Regjeringa vil ha leveringsplikt for breiband

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Noreg har mobil- og breibandnett i verdsklasse, men det er framleis område i distrikta som er heilt utan eit tilfredsstillande tilbod, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H).

Føresetnad for digitalisering

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H) meiner leveringsplikt for breiband må til for at Noreg skal kunne ta ut det fulle potensialet som ligg i digitalisering og ny teknologi.

– Vi har store ambisjonar for digitalisering av offentlege tenester, men det føreset at alle har tilgang på internett. I dag har vi leveringsplikt for telefontenester. No foreslår regjeringa å utvide denne plikta til òg å gjelde breiband, seier Astrup (H).

Rett till grunnleggande breibandtenester

Regjeringa sender no forslaget på høyring. Her blir det foreslått leveringsplikt for breiband definert som enten 10 eller 20 megabit per sekund nedstraums og to megabit per sekund oppstraums.

Forslaget inneber at styresmaktene kan pålegge ein eller fleire tilbydarar leveringsplikt slik at alle husstandar og bedrifter over heile landet får rett til grunnleggande breibandtenester.

Les også: Å skøyta saman hårtynne fiberkablar er nesten som kirurgi, og krev presisjonsarbeid på høgt nivå. Det fekk elektroelevar i Kvinnerad erfara då dei besøkte Kvinnherad Breiband.

Fredag blei VG1-elevane på elektrolinja til KVV kursa i skøyting av fiberkablar. Lærling Eivind Tofte viste først korleis dei skulle kutta kablane i den vesle boksen. Etterpå skulle to kablar skøytast saman i skøytemaskina til høgre.

Fredag blei VG1-elevane på elektrolinja til KVV kursa i skøyting av fiberkablar. Lærling Eivind Tofte viste først korleis dei skulle kutta kablane i den vesle boksen. Etterpå skulle to kablar skøytast saman i skøytemaskina til høgre. Foto: Mona Grønningen