Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er svak for god science fiction med humor, og elles er ingenting så gøy som å lesa noko det overraskar meg at eg likar, så eg prøver meg gjerne på ting eg blir tipsa om, anten det er sakprosa eller skjønnlitteratur, skriv Mads Rage i ein e-post til Framtida.no.

37-åringen frå Tysnes debuterte med dystopiske Og skipet siglar vidare i 2018. Året etter kom Miklastaur, ei absurde soge om utanforskap og det å vera annleis.

Heller ikkje som lesar ligg Rage på latsida. Han les nemleg mellom 50 og 150 bøker årleg.

Me har teke ein kikk i bokhylla til Mads Rage:

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Mannen uten egenskaper. Eg likar romanen, men det er noko med språket i den norske omsetjinga som gjer at ho har blitt liggjande ei stund.

Kor les du?

Helst på sofaen heime, men eg merkar at når eg les andre stader, så hugsar eg lesinga betre, så eg prøver å variera.

Desse bøkene fekk Mads Rage til å grina, le, bli sint og tenkja.

Kva bøker vart lesen til deg som liten?

Mor las mellom anna eventyr og Donald. Far spelte og song frå Folk og røvere i Kardemomme by.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Hugsar veldig godt då eg las Hobbiten og Ringenes herre. Filmane fanst ikkje, og eg hadde ikkje vore borti noko liknande før.

Mads Rage leste Ringenes Herre lenge før storverket vart filmatisert og hadde aldri vore borti noko liknande. Her er Elijah Wood i rolla som Frodo.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Om eg tenkjer slik, så er det helst om ein vag idé av ei bok som ikkje finst, men som ville vore storslagen om ho var mogeleg å skriva.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Det kan vel ikkje reduserast til eit enkelt svar, men ofte kjenner eg at dei bøkene som held best på interessa mi insisterer på eit eller anna som gjerne er vanskeleg å gripa. Boka prøver å bera ein idé og halda han oppe lenge nok til at ein kan få ei kjensle av kva han betyr.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Gregor Samsa. Kvar einaste morgon er jo slik.

Filosofen Aristoteles (84-322 fvt) (t.h) er avbilda i samtale med Platon i Rafael sitt storverk Skolen i Athen (1509) i Vatikanpalasset. Til høgre ein kopi av ein skultur laga av Lysippos. Foto: Eric Gaba

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Aristoteles. For då måtte eg ha skjerpa meg ein del.

Tarjei Vesaas’ har eit forfattarskap Rage kunne halde ut med lenge. Foto: Gyldendal Norsk Forlag

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Det ville jo vore triste greier, men eg det måtte heilt klart ha vore ein god norsk forfattar som ikkje skreiv altfor langt unna mi eiga tid. Kanskje Tarjei Vesaas.

Kva av bøkene dine ville du sett filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

Miklastaur med Joaquin Phoenix i hovudrolla.

Treng du fleire lesetips? Ta ein sniktitt i fleire bokhyller her!

Joaquin Phoenix fekk Oscar for beste hovudrolle for si tolking av den triste klovnen Arthur Fleck i Todd Phillips sin «The Joker». Foto: Warner Bros/ SF Studios

Mads Rage

Alder: 37

Frå: Oppvaksen på Tysnes, busett i Oslo

Utdanning: Informasjonsvitskap, medievitskap og anna frå Universitetet i Bergen i tillegg til årsstudium ved Skrivekunstakademiet

Yrke: Forfattar, rådgjevar i politiet