Senterungdommens nye leiar: – Vi må tore å brøyte oss litt fram for å verte høyrde

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det viktigaste er å la ungdommen få sleppe til – både i debatten, men også i styrer og stell der avgjersler vert tekne, seier Torleik Svelle på e-post til Framtida.no.

Førre helg vart 23-åringen frå Saksumdalen vald til ny leiar i Senterungdommen, og tek over stafettpinnen etter Ada Arnstad (27).

For å sikre at meiningane til ungdom når fram til dei som styrer, må ein skape trygge parti med plass til alle, meiner den nyvalde leiaren i Senterungdommen. Det skal sørgje for at dei unge torer kjempe for det dei trur på og ikkje står åleine.

– Så vi må tore å brøyte oss litt fram for å verte høyrde. Det er ikkje alltid slik at ein veit best berre fordi ein har feira bursdag mange gongar.

– Ei motstemme mot auka forskjellar

Torleik Svelle er oppvaksen i bygda Saksumdalen litt utanfor Lillehammer. Det var også desse omstenda som vekka engasjementet til 23-åringen:

– Eg vart først engasjert i politikk då eg gjekk på barneskulen, og det vart veldig tydeleg at politikarane i Lillehammer ikkje prioriterte skulen i bygda der eg gjekk, fortel Svelle.

Når han seinare gjekk inn i partipolitikken trong han ikkje tenkje seg lenge om før han valde Senterpartiet:

– Partiet står opp for bygdene, norske arbeidsplassar og kjempar for meir makt til Noreg og mindre til EU. Alle er saker som står mitt hjarte nær.

– Kvifor er det bruk for Senterungdommen i Noreg?

– Vi har ei regjering som skapar auka forskjellar både mellom by og bygd, og mellom dei som har mest og dei som har minst – det er vi ei klar motstemme mot, skriv den nyvalde Senterungdom-leiaren og understrekar:

– Dersom vi skal bruke ressursane som finst her i landet treng vi politi, skule, breiband og sjukehus i heile landet, og då må nokon prioritere det.

Samstundes meiner Torleik Svelle det trengst eit parti i Noreg som er stolt av norsk landbruk, anten ein produserer gris, ku, pels eller kylling.

Nei til «homoterapi»

– Kva var dei viktigaste vedtaka som vart gjort på landsmøtet dykkar?

– Eit samla landsmøte i Senterungdommen vedtok eit klart ja til å forby konverteringsterapi av homofile. Det er eit vedtak som kjem til å utgjere ein forskjell i folk sine liv, skriv Torleik Svelle.

Framtida.no har tidlegare snakka med leiarane i ungdomspartia om kor vidt dei ville forby konverteringsterapi i Noreg. Ada Arnstad var då i si siste veka som leiar for Senterungdommen, og sa klart frå om at ho håpte partiet gjekk inn for eit forbod.

I same møte vedtok Senterungdommen å byggje Nord-Noreg-bana, «eit stort prosjekt som skal gjenreise vår nordlegaste landsdel», og sette klima på dagsorden:

– Vi vedtok eit stort dokument som viser vår veg i klimapolitikken, der vi skal bruke krafta, skogen og havet for å skape nye arbeidsplassar som bidreg til å kutte klimautslipp. Framtidas drivstoff skal verte laga på norsk skog og norsk tang.

– Kva er dei viktigaste sakene for Senterungdommen anno 2019?

– Noko av det viktigaste framover vert å kutte klimagassutslepp, samstundes som vi skal skape nye arbeidsplassar, skriv Svelle.

Han poengterer også at partiet vil gjere noko med den aukande ulikskapen i samfunnet, og ta hand om dei mange borna og unge som slit psykisk og opplever eit stort press i kvardagen sin:

– Den oppveksande generasjonen er vår gullbehaldning og den må vi ta betre vare på!

– Vi må tore å setje tøffare krav

– Kva er dine personlege hjartesaker?

– Eg meiner at ei av dei største utfordringane vi står overfor no, er eit stadig tøffare og meir kynisk arbeidsliv, med mellombelse stillingar og dårlege kontrakter som rammar særleg ungdom, skriv Torleik Svelle.

Han meiner ein no lyt tore å setje tøffare krav om å opprette heiltidsstillingar slik at alle tilsette får dei føreseielege vilkåra mange tek for gitt. Dette inneber til dømes å halde Uber utanfor det norske arbeidslivet, seier 23-åringen.

– Kva er idealsamfunnet?

– Det er eit samfunn der vi er 100 prosent sjølvforsynte på mat og utnytter kvar ein krik og krok av landet. Det er høg tillit mellom folk, og like tenester og mogelegheiter uansett kvar du bur og kvar du kjem frå. Ny industri og smartare måtar å bruke ressursane på stoppar klimaendringane og tek oss ut av oljealderen. Noreg har meldt seg ut av EØS, har eit sterkt forsvar og folk treffest oftare for å sjå kvarandre og ta ein kopp kaffi.

Jannicke Totland (21), er lektorstudent i nordisk og sammfunsfag ved Universitetet i Oslo. Foto: Privat

Torleik Svelle

Alder: 23 år
Kvar kjem du frå: Saksumdalen, ei lita bygd utanfor Lillehammer
Yrke: Leiar i Senterungdommen
Favorittfag på skulen: Historie
Ulike verv du har/hatt: 4 år i fylkesstyre for Oppland senterungdom, leiar for Trondheim Senterstud og politisk nestleiar i Senterungdommen, for å nemne nokre.
Organisasjonar/parti er/har vore medlem i: Har vore med i Senterungdommen sidan 2011, så er eg med i 4H og har sjølvsagt plaketten.
Kva gjer du i fritida/hobby: Eg er veldig glad i å bruke timevis på å lage mat, det er terapi for sjela!