Statsbudsjettet 2021: Dette er viktig for deg som er ung

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2021. Dette skal stemmast over og vedtakast i Stortinget i desember.

Auka frikortgrense

Regjeringa vil setje opp frikortgrensa frå 55.000 kroner til 60.000 kroner, slik at ein må tene meir pengar før ein blir nøydd å betala skatt.

Endringar i BSU

Unge under 34 år kan i dag få inntil 5000 kroner i skattelette, sjølv om ein har kjøpt bustad, om ein sparar på ein BSU-konto.

Regjeringa vil:

  • Fjerna skattefrådraget på 20 prosent av den årlege sparesummen i BSU etter at ein har kjøpt sin første bustad.
  • Heva den årlege sparesummen i BSU frå 25.000 til 27.000 kroner.

Ein kan maksimalt ha spart opp tilsaman 300.000 kroner (eksl. renter) på ein BSU-konto.

Fritidskort for born

Fritidskortet er ei av KrF sine hjartesaker, difor jubla dei då dei fekk gjennomslag.

Denne hausten er 12 kommunar med på prøveordninga, som i første omgang skal vara til sommaren 2021. Regjeringa vil utvida ordninga, som inneber at kommunane får mellom 800 og 1000 kroner i halvåret per born i alderen 6-18 år til bruk på fritidsaktivitetar.

Regjeringa vil: 

  • 120 millionar kroner meir til fritidskort for born. Det betyr at regjeringa vil bruka til saman 180 millioner kroner på ordninga.

Digital helsestasjon

Regjeringa har sett av 35 millionar til ein digital helsestasjon, som ein del satsinga på barn og unge si psykiske helse. Målet er at ein skal kunne chatte med helsepersonell og andre, og senka terskelen for å oppsøka hjelp. Chaten skal ligge under ung.no, og det er uklart når den vil bli klar til bruk.

I alt 140 millionar er sett av til barn og unges psykiske helse:

  • 100 millionar går til kommunane
  • 35 millionar til digital helsestasjon
  • 5 millionar til utvikling av pilotprosjektet FACT ung, som skal vere eit fleksibelt og tverrfagleg behandlingsteam.

Styrka hjelpetelefonar

Det er sett av til saman 51,3 millionar kroner til Kirkens SOS’ krisetjeneste og Mental Helse sin krisetelefon.

I tillegg skal 8 millionar gå til Alarmtelefonen(116 111), ein gratis telefon for barn og unge som er utsett for vald, overgrep og omsorgssvikt. Dette for å for å oppretthalde ei døgnopen telefon- og chatteteneste.

Kirkens SOS har døgnopen telefon (224 00 040), i tillegg kan du chatte anonymt kvar dag frå kl. 18.30-22.30 (fredag fram til 01.30). Du skal få svar innan 24 timar.

Mental Helse sin hjelpetelefon (116 123) er gratis og døgnopen, for alle som treng nokon å snakke med. Du kan være anonym og dei har taushetsplikt. I tillegg kan du chatte med Mental Helse Ungdom, tirsdagar og torsdagar.

Ettervern i Barnevernet

Regjeringa føreslår 54 millionar kroner for å betre helsehjelpa til barn i barnevernet og utvide retten til ettervern.

Regjeringa vil:

  • 30 millionar kroner meir til helsetilbodet for barn i barnevernet
  • 24 millionar kroner for å utvida retten til ettervern frå 23 til 25 år frå 1. januar 2021.

Styrkinga i barnevernet skal brukast til tidleg kartlegging av barn som flyttast ut av heimen og utarbeiding av nye rutinar for arbeidet til helse- og barneverntenestene på feltet, for å få til eit betre samarbeid om barn og unge som har behov for hjelp frå begge tenestene.

Arbeidstiltak for unge

Det er sett av 825 millionar kroner ekstra til arbeidsmarknadstiltak som skal hjelpe personar utanfor arbeidslivet ut i jobb.

Finansminister Jan Tore Sanner sa onsdag morgon til NRK Alltid Nyheter, at det viktigaste regjeringa no gjer er å trygga jobbane til folk og at unge som er ferdige med utdanning må ha ein jobb å gå til.

I tillegg kjem 500 millionar meir til NAV si koronahandtering. Desse løyvingane vil gi rom for å auka ungdomsinnsatsen i NAV, gjennom opplæringstiltak, digitale oppfølgingstiltak, arbeidstrening i kombinasjon med mentor- og inkluderingstilskott og ein ny tilskotsordning til sommarjobb.

Regjeringa føreslår også å styrke Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge under Barne- og familiedepartementets budsjett, som blant anna vil legge til rette for arbeidsplassar for utsett ungdom.

Nye læreplanar og digital undervising

180 millionar kroner er sett av til innføring av nye læreplanar, og 80 millionar til digital undervising.

Slik er pengane fordelt:

  • 100 millionar kroner til kommunane.
  • 50 millionar kroner til innkjøp av nye digitale læremiddel gjennom Den teknologiske skolesekken.
  • 15 millionar kroner til utvikling av læremiddel i smale fag der det ikkje er kommersiell føresetnad for utvikling.
  • 15 millionar kroner til utvikling av læremiddel på samisk. Pengane blir tildelt Sametinget.
  • 80 millionar til auke av den digitale kompetansen for lærarar, programmering og innkjøp av digitale læremiddel. Dette for å utjamne forskjellar mellom kommunane når det gjeld digital heimeundervising.

I tillegg vert det som i år, vidareført 170 millionar kroner for at sårbare elevar skal kunne ta igjen tapt læring som følge av stenging av skulane i koronakrisa.

Privatistar

Regjeringa vil fjerne stipendet for elevar som vil forbetre karakterane sine ved privatisteksamen.

Vidaregåande opplæring og fagbrev

Regjeringa vil vidareføre tiltak frå våren 2020 for å hjelpe dei som går ut av vidaregåande skule med hól i vitnemålet.

Desse elevane slit med å kome inn i ein krevjande arbeidsmarknad og har ikkje høve til å gå over i høgare utdanning, dersom dei ikkje fullfører videregåande opplæring.

Regjeringa vil: 

  • 150 millionar kroner for at avgangselevar som går med hol i vitnemålet kan få høve til å fullføre.
  • 22,3 millionar kroner til utdanningsstøtte
  • 150 millionar kroner som skal legge til rette for eit utvida tilbod i skulen for elevar som ikkje får læreplass: Fagbrev som elev.
  • 45,5 millionar kroner for å gje personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, tilbod om å ta eit fagbrev. Tiltaket er ein del av kompetansereforma Lære hele livet.
  • 46 millionar kroner for at fleire skal bruke ordninga Fagbrev på jobb. Ordninga skal gjere det enklare å kombinere arbeid og opplæring, og er ein del av kompetansereforma.

Fleire fagskuleplassar

Regjeringa vil løyva 178,6 millionar kroner til videreføring av 1 600 studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning. 1 500 av desse vart  oppretta våren 2020 i samband med pandemien.

I tillegg kjem rekna utgifter til utdanningsstøtte på 52,7 millionar kroner.

Dei vil også løyva 37,8 millionar kroner til om lag 500 nye studieplassar ved Industrifagskolen.

Høgare utdanning tilgjengeleg for fleire

Regjeringa vil løyve 45,7 millionar kroner meir til fleksible utdanningstilbod gjennom Diku, slik at ordninga aukar til om lag 97 millionar kroner.

Ordninga gjer høgare utdanning, inkludert videreutdanningar, tilgjengeleg også for folk i arbeid som ikkje kan flytte til studiestaden.

Universitetsundervising

70 millionar skal delast ut til 14 prosjekt på sju av universiteta og høgskulane i landet, for  å utvikle nye måtar å gi betre undervising på.

– Prosjekta som får støtte skal gi betre læring for studentar som mellom anna tar juss, medisin, lærarutdanning, ingeniør og helsefag, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H), i ei pressemelding.

Det er Universitetet i Bergen (seks prosjekt), Universitetet i Oslo (to prosjekt), NTNU (to prosjekt) og eit prosjekt ved UiT – Noregs arktiske universitet, Universitetet i Agder, Noregs miljø- og biovitenskapelige universitet og VID vitskaplege høgskule som i denne omgang får støtte.

Fleire studieplassar

Regjeringa føreslår å løyva 753,4 millionar kroner til 5 000 nye studieplassar ved universitet og høgskular. Av desse er 4 000 ein del av Utdanningsløftet 2020.

I tillegg kjem rekna utgifter til utdanningsstøtte på om lag 231 millioner kroner.

Studentsamskipnadane

Regjeringa føreslår til saman 104,8 millionar kroner til studentsamskipnadane.

Det er ei auke på 20 millionar kroner frå året før.

Færre nye studentbustadar

Regjeringa føreslår pengar til 1650 nye studentbustadar. Sidan 2014 har det i snitt vore 2200 i året, så dette er ein nedgang på 550 bustadar.

Norsk studentorganisasjon ynskte tilskot til 3000 nye studentbustadar, i tillegg til pengar for rehabilitering.

Regjeringa forklarar kuttet med at talet på søknadar til nye studentbustadar har gått ned dei siste tre åra.

Aukt studiestøtte

Studiestøtta blir prisjustert med 2,3 prosent i studieåret 2021/2022.

Studiestøtta aukar til 126.360 kroner.

Unge med funksjonshemming

100 millionar kroner går til kommunane sitt budsjett for barn og unge med funksjonshemning.

Dette er ein eingongsløyving som følgje av at smitteverntiltaka har ramma desse barna og familiane. Midla skal gå til habiliterings- og avlastningstilbod.

Kultur for barn og unge

Til saman 20 millionar går til kultur for barn og unge.

12 millionar kroner er sett av til tiltak som skal presenterast nærmare i barne- og ungdomskulturmeldinga våren 2021:

  • 4 millionar kroner til fleire nyproduksjonar i Den kulturelle skulesekken
  • 4 millionar kroner for å styrke digitale satsingar på barne- og ungdomskulturfeltet
  • 4 millionar kroner for å få kommunane til å integrere barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging

Regjeringa føreslår i tillegg 1 million kroner til oppstart av arbeidet med ein nasjonal strategi for barn og media, og 2,7 millionar kroner til ulike verksemder som har søkt om støtte til målretta barne- og ungdomstiltak.

Regjeringa føreslår også å auke løyvinga til talentsatsing med 29 millionar kroner.

Satsinga betyr at Talent Norge får ei auke på totalt 14 millionar kroner, og ei auke på 15 millionar kroner til Norsk filminstitutt sitt arbeid med talentutvikling

Lettbrus blir billigare

Regjeringa vil senke avgifta på lettbrus med 30 prosent frå og med 1. juli neste år.

Ei flaske med 1,5 liter lettbrus kostar rundt 32 kroner i daglegvarebutikk i dag og vil bli 2–3 kroner billigare, dersom produsentane følgjer opp.

Drikkevarer med høgast sukkerinnhald får uendra avgift.

Eingongsstønad for mødrer

Dersom ein blir gravid utan støtte frå Lånekassen eller at ein har vore lenge nok i arbeidslivet til å få permisjonspengar før fødsel, får ein kun eingongsstønad.

70 millioner går til å auke eingongsstønaden, frå 84.720 til 90.300 kroner.

Fleire stillingar for nyutdanna legar

26,5 millionar kroner går til å opprette 100 nye utdanningsstillingar for legar, såkalla LIS1-stillingar.

Dette er spesialiseringsstillingar for nyutdanna legar. LIS1 er obligatorisk for alle spesialitetane og må gjennomførast før legen kan gå vidare med spesialistutdanning anten i sjukehus eller allmennmedisin.

I dag er det mange nyutdanna som ikkje kjem vidare med spesialisering, fordi dei ikkje får dei siste, nødvendige månadane med spesialisering på sjukehus eller i allmennpraksis. Det har vore eit ynskje frå legemiljøet og studentar i fleire år å få fleire slike stillingar og i 2018 kravde dei 200 nye stillingar.

Regjeringa vil bruka 11,2 milliardar kroner meir på klima- og miljøtiltak. Samtidig reknar dei ikkje med å nå målet om å kutta halvparten av utsleppa innan 2030. Biletet: Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). Foto: Svein Olav B. Langåker