Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 29.11.2021 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er fem tips for å redusere mobilbruken din

Det plingar inn støtt og stadig. Ein fjern Facebook-ven har publisert eit innlegg i ei gruppe du ikkje kunne brydd deg mindre om. Ei du følgjer på Instagram har posta noko for første gong på ei stund (!). Dei færraste av desse varsla vil forandre livet ditt.

Likevel lar me dei renne inn, og minne oss om at sjølv om det ikkje har skjedd stort i den verkelege verda, har det like fullt skjedd ting i den virtuelle.

Les også: Helleland støtter mobilfrie skular.

Fire timar om dagen på mobilen

Faktisk viser det seg at amerikanarar sjekkar mobilen i snitt 47 gonger om dagen. Somme undersøkingar viser at over fire timar om dagen nå blir dedikert til mobiltelefonen. Det aller meste av dette skjer på sosiale medium, og klart mindre er kommunikasjon i form av anrop, e-post og meldingar.

Mykje tyder på at denne overdrevne mobilbruken kan føre til psykiske helseproblem.

Dette har ført til at blant andre Apple nyleg lanserte ein funksjon for å redusere skjermtida. Her er nokre andre grep du kan ta for å minske bruken:

Les også: 15 måtar mobiltelefonen har endra samfunnet på.

1. Slå av push-varsel

Stadige varsel frå ulike appar er fort gjort å deaktivere. Foto: Skjermdump

Det aller enklast grepet er å slå av dei evinnelege push-varsla. Sjølv ein buddhistisk munk vil kjenne at sjeleroa forsvinn når stadig nye, uviktige varsel tikkar inn.

For dei av oss som slavisk trykker «tillat» på alle nye applikasjonar, ligg fleire titals appar berre og ventar på å bryte stilla.

Eit klokare livsval er å avgrense varsla til dei ein faktisk har lyst til å motta. Ein kjem langt med berre anrop, meldingar, og nokre kalender-påminningar.

Etter ei stund kan du vurdere om du vil oppjustere med nokre varsel om e-post eller nyhende.

Les også: – Feil å forby mobilen med mindre elevane vil det.

2. Slett appar

For dei som vil gå hakket meir drastisk til verks, er det berre til å setje i gong med å slette appar. Først dei ein ikkje har bruk for, deretter dei ein berre nyttar frå tid til annan.

Neste steg er å tenke over om ein faktisk treng Facebook på mobilen i tillegg.

Jo færre sosiale medium ein sit igjen med, desto betre er sjansane for å få redusert mobilbruken til eit minimum.

Ikkje minst kan det vere verd å tenkje over kva ein sit att med etter å ha nytta ein app. Får ein noko igjen av å skrolle nedover Facebook og Instagram i det uendelege, eller er det lite anna enn eit unødvendig tidsfordriv?

Ver så selektiv som muleg, og prøv å sit att med så få appar som råd.

Les også: Ni av ti tiåringar har smarttelefon.

3. Få oversikt over mobilbruken

For å redusere mobilbruken, kan det vere lurt å starte med å kartlegge kor mykje du faktisk brukar mobilen. Medan ein tidlegare måtte laste ned appar, slik som «Moment», kan Iphone-brukarar nå gå rett inn på den nye «skjermtid»-funksjonen i innstillingane.

I skjermtid-funksjonen til Apple kan ein nå få full oversikt over mobilbruken. Foto: Skjermdump

Der får ein oversikt over både kor mykje tid ein bruker, og ikkje minst kva appar ein brukar mest tid på.

Dessutan skil funksjonen mellom ulike kategoriar, slik som sosiale nettverk, produktivitet, og lesing.

For å redusere bruken, lar Apple deg nå legge inn avgrensingar på kor mange minutt du kan nytte i kvar app. Er problemet ditt at du sit timevis på Instagram kvar dag, kan du avgrense det til 15 eller 20 minutt.

Set deg til dømes mål om å bruke mobilen éin time om dagen, med mål om å gradvis redusere til 30 minutt, og sjekk skjermtid-funksjonen for å sjå korleis det går.

Les også: Me må behandle mobilbruk som røyking.

4. Skift ut telefonen med andre dingsar

Mykje av grunnen til at ein stadig må opp med mobilen, er det store spennet av funksjonar som ein har spekka inn i telefonen. Ein nyttar mobilen som klokke, vekkarklokke og treningsverktøy.

Det fører også til at mobilen er det ein tyr til i ein kvar situasjon. Den er det første du ser på om morgonen, og det siste du nyttar deg av om kvelden. Ikkje eingong på tur i skogen er ein fri frå varsel og pling frå telefonen.

I staden for dette kan ein nytte ei god gammal vekkerklokke, og bruke armbandsur i staden for telefonen. På joggetur kan ein nytte Ipod, eller berre jogge i veg utan ein einaste dings på slep.

Når ein kjem heim, kan ein legge telefonen i ei eske, og unngå at mobilen ligg foran deg på bordet. Berre synet av ein telefon kan nemleg distrahere, og gjere at folk er mindre til stades i samtalen.

Les også: Snakk saman om mobilen.

5. Skru av fargane

Avslutningsvis kjem det klart mest dramatiske grepet: Å slå av fargane på telefonen. Det er likevel også det mest effektive. Iphone-brukarar kan gå til: Innstillinger –> Generelt –> Tilgjengelighet –> Skjermtilpasning, og slå på «fargefiltre».

Android-brukarar kan følge denne guiden, som er ein smule meir komplisert.

Utan fargar på skjermen, blir sjølv det mest slåande Instagram-bildet keisamt. Snapchat blir ikkje lenger verd å sysle med. Alt blir enkelt og greit ganske traust, og det blir lite attraktivt å trekke opp mobilen.

Men har du store problem med overdriven mobilbruk, kan dette vere løysinga.

Les også: Derfor kjøper eg ikkje mobiltelefon.