– Eg synest det er trist og utruleg uklokt å kutte i midla til breibandsutbygginga, seier Torleik Svelle, leiar i Senterungdommen.
mm

Reaksjonen kjem etter at Statsbudsjettet for 2021 vart lagt fram av regjeringa onsdag, der det er lagt opp til ei løyving på 264,1 millionar kroner til utbygging.

Eit kutt på 136 millionar kroner, samanlikna med i 2020.

Ekstra tilskot på grunn av koronakrisa

I statsbudsjettet for 2020, ville regjeringa løyva 256 millionar kroner i tilskot til å byggje ut breiband i 2020.

Men så kom våren 2020 og koronakrisa, som viste eit akutt behov for internett-tilgang rundt om i landet, og 150 millionar ekstra vart løyvd frå Stortinget for å bygge ut meir.

Dette gav eit tilskot på til saman 400 millionar i 2020.

– Det er rett og slett ingenting

No reagerer Senterungdommen på at regjeringa har kutta i denne summen, når dei i 2021 legg opp til ei løyving på 264,1 millionar kroner.

– Det er ikkje slik at næringslivet er ferdig med koronakrisa til neste år. Det er også ganske arrogant av regjeringa at dei synst det er heilt greit at 10 prosent av befolkinga står utan breibandsdekning, som i prinsippet er det dei gjer når dei ikkje opprettheld nivået frå i år, seier leiar i Senterungdommen, Torleik Svelle på telefon til Framtida.no.

Han meiner det i praksis blir småpengar att når ein tek totalsummen og fordeler utover alle fylke.

– Det er rett og slett ingenting.

Torleik Svelle er leiar i Senterungdomen. Foto: Senterungdommen

Senterungdom-leiaren meiner regjeringa ikkje ser ut til å sjå kor naudsynt dette er.

– Då ein bygde ut straumnettet i Noreg var det ikkje eit spørsmål om alle skulle få straum. Sjølvsagt skulle alle få det. Det var viktig for å bli med på utviklinga og leve gode liv. No har det blitt eit kostnadsspørsmål og regjeringa seier at folk i distrikta må greie seg med hustelefon eller dårleg dekning. 

Han trur dårleg nett-tilgang fører til utanforskap, anten det er vaksne som ikkje kan betala med nettbank og vere med på Teams-møter, eller ungdom som ikkje kan spele Fortnite med vener.

– Det er kanskje ein banal ting, men eg trur det er noko ungdom idag kjenner på. Så mange av dei sosiale møtestadane er på nett, men så får ein rett og slett ikkje tilgang, fordi infrastriktuturen for å delta ikkje er der du bur.

Han meiner dette handlar om ei satsing på heile landet, og at ein skal kunne leve like gode liv uansett kor ein bur.

Han legg også vekt på næringslivet i distrikta.

– Det er avanserte fjøs, lakseoppdrett og meir som må ha godt og stabilt nett for å kunne ha ei god drift. Ein må ha driftsikkert fibernett. 

Regjeringa: – Ekstraordinær tilleggsløyving

Foto av distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H): Astrid Waller/Regjeringen

– Løyvinga for 2020 er den høgaste som har vore nokon gong i Noreg, svarar distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) i ein e-post til Framtida.no.

På spørsmål om kvifor breibandssatsinga frå 2020 ikkje vert vidareført i 2021, svarar Helleland slik:

– Dei 406 millionar kronene som skal brukast i år, inkluderer ei ekstraordinær tilleggsløyving som var eit koronatiltak.

Desse midlane skal sikra dei områda der marknaden ikkje sørger for dekning, ofte områda med mest spreidd busetnad, medan dei kommersielle aktørane bygger der det er meir kommersielt lønnsomt, foklarar ministeren.

– Denne modellen fungerer godt, og er grunnen til at Noreg saman med Danmark har den aller beste mobil- og breibandtilgangen i Europa.

I ei pressemelding frå departementet skriv dei at løyvinga for 2021 er «eit av dei høgaste nivå på tilskot til breibandutbygging som har vore i Noreg».

Auke i fiberdekning

Helleland seier at pandemien har vist behovet for å god breibandsdekning i heile landet.

– Vi blir stadig meir avhengige av velfungerande og sikre nett, og pandemisituasjonen har understreka dette ytterlegare.

Ho fortel at det i dag er nær 100 prosent dekning for grunnleggande breiband. 98 prosent av husstandane har tilbod om 30 Mbit/s, og 100 prosent har tilbod om 10 Mbit/s.

–  Utbygginga har gått svært raskt dei siste åra, og nesten alle husstandar har no grunnleggande breiband på 10 Mbit/s, som gjer at ein kan utføre alle grunnleggande aktivitetar på nett, seier Helleland.

Ifølgje Elkjøp.no treng ein familie på tre eller fleire omlag 50-80 Mbit/s. Det same gjeld om ein bur åleine, men både strøymer film samtidig som du lastar opp ein video til dømes. Om ein storfamilie strøymer, gamer og gjer mykje på ein gong kan ein trenge 150–250 Mbit/s.

Nkom si årlege breibandsundersøking viser at 74 prosent av alle norske husstandar har tilgang til breiband basert på fiber, ei auke på fire prosentpoeng frå i fjor.

Auken i fiberdekning har vore særleg høg for husstandar som ligg i spreddbygde strøk. Her har 55 prosent tilgang til fiberbreiband, samanlikna med 45 prosent for eitt år sidan.

I tettbygde strøk har 78 prosent av husstandane tilgang til fiber.

Mål om høghastigheit til alle

Distrikts- og digitaliseringsministeren meiner også at i samanlikninga med straumutbygging er det verd å merke seg at det tok fleire titals år før alle hadde same straumtilbodet. 

Regjeringa sitt mål er å skaffa 90 prosent av husstandane høghastigheitsdekning (100Mbit/s) i løpet av 2020.

– Per første halvår 2020 hadde 89 prosent av husstandane tilbod om høghastigheits breiband. Basert på den årlege auken dei siste åra, er det grunn til å tru at vi når målet. Men det betyr ikkje at vi er i mål, for vårt mål er høghastigheits breiband til alle husstandar i landet. Det arbeider vi kvar dag for, seier Helleland.

Omlag 120 000 nye husstandar har fått tilbod om fiber mellom 1. juli 2019 og 1. juli 2020.

Noko av denne auken skuldast offentlege tilskot, medan resten skuldast kommersiell utbygging.

Må bruke 4G på mobilen

I Vegusdal i Agder sit nestleiar i Agder Senterungdom, Syvert Emelius Furholt (21), med førstehandserfaring med problemstillinga dårleg internett og har sjølv 30 Mbit/s. 

– Etter klokka ni på kvelden forsvinn farten betrakteleg, så det blir vanskeleg å få gjort noko som helst på nett. Før klokka ni er det også kjempevanskeleg å vere to stykk som arbeider på nett samtidig. Om nokon vil streame ein film samstundes som nokon har eit Teams-møte, så er det umogleg.  

Syvert Emelius Furholt. Foto: Privat

Løysinga blir dimed å bruke mobilen og 4G-nettet der. 

– Det blir fort dyrt. Eg er så heldig at eg har arbeidsgivar som har betalt mobilrekninga, så eg har klart meg. Men det blir fort dyrt for andre.  

Han fortel at heile bygda slit med dårleg nett, og er heller ikkje imponert over løyvinga i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2021. 

– Det er heilt bak mål. Det er ei ordning som allereie i dag er underfinansiert, så å kappe det endå meir ned er dårleg. Eg hadde helst sett at kvar einaste husstand i landet hadde hatt høve til å få ei god fiberløysing. 

Han fortel at koronakrisa har vist ekstra tydeleg kor viktig nettet er, og meiner det må skje eit stort løft i satsinga, dersom alle skal ha høve til å vera med, dersom det til dømes kjem ein ny pandemi og alt må over på det digitale.  

– Eg er redd for at dei som sit og styrer i byen ikkje har kunnskapane ut i distrikt, eg er redd det er så gale at dei ikkje skjønar det. 

Andreas Sjalg Unneland, Bjøn-Kristian Svendsrud og Edel-Marie Haukland lyt som så mange andre arbeide frå heimekontor. Foto: Privat
Oppdatert: onsdag 14. oktober 2020 12.54
ANNONSE