Bokmelding: Forbanna ungdom – ei gåve til lesetrøytt ungdom

Forbanna ungdom er ei svært god bok, som trass i ein viss mangel på originalitet, kan appellere godt til eit breitt spekter av ungdom.

Sigrid Forbord Hoseth
Publisert

Fan av forfattarar som Zeshan Shakar, Thomas Korsgaard eller Frederik Svindland? Då kjem nok Forbanna ungdom av Aon Raza Naqvi til å falle i smak hos deg. For korleis er det eigentleg å vekse opp på 2000-talet, i eit miljø prega av kriminalitet, rasisme og kaos?

«Problembarna»

Forbanna ungdom

Forfattar: Aon Raza Naqvi

Forlag: Cappelen Damm

Sjanger: Ungdomsroman

Sider: 229

Forbanna ungdom handlar om femtenåringen Noh frå Larvik, som ofte endar opp i ei rekke uheldige situasjonar. Grunna dette, ender han, bestekompisen hans, og to andre elevar, opp på ART, eit kurs i sinnemeistring. Kurset skal hjelpe ungdommane å unngå å ende opp med å utagere i vanskelege situasjonar.

Deltakinga i kurset er den raude tråden gjennom forteljinga. Samstundes handlar ho også om andre tema som kan knytast til ungdomstida, som kjærleik, familie, rus og det å kjenne seg utanfor. For trass i at Noh ofte kjem litt uheldig ut i møte med andre menneske, er han ein svært reflektert og forståingsfull tenåring, noko som kan gjere det lettare for lesaren å forstå korleis det eigentleg er å vere eit av desse «problembarna» som alltid endar opp i konfliktar.

Humor og realistisk miljø

Naqvi skriv svært godt og engasjerande, blant anna gjennom bruken av humor, og dei realistiske skildringane av ungdomsmiljø. Grunna dette er det lett å komme inn i handlinga, og dessutan å lese ferdig. Forbanna ungdom kan derfor vere ei svært god bok for unge som synast det kan vere vanskeleg å setje seg ned med ei lang og tung bok. For med ei handling med høgt tempo, morosame karakterar og situasjonar ein kan relatere til, er Forbanna ungdom ei bok som kan appellere både til «problembarna», «flinkisane» og alle midt i mellom.

Samstundes er boka relativt lik andre ungdomsromanar som har fokus på det å vekse opp, og å kjenne på det å skilje seg ut. Det finnast fleire bøker med same tematikk, noko som kan gjere boka ein smule uoriginal, om ein har lest fleire liknande bøker tidlegare.

Aspektet med å knytte handlinga opp mot ART-programmet gjev likevel boka ein eigen vri, fordi skildringane og kunnskapen rundt tema gjer historia svært realistisk, kanskje grunna forfattarens eigen erfaring med programmet.

Ikkje lett å vere ung

Forbanna ungdom er ei svært god bok, som trass i ein viss mangel på originalitet, kan appellere godt til eit breitt spekter av ungdom. Om ein sjølv ikkje relaterer til dei mange hindringane som hovudpersonen møter på, bidrar den reflekterte og morosame eg-forteljaren til å skape innsikt og forståing hos lesaren. For som det kjem fram i romanen; så er det ikkje lett å vere ung, og då er det godt å kunne kjenne seg sett og forstått.