«Lothepus» (56) er ikkje feminist – dottera Ida (21) er ueinig
Det viktigaste for Leif Einar og Ida Lothe er å vere seg sjølv, utan å bry seg om kva andre meiner.

– Det er eg som får tilsendt alle mailar, datoar, klokkeslett og alt saman, seier Ida Lothe (21)
– Eg har jo ikkje kontroll på ein drit. Eg driv ikkje med data. Eg kan ikkje data, eg kan ikkje vippse eingong. Eg kan ingen fandens ting, seier Leif Einar Lothe (56), også kjent som Lothepus.
Framtida.no møter far og dotter i Østbanehallen medan dei fartar rundt for å promotere den nye boka Lothepus-manualen. Der kjem han med både forteljingar og gode råd, men det aller meste kokar ned til noko ganske enkelt.
– Du må vere deg sjølv, så kjem du lenger, seier han.
Dritkult å designe kjolar
Det rådet, pluss ein del andre, har dottera Ida fått opp gjennom oppveksten.
– Viss det er noko han vil seie, så seier han det jo. Og viss det er noko han meiner du gjer feil så seier han frå.
Det er ikkje alltid lett å la vere å bry seg om kva andre synest og tenkar, men ho prøver sitt beste. Når Ida ikkje tek ansvar for faren sin bokturne hjå forskjellige mediehus, studerer ho motedesign og modellismemedarbeidar på ESMOD Oslo, ved Høgskulen Kristiania.
– Eg har alltid likt å sy, også er eg glad i klede og design generelt. Det var vel ei blanding av det og at eg ikkje veit kva eg vil bli, så då berre tok eg eit fag som eg synest er kjekt.
Fyrste kjolen vart sydd ilag med faren, kan Leif Einar informere om.
56-åringen frå Odda skildrar ein dag då dottera gjekk på barneskulen, då dei reiv ned ei gardin i stova for å finne stoff.
– Så stal vi symaskina og sydde kjole. Det gjekk det, ho gjekk faktisk med han, skryt Lothepus.
Dei brukte heile dagen på prosjektet, og Ida fekk sitt fyrste forsøk i moteverda.
– Du er jo glad i gamal mote, det synest du er stilig og kjekt, seier ho til far sin, som nikkar.
– Eg kunne tenkt meg å designe kjolar sjølv faktisk, for det er dritkult. Det er altfor masse kjedelege klede i dag. Sjå kva dei gjekk i på 1800-talet, dei flotte kjolane til damene. Og i 1910 til 1930 var dei jo skreddarsydd, men i dag skal liksom alle gå i det same. Kvifor det? undrar far.
Feminist(ane) Lothe?
Leif Einar Lothe har ikkje vore redd for å skilje seg ut opp gjennom oppveksten. Han gjekk i cowboyhatt på barneskulen, og har hatt ei utrøytteleg tru på seg sjølv og sine evner. Hovudyrket har vore i anleggsbransjen, men ved sida har han laga musikk sidan 2009.
I 2014 vart han landskjent gjennom TV 2-serien Fjorden Cowboys, ein dokumentarserie som følgde Leif Einar Lothe og kompisen Joar Førde som arbeidde saman i anleggsbransjen i Hardanger. Han vann fyrste sesong av Farmen kjendis i 2017, og då eksploderte også kjendisstatusen hans.
Samstundes vart han kjent for å ha ganske konservative meiningar om arbeidsfordeling og kjønnsroller.
– Du har jo hatt nokre kontroversielle utspel om kjønn, men det har kanskje endra seg med tida?
– Eg har gitt meg med alt tullet der. Eg har fått mykje meir forståing, seier han, før dottera bryt inn.
– Og han har funne ut at han er feminist.
– Nei, eg er jo ikkje feminist!
Det følgjer ein liten diskusjon med Lothe mot Lothe om definisjonen av feminisme. Er det å vere for lik løn for likt arbeid, og mot trakassering, noko som automatisk gjer deg til ein feminist? Og kan ein vere det utan å vere raudstrømpefeminist, og bli assosiert med Kari Jaquesson? (Noko den eldre av dei helst vil unngå.)
– Men viss vi legg bort merkelappane, du har endra meining med åra?
– Eg har endra masse meiningar. Eg har jo innrømt at eg har teke masse feil. Eg trudde jo at eg var kjempetøff, men eg har jo sett at det å vere best er at alle er gode på sin måte.
Reality åleine …
For Ida Lothe er det vanskeleg å skildre korleis det er å vekse opp med ein sånn far.
– Eg veit aldri heilt korleis eg skal forklare det, men det har både vore veldig kjekt, med masse moglegheiter og som sikkert ikkje så mange andre har hatt, men han har jo vore veldig oppteken også.
Foreldra hennar skilte seg då ho var rundt fem år, og etter det var barna med faren annankvar helg.
– Vi såg han ikkje så mykje, så vi la ikkje så mykje merke til det då vi var med han. Men, det var jo litt kult å ha ein far som var på TV og som folk ville ha selfie med og sånn.
Så vann han Farmen.
– Då vart det masse, og dei helgane vi eigentleg var hjå han var han ute og spelte konsertar i staden, så då enda det opp med at vi såg han endå mindre, og det var veldig kjipt.
… og reality saman
Dei fann likevel saman att. I vår kunne ein sjå far og dotter i programmet Først til verdens ende.
Konkurransen går ut på at lag med eit avgrensa budsjett reiser rundt om i verda for å kappast om å kome til målstreken. Alle framkomstmiddel utanom fly er lov. Det vart ein månad der dei levde saman ganske tett. Ida var den som tok bilete, spurte folk om hjelp, og i ettertid er ho er glad for at ho vart med faren på TV.
– Hadde eg reist åleine så hadde eg sitte som eit esel i Marrakech enno, og hadde ikkje funne vegen. Ho tok all styringa då, skryt Leif Einar.
– Det var eigentleg slik vi vart betre kjent med kvarandre. Det var jo ein månad i strekk i lag, seier Ida.
Dei fekk ikkje så mykje tid til å sjå seg rundt der dei reiste, men har tenkt i ettertid at dei må kome seg tilbake til nokre av stadene dei såg.
I første omgang blir det rundturen i Oslo, der Ida synest det er triveleg å stille opp for faren sin.
– Uansett kor mykje vekke han har vore, så kjem eg alltid til å vere her og ønske hans beste, og hjelpe til viss det trengst. Og eg synest jo det er veldig kjekt å vere med på sånne ting sjølv, og oppleve det litt.