Hanna Stoltenberg (31) fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris – sjekk ut bokhylla hennar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ein stor heider, som eg er utruleg glad og takksam for, og som gjer det mogleg for meg å setje av meir tid til å skrive, seier Hanna Stoltenberg i ei pressemelding frå forlaget.

I fjor debuterte Hanna Stoltenberg med romanen Nada på Gyldendal forlag, til strålande kritikkar. Aftenpostens meldar beit seg merke i forfattaren sine treffsikre observasjonar, medan kulturavisa Natt og Dag kallar det noko så sjeldan som ein strålande debutroman.

I dag vart det klart at 31-åringen får Tarjei Vesaas’ debutantpris.

– No er eg veldig motivert til å halde fram med å skrive noko nytt og bra, og er så vidt i gang med ein ny roman, som eg får mykje tid til å jobbe med i heimekarantene – eit lyspunkt i ei rar tid, seier prisvinnaren.

I løpet av eit godt år les Stoltenberg rundt 40 bøker, me har teke  ein titt i bokhylla til den talentfulle debutanten.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Uncanny Valley, Moby Dick (som har ligge der minst eitt år), Kartet og terrenget av Michel Houellebecq og The Emerald Light in the Air av Donald Antrim.

Desse bøkene fekk forfattar Hanna Stoltenberg til å grine, le, verte sint og tenkje.

Kva bøker les du helst?

Eg leser helst romanar, og har ein hang til kvinnelege forfattarar med eit skarpt blikk for korleis politiske, teknologiske og sosiale skifte grip inn i menneskets intime relasjonar. Eg likar bøker som forholder seg aktivt til den historiske augeblinken dei skrivast i.

Den siste tida har eg gjort ein innsats for å lese fleire bøker av menn, og blant dei som har opptatt meg mest er Libra av Don DeLillo, Theres av Steve Sem-Sandberg og Limonov av Emmanuel Carrère, som baserer seg på liva til høvesvis Lee Harvey Oswald, Ulrike Meinhof og Eduard Limonov, og utfordrer grensene mellom sakprosa og fiksjon.

Frå venstre: Russiske Eduard Limonov har vore sentral i Det nasjonalbolsjevikiske partiet og er skildra av forfattar Emmanuel Carrère, den tyske venstreekstremisten Ulrike Meinhof var ein av grunnleggjarane av terrororganisasjonen Rote Armee Fraktion (RAF) og er skildra i «Theres» av Steve Sem-Sandberg, medan Lee Harvey Oswald var mannen som skaut John F. Kennedy, noko som vert problematisert av Don DeLillo  i  «Libra». Foto: Dmitry Rozhkov, Meinfof-familien og Dallas Police; Warren Commission – Heritage Auction Gallery/Wikipedia

Kor les du?

I sofaen, i senga, på bussen, på ferie.

Kva bok/bøker vart lesen til deg som liten?

Eg var heldig og blei lest mykje for som barn. Dei to sterkaste minnene er mamma som les Den hemmelige hagen av Frances Hodgson Burnett og pappa som les Kabalmysteriet av Jostein Gaarder. Eg likar frammleis å bli lesen for – for tida les kjærasten min krimromanane til Sjöwall & Wahlöö høgt på senga, som i tillegg til å vere veldig gode bøker, har den perfekte kapittellengda for det formålet.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

The Great Gatsby av F. Scott Fitzgerald.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Journey by Moonlight av Antal Szerb. Ein absurd, komisk, spirituell (!), original, uføreseieleg og perfekt roman. Av nyare bøker vil eg nemne Herfra til Hiroshima av Sunniva Lye Axelsen, som eg har tenkt på og snakka om meir eller mindre ustanseleg sidan eg leste ho i fjor, og som inspirerte meg veldig.

Hanna Stoltenberg skulle gjerne ha skrive «A journey by moonlight», som ungarske Antal Szerb (1901-1945) gav ut i 1937. Foto: Wikipedia

Kva meiner du gjer ei bok god?

Ei særeigen stemme, som ikkje insisterer på å bli tatt på alvor, men har sjølvsikkerheita til å gjere akkurat som den vil.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Nevrotiske og sjølvrettferdige karakterar med stort kontrollbehov og mange kjensler.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Renata Adler trur eg hadde vore ein interessant gjest, sjølv om eg nok hadde vore nervøs for å utsetje meg og mine veldig middelmådige vertinneevner for blikket hennar.

Brasilianske Clarice Lispector (1920-1977) er ein av Hanna Stoltenberg sine favorittar. Foto: Arquivo Nacional

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Clarice Lispector.

Boka di vert film – kven spelar hovudrolla?

Hvis Karin (hovudkarakteren min) hadde fått velje, ville ho nok sagt Isabelle Huppert eller Cate Blanchett – ei som stadig beskrivast som kjølig og elegant. Eg trur eigentleg ikkje det er riktig casting, men ho skal få viljen sin.

Australske Cate Blanchett og franske Isabelle Huppert er kvinner som karakteren Karin gjerne skulle sett portrettere seg sjølv. Foto: Gade Skidmore/Flickr.com og Georges Biard/Wikipedia

Hanna Stoltenberg

Alder: 31

Frå: Oslo

Yrke: Eg har jobba mange år som journalist, men for tida jobbar jeg med tekstproduksjon på Munchmuseet, som mellom anna betyr at eg skriv veggtekst i utstillingane.

Lesemengd i året: Eit godt år: rundt 40.