Bokmelding: – Snakkar hol i hovudet på meg med pennen
Den unge forfattaren Agnes Kippersund Frogner kallar boka det den er: «En rimelig trøblete roman om kvinner og menn og krig og fred og te og terror».
 
													Denne boka fall absolutt i smak, og eg vart utfordra til både å seie og gjere meir. Endeleg nokon som skriv som ein ungdom! Agnes er namnet på både hovudkarakteren og forfattaren sjølv. I boka er ho nitten, no er ho tjue. Ikkje rart det kjennest autentisk.
Hovudkarakteren pakkar sekk og koffert og set seg på flyet til Irland. Ho skal skrive ei bok om den valdelege epoken i irsk historie, ofte kalla «The Troubles». Ikkje spør kvifor eller korleis.
Eg synest Agnes Kippersund Frogner er modig. Her er fleire tema som eg ser føre meg at eldre forfattarar gøymer i kulissane og let liggje mellom linjene, fordi dei er for komplekse. Men Agnes K. Frogner berre skriv det: som når ho reflekterer over at vi alle kunne ha vore terroristar, om vi berre hadde ei anna oppvekst.
En rimelig trøblete roman om kvinner og menn og krig og fred og te og terror
Forfattar: Agnes Kippersund Frogner
Forlag: Flamme Forlag
Utgjeve: August 2025
Sjanger: Roman
Skulle hatt kart
Eg undrar meg over om Agnes meiner at det ho skriv om er allmennkunnskap. At unge i dag veit kva IRA og UVF er. Veit om den djuptgripande konflikten mellom protestantar og katolikkar. Veit kva protestantar og katolikkar er i det heile.
Sjølv trudde eg at eg kunne litt over gjennomsnittet mykje om denne historia, men her var det fleire hol. Eg rakk å tenkje, sikkert fem gonger, at boka skulle hatt eit kart. Nokon tenkjer kanskje det berre høyrer til i spenningsbøker for born, men eg vil slå eit slag for kart i vaksenromanar. Elles kunne ein ha kome langt med ei tidslinje eller ordforklaringar.
Ei teneste
Det kan ha vore med vilje. At Agnes vil at vi skal lukke boka, finne fram pc-en og undersøkje alt vi lurer på etter å ha lese henne. Dei som sit med same engasjement som forfattaren sjølv, gjer kanskje det. Dei andre vil mangle noko. Og det er litt synd, for det skal ikkje så mykje til før vi skjønar mykje meir. Så om du er ein av dei andre, har eg tillate meg sjølv å gjere deg ein teneste:
- «The Troubles» viser til dei urolege åra 1968 til 1998 i Nord-Irland. Det er to sider av konflikten:
- 1. Republikanarar/nasjonalistar: Dei som ønskjer at Nord-Irland skal bli ein del av Republikken Irland. Dei er hovudsakleg katolikkar og identifiserer seg som irske. IRA (Irish Republican Army) er den viktigaste militante gruppa.
- 2. Unionistar/lojalistar: Dei som ønskjer at Nord-Irland framleis skal tilhøyre Storbritannia. Dei er hovudsakleg protestantar og identifiserer seg som britiske. UVF (Ulster Volunteer Force) er den viktigaste gruppa.
 
(Kjelde: Britannica).
Rivande kjensler
Det er forfriskande lite romantikk i boka, og sjølv det vesle som er må forfattaren nesten vere unnskylda. Men ikkje tru at boka er redd for kjensler og store ord. Dei sterke kjenslene finn vi i samfunnsengasjementet til Agnes. Dei store draumane hennar om fred og det bitre hatet retta mot urett.
Korte dialogar og lange tankerekker gjer boka underhaldande. Kronologiske kapittel gjer den lett å følgje. Eg får kjensla av at Agnes er kvikk. Ho snakkar hol i hovudet på meg med pennen.
Berre nokre dagar etter eg har lukka boka, har eg gløymt alle dei andre karakterane. Dei har ikkje så framståande roller. Dei er der mest for å leie Agnes vidare. Det er kanskje litt typisk unge å vere sjølvsentrerte? Men her gjer det ikkje så mykje. Agnes tar mykje plass med rette, ho skal jo trass alt redde verda.







