

Heldigvis fekk du boka Klimaopprøret av Gaute Eiterjord på jolaften.

Den korte pamfletten har du allereie rokke å lesa ferdig, og no er du klar med hundrevis av argument. Tipsa du har fått i boka gjer deg i stand til å slå tilbake mot alt den gamle grinebitaren seier. Det er ingen tvil om kven som kjem til å vinna debatten!

Les bokmeldinga her.

Tore Renberg Tollak til Ingeborg

Tore Renberg feirar 25 år som forfattar med å gje ut sin andre nynorskroman. Foto: Marie von Krogh, Cappelen Damm

Tollak til Ingebrog

Den nye boka til Tore Renberg er inkje anna er ein stor suksess. Bokmeldarane rosa Tollak til Ingeborg langt opp i skyene, og no har boka òg vunne den gjeve Bokhandlerprisen. Renberg har skrive eit truverdig og godt portrett av ein mann som har falle litt utanfor resten av samfunnet. Det heile er gjort med djup menneskeleg innsikt og med omtanke for dei svakaste blant oss. Det er berre å ta hatten av for Tore Renberg, Tollak til Ingeborg er ei knallgod bok.

Les bokmeldinga her.

SKALDs klassikarar

Serien SKALDs klassikarar er ei lita skattkiste med bøker. Konseptet er enkelt, nokre av dei beste bøkene i verda blir omsett til nynorsk og gjeve med eit hendig og vakkert design. Bøkene er ikkje berre ein fornøyelse å lesa, men tek seg òg godt ut i bokhylla – eller innpakka i gåvepapir.

Det har kome ut 14 bøker i serien sidan starten i 2016. Nokre av høgdepunkta er Forvandlinga av Franz Kafka, Frankenstein av Mary Shelly, Sjakknovelle og andre tekstar av Stefan Zweig og den siste utgjevinga Ein, ingen og hundre tusen av Luigi Pirandello.

Jernulven

Fantasydronning Siri Pettersen har kome med ei ny bok i haust. Jernulven er den første boka i den nye trilogien Vardari. Og etter den første boka å dømma, så kjem Vardari til å bli ein like fantastisk trilogi som den legendariske Ravneringene-serien.

Det er ingen andre i Noreg som meistrar å skriva spennande og oppslukande fantasy sånn som Siri Pettersen, det gjer Jernulven til boka alle fantasy-fans berre må lesa i år.

Et lovet land

Viss du ikkje fekk ein overdose av amerikansk politikk under den amerikanske valkampen i år, så er dette kanskje boka du skal bruka joletida på. Forfattaren treng sjølvsagt ikkje nokon introduksjon. Et lovet land er det første bindet av memoarene til Obama om presidenttida hans.

Boka han har skrive er ikkje ein tørr og kjedeleg murstein. Obama viser seg som ein særs god forfatter. Sjølv om ein allereie kjenner historia og veit kva som kjem til å skje så held boka politisk-thriller-nivå nesten heile tida, og språket og prosaen til Obama er framifrå.

Sjølv skriv Obama i Et lovet land at han meiner at han ikkje burde blitt tildelt Nobels fredspris, men Svenska Akademien bør kanskje leggja Et lovet land og alle dei fantastiske talane Obama har halde til leselista før dei skal dela ut neste litteraturprisen.

Eili Harboe med debutboka Tre meter med kniv

Eili Harboe. Foto: Jonathan Vivaas Kise

Tre meter med kniv

Skodespelaren Eili Harboe har bokdebutert i år, det blei ein suksess. Boka Tre meter med kniv er eit djupdykk ned i kjenslelivet til Lykke, ei jente i ungdomsskule-alder som bur i Stavanger. Ho er (hemmeleg) forelska i Simeon, og det tek ikkje lang tid før boka utviklar seg til ein vakker kjærleiksforteljing. Men det er ikkje alt boka handlar om, venskap, seksualitet, rus, religion og psykisk helse er og viktige tema ein kan lesa om i boka.

Tre meter med kniv er ei leseverdig bok som lett kan slukast på ein desemberdag.

Les bokmeldinga her.

Fuglane

Har du eller nokon du kjenner enno ikkje lese Fuglane er det jammen på tide å gjera noko med det. Denne evig aktuelle klassikaren blei i si tid ført i pennen av Tarjei Vesaas, i dag dei fleste samde i at ho er blant dei beste bøkene som nokosinne er skrive. Ytre sett er handlinga enkel, boka dreier rundt syskenparet Mattis og Hege.

Mattis er ikkje slik som alle andre, han blir kalla for «Tusten» og det er liksom som han ikkje heilt passar inn i verda saman med oss andre. Livet er ikkje lett for Hege, Mattis eignar seg ikkje for arbeid så ho er nøydd til å forsørgja båe to.

Å tolka Fuglane er ikkje lett. Boka er særs open og stiller fleire spørsmål enn ho gjev svar. Det viktigaste er uansett at det er ei veldig sterk oppleving å lesa Fuglane og vera saman med Mattis og Hege. Fuglane er ei fantastisk bok som alle bør lesa.

Eva Meyer Eide (14) sine fantasy-favorittar. Kollasj: Framtida.no/Bakgrunnsfoto:JR Korpa/Unsplash