Ikkje sidan 1967 har ei bok på nynorsk vunne Bokhandlarprisen. Vinnaren er stemt fram av bokhandlartilsette over heile landet.
mm
Fakta: Tore Renberg
  • Tore Renberg (f. 1972) bur i Stavanger.
  • Han debuterte i 1995 med Sovende floke, som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for.
  • Renberg òg mottatt romanprisen frå P2-lyttarane. Han har skrive ei rekke bøker for vaksne og barn som blir lese av eit stort publikum både i Noreg og utlandet. Han har òg utmerkt seg innan film, teater og musikk
LES FAKTALUKK FAKTA

Tysdag vart det klart at Tore Renberg blir tildelt årets Bokhandlerpris for den kritikarroste romanen Tollak til Ingeborg som kom ut tidlegare i haust.

Bokmeldaren til Framtida.no kalla boka eit glimrande portrett av ein antihelt.

– Herleg

Med heile ti nominerte til den gjæve prisen er nålauget trongt, og det var sjølvsagt ein svært glad og takksam forfattar som gjekk heilt til topps hos bokhandlarane.

– Dette var skikkeleg herleg! Eg takkar for tilliten frå norske bokhandlarar, som har stemt fram Tollak til Ingeborg. Det er himla gjævt å få denne heideren frå dei storlesende fotsoldatane som arbeider på golvet i den norske bokheim, ansikt til ansikt med lesarane.

Det seier prisvinnar Tore Renberg i ei pressemelding frå Cappelen Damm, og legg til:

– Eg vil òg helsa til mine mange gode kollegaer, eg veit konkurransen var svært sterk i år.

I eksklusivt selskap

Renberg får prisen for andre gong og det er berre fem forfattarar som tidlegare har begått den bragden. Med årets roman er Renberg den første sidan Tarjei Vesaas (i 1967) som får prisen for ei bok skrive på nynorsk. Vesaas fekk då prisen for Bruene.

Bokhandlarprisen vart delt ut første gong i 1948, og er ein bronsestatuett: «Takk for boka», utført av biletdhoggar Nils Aas.

– På vegner av norske bokhandlarar vil eg takka for denne gode, spennande og velskrevne boka. Dette var ei leseoppleving av dei sjeldne og eg håpar Tollak til Ingeborg får mange lesarar, det fortener ho, seier Trine Stensen i Bokhandlerforeningen.


Les også om då Tore Renberg var 20 år og fornærma for at han enno ikkje hadde fått publisert tekstane sine: – På kveldane og nettene jobba eg med det som skulle bli mi debutbok.

Tore Renberg
20 år gamle Tore Renberg på Stavanger Stasjon, på veg til Roskilde-festivalen. Foto: Privat

 

Oppdatert: tysdag 17. november 2020 12.05

LES OGSÅ

ANNONSE