Sju tiltak for deg som vil bruke internett meir klimavenleg

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er du klar over at det er ein klimakostnad ved å følgje Game of Thrones på HBO? Eller ved å sende feriebilete med høg oppløysing på e-post til mor, slik at ho ikkje uroar seg?

Samla sett slepp internett ut like mykje COsom flytrafikken. Samstundes er talet apparat som er kopla til internett venta å femdoblast – frå 15 milliardar i 2015 til 75 milliardar i 2025.

Det skriv Videnskab.dk.

Start med dei unge

Men på den positive sida – du kan redusere avtrykket ditt! Men det er avhengig av at du endrar vanane dine.

Særleg viktig er det å starte med dei unge:

– Det er den gruppa som bruker it aller mest, og dei etablerer vanar som følgjer dei i mange år, seier Toke Haunstrup Christensen til Videnskab.dk.

Han er seniorforskar frå Statens Byggeforskningsinstitut ved danske Aalborg universitet.

I studien Don’t blame the youth har han og ein kollega teke føre seg kva personar mellom 16 og 20 år veit om følgjene av it-forbruket sitt. Det viser seg at dei veit lite om kor store utslepp it fører til.

Les også om dei to masterstudentane som har fått millionstøtte til å utvikla ein mobilapp som skal motivera elevar til å møta på skulen.

Masterstudentane Hana Colakovic og Michelle Sæther er dei i ferd med å utvikla ein mobilapp som skal motivera elever og studentar til å møta opp på skulen. Foto: privat

Sju tiltak

Regelen er ganske enkel: Di meir data vi brukar på internett, di større er energiforbruket.

Her kjem sju tiltak du kan gjere for ein meir klimavenleg internettkvardag:

1. Mindre strøyming

Å strøyme seriar, sjå videoklipp på Youtube eller spele dataspel på nett betyr mykje for CO2-utsleppet. Mykje data vert sendt og motteke, og det krev meir energi enn ei god gamaldags TV-sending.

2. Bruk grøne it-selskap

Visste du at både Fortnite og Netflix brukar Amazon-serverar, og desse får energi frå fossilt drivstoff?

3. Bruk lågare oppløysing

Di høgare kvalitet på ein video, di høgare energiforbruk. Videnskab.dk skriv at medan film i Ultra HD på Netflix vil bruke 7 GB i timen, vil ein film i låg kvalitet berre bruke 0,3 GB i timen.

Dersom du ofrar HD-kvaliteten, kan du såleis spare miljøet ein del.

4. Ikkje kjøp den nyaste smart-TV-en

Ein ny TV med høg oppløysing og internett-tilkopling vil bruke meir energi enn ein modell utan like mange mogelegheiter.

5. Skru av mobil og pc når du søv

Unngå at mobilen din oppdaterer seg automatisk på natta ved å skru den av. Same innstillinga kan vere god å påføre andre duppedittar og elektronikk ein har i heimen:

– Det vil monne godt viss vi huska på å skru av dei større elektroniske apparata, seier Christensen til Videnskap.dk.

Har du lyst å kutte ned på mobilbruken din? Her får du fem nyttige tips! 

6. Slå av automatiske oppdateringar og autoplay

Skru av automatiske oppdateringar for appane du har på telefonen din, slik at desse ikkje kan oppdatere seg sjølv om appen er lukka.

Skru òg av autoplay på nettsider. Då startar ikkje videoar å spele berre fordi du scrollar forbi den.

7. Sjå seriar saman

Bruk internett saman i staden for kvar for seg (men då kan de ikkje ty til bil for å møtast)!

Les også meininginnlegget om ein giftig venn: Han vil ha meg for seg sjølv og han kjenner meg såpass godt at han veit akkurat kva han skal gjere for å distrahere meg