Slik taklar ungdomspolitikarane korona og heimekontor

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Senterungdomsleiar Torleik Svelle nyttar dagane til arbeid, gåturar og matlaging, gjerne med norsk kjøt i kjøtkverna. Foto: Privat

Senterungdommen: – Vi treng store investeringsprosjekt

Senterungdomsleiar Torleik Svelle skulle gjerne sitte heime i Saksumsdalen i Lillehammer, framfor i den vesle leilegheita på Hauketo. Der er det nemleg ikkje er godt nok internett, noko Svelle meiner aktualiserer kvifor breibandsutbygging i heile landet er viktig.

Arbeidsdagen går med til å halde ungdomsorganisasjonen gåande heimefrå og stake ut kursen etter krisa. På fritida går det mykje i turar og matlaging.

– Eg et mykje kjøt. Det vert mykje gryter og så lagar eg litt hamburger. Eg har eiga kjøttkvern som det hender eg sender ein høyrygg gjennom, så har eg pastarulle som eg lagar heilt fersk pasta med og ei ismaskin der eg kjøper inn frukt og bær, som eg blandar med sukkerlake. Det er sånne lyspunkt i kvardagen, seier Svelle.

Han er oppteken av at smitteverntiltaka er vedtekne av alle og har brei støtte.

– Det einaste eg saknar litt er at ein hadde hatt ei form for omskuleringsmekanismar utover det som det private næringslivet klarar å få til, seier Svelle og utdjupar:

– I landbruket skal kua mjølkast, løken settast og det trengs folk i mange delar av samfunnet, ikkje berre landbruk og helse. Eg skulle ynskja staten tok eit større initiativ til å fylla desse fortare og eg trur dei som vert permittert har lyst å få noko å gå til, framfor å sitje heime, trur Svelle.

Senterungdomsleiaren fortel at dei kort tid før krisa vedtok ein resolusjon om at arbeidarar som ikkje er avhengige av å vere fysisk til stades på jobb, skal kunne jobba frå kor som helst i landet som eit distriktstiltak.

Han meiner at det er viktig når vi byrjar å leve liva våre som vanleg at innsatsen for arbeidslivet ikkje berre er krisetiltak, men at det òg kjem store investeringsprosjekt.

– Det har aldri vore så aktuelt å byggja Nord-Noreg-banen som no. Vi treng store investeringsprosjekt. I tillegg føreslo vi å oppretta eit grønt investeringsfond på 100 milliardar kroner som kunne ta høg risiko for å skapa grøne arbeidsplassar som som baserer seg på ting som veks og er fornybart, seier Svelle og legg til:

– Når vi sa det før korona lo alle av oss og såg på det som eit tulletal vi hadde funne på, men no ser vi i krisetiltaka kor mykje pengar ein er nøydd å bruke. Etter krisa vil vi trenge drastiske grep for å få hjula i gang igjen.

Denne helga skal KRFU har vårkonferanse i karantene og laurdags kveld vert det Netflix-party. Leiar Edel-Marie Haukland meiner det er viktig at vi er flinke å skape digitale møteplassar i desse dagar. Foto: Privat/@krfungdom

Kristeleg Folkepartis Ungdom: – Vi må òg ta del i den internasjonale dugnaden

– Eg er veldig heldig og bur saman med ei som skriv master, så vi har laga oss ein ordentleg dagsrytme der vi et frukost saman 8.30, så er det morgonmøte med KrFU klokka 9, deretter jobbar vi fast og trutt til klokka 12, då vi et lunsj i lag, forklarar Edel-Marie Haukland, som framleis har høg møteaktivitet og faste samtalar med resten av organisasjonen.

– Men det er rart og eg kjenner at eg saknar både kontoret og kvardagen min, samstundes som det er koseleg å ha tid til å skravle.

Ho stolar på at regjering tek riktige avgjerder fordi dei sit på faglege råd og eit heilskapleg bilete veldig få andre har og oppmodar alle til å følgje råda.

– Korleis skal vi sikra at dei unge har jobbar å gå til etter krisa?

– Vi ser at mange jobbar som mange unge har, som matbutikk og reinhald, faktisk er noko av det viktigste vi har. Eg håpar det gjer at fleire unge ser kor viktig det er å jobba i daglegvare, ikkje berre for å halda hjula i gang, men den mellommenneskelege kontakten. Eg trur det er mange av oss som verkeleg saknar å gå på nærbutikken vår å seia «hei».

Ho håpar vi kjem ut av krisa med færrast mogleg dødsfall og at vi klarar å ta vare på dei sårbare barna, men også at det vert nokre endringar blant folk flest.

– Eg håpar at den distanse vi opplever no kanskje kan knyta oss tettare saman. Det er mange hjelpegrupper og kanskje vert vi flinkare både til å be om hjelp og gje hjelp. Så håpar eg vi klarar å ha eit internasjonalt perspektiv, vi er gode på dugnadar i nabolaget, men vi må òg ta del i den internasjonale dugnaden for å ivareta dei mest sårbare.

SU-leiar Andreas Sjalg Unneland har pynta seg på heimekontor og fortel at det er stor interesse blant medlemmane for å lære nye ting via nett, her frå webinar om økologisk økonomi med organisasjonen Spire. Foto: Privat, @sosialistiskungdom

Sosialistisk Ungdom: – Dei med dei sterkaste skuldrene må vere dei som ber tyngst

SU-leiar Andreas Sjalg Unneland har som mange andre fått kort veg frå senga til jobb.

– Å vere ungdomspartileiar består av mykje aktivitet der ein er ute på møter, debattar og seminar, men no er alt endra. Ein får meir tid til det djupare politiske arbeidet, vi jobbar mellom anna med nytt stortingsprogram og prinsipprogram. I tillegg har vi omstilt medlemsaktivitet til meir webinar og merkar at interessa for å lære meir er veldig stor, seier han.

Unneland er oppteken av korleis koronakrisa råkar ulike menneske ulikt og er særleg uroa for vald i nære relasjonar, difor er det viktig at alle krisesenter er opne og at ein sikrar finansiering til dette i kommunane, understrekar han.

Han er også oppteken av studentar med deltidsjobbar som ikkje har rett på dagpengar, ei sårbar gruppe han meiner er viktig å ta vare på.

– No kjem det ei løysing for dei, men det ser ut til at dei får auka lån, framfor stipend. Ein kan ikkje berre seie til dei som ikkje har noko at dei kan få låne meir. Studentar som jobbar deltid må verte dekt av dei same permitteringsreglane som andre arbeidstakarar. Mange slit med å betala husleiga og få mat på bordet, så det må kome raskt.

(Intervjuet vart dagen før VG torsdag kunne melda om krisepakken for studentar, som vert lagt fram i sin heilskap fredag. Her kjem det fram at regjeringa vil la studentar få heile vårstipendet på konto etter påske og opnar for eit tilleggslån på 26.000 kroner.)

Vidare meiner Unneland at skattekutt til dei rikaste må reverserast, slik at rekninga vert fordelt. Han er også skuffa over at opposisjonen sitt forslag om å nekta bedrifter som får krisehjelp å ta ut utbytte, vart stogga.

– Det viser seg at viljen til å bidra kanskje ikkje er så stor, men vi har ikkje råd til å finansiere laksearvingar, folk som omgjev seg med luksus og flyr privatfly. No må dei med dei sterkaste skuldrene vere dei som ber tyngst, seier Unneland.

Han peikar vidare på at etter koronakrisa ventar klimakrisa. SU-leiaren meiner difor vi må satste grønt, med tiltak som skapar nye og betre jobbar innan område som energieffektivisering, havvind, karbonfangst og lagring.

– Håpet er at vi kjem ut av denne krisa og at folk får tilbake tryggheita og sikkerheita og får kvardagen til å gå rundt, men òg at det vert ein større diskusjon om korleis samfunnet skal sjå ut.

Når Ina Alvilde Rangønes Libal er ferdig på heimekontor for dagen, nyttar ho fritimane til å utvide kjøkenrepertoaret sitt, lese bøker og gjere yoga.

AUF: – Kan bruke denne mogelegheita til å investere i grøne arbeidsplassar

Eg har vorte betre på å lage mat og å bake. Det er eg eigentleg dårleg på, men no lagar eg middag frå botnen av, fortel Ina Alvilde Rangønes Libak. 

Leiaren av Arbeidarane si Ungdomsfylking (AUF) har som så mange andre heimekontor i desse tider, og arbeidsdagen går stort sett til videomøter, å skrive innlegg, og å møte andre AUF’arar på dei digitale flatene. 

Elles fyller Libak fritimane når ho ikkje utvidar kjøkenrepertoaret sitt til å lese bøker og gjere yoga. 

Eg har tillit til at tiltaka er innført utfrå helsemessige vurderingar. Men politikken må gjere noko med den situasjonen vi er i, seier Libak. 

Ho understreker at det er politikken si oppgåve å finne løysingar for kvardagsliva til folk. Å sørge for at studentar som har deltidsjobb skal kunne få dagpengar, at privatistar skal kunne gå opp tileksamen, og at det finst eit tilbod for dei som har det vondt i heimen og no sit der. 

Samstundes er framtida og situasjonen etter krisa noko av det Libak har tenkt aller mest på. 

– Eg har sett igjen og igjen på arbeidsløyse-tala og dei er veldig alvorlege.

Tysdag kom NAV med ny statistikk som viste at det har vorte 142 000 fleire arbeidsledige i Noreg berre den siste veka.

Særleg høg var prosenten hjå kvinner mellom 20 og 24 år, der ledigheita var på 18,3 prosent. Til saman var 10,4 prosent av den norske arbeidsstyrka arbeidsledig, det største talet sidan andre verdskrig. 

Ein av mine største bekymingar er at det er mange unge folk som er tidleg i vaksenlivet og plutseleg står der utan mogelegheiter, seier Libak. 

Ho understreker at dette ikkje er tida for å legge seg ned, og tenkje alt er håplaust. No lyt ein finne alternativ, og legge til rette for kompetanseheving og for at permiterte får dagpengar. Det hastar å få på plass tiltak for unge som har mista jobben, for dersom ein først fell utanfor er det vanskeleg å kome innatt, seier Libak. 

Korleis skal ein sikre at jobbane er der etter dette?

Eg trur vi må bruke styring og sosialdemokrati. Ein må bruke motkonjunkturpolitikk, seier Libak. 

AUF-leiaren seier ein må sørgje for å halde hjula i gang slik at bedrifter kan halde fram og arbeidsplassar ikkje forsvinn. Ein kan framskunde prosjekt som tidlegare låg på vent, fylke kan investere i ladestasjonar til elbil og det offentlege kan setje i gang togprosjekt. 

Samstundes er dette eit godt høve til å investere i det grøne skiftet, seier Libak. 

For oss i AUF er det å løyse klimakrisa og samstundes halde folk i jobb viktig. Det må vi løyse når dette er over, men vi kan bruke denne mogelegheita ti å investere i grøne arbeidsplassar. Då kan vi halde folk i jobb samstundes som vi gjer samfunnet rusta til å ta oss inn i fornybarsamfunnet.

Alberte Bekkhus skulle eigentleg flytte inn i ny leilegheit i april, men no er det sett på vent. Foto: Privat

Raud Ungdom:  Den hytteturen får vente til neste år

– Eigentleg jobbar eg frå 9 til 17, men no jobbar eg frå 10 til 18. Det er fordelen med heimekontor, eg får sove litt lenger! seier Alberte Bekkhus på telefon til Framtida.no. 

20-åringen tok nyleg over som leiar i Raud Ungdom, og skulle eigentleg vore i full gang med å helse på folk, finne ut kva det inneber å leie eit ungdomsparti og gjere seg kjend.

– Eg skulle skrive radikale ting i avisa for å verte lagt merke til, seier Bekkhus og ler. 

I staden for sit ho i karantene med PCen på kjøkenbordet, den ryddigaste plassen i leilegheita ho deler med kjærasten, og har møter på Skype. 

Det går overraskande greitt, men det er vanskeleg med gode voteringar og å stemme på ein god måte. Det er alltid nokon som dett ut, for slik er internett, seier ho og understreker at ho er meir enn villig til å ofre fysiske møter for folkehelsa.

Eg er veldig for dei tiltaka som er no, seier Bekkhus og trekker fram som særleg positivt at regjeringa på tysdag annonserte at også tilsette på krisesenter har ein samfunnskritisk funksjon

Ho meiner koronakrisa no viser kor viktige ei rekkje yrker som til vanleg vert tekne for gitt er.

Raud Ungdom-leiaren trur ein har gjort mykje rett, når dei einaste som klagar er rike hytteeigarar som er sinte for at dei ikkje får reise på hytta: 

Den hytteturen får vente til neste år. Dette er ein dugnad i solidaritet med eldre og dei med nedsett immunforsvar, og ein må respektere dei tiltaka som har vorte gjorde. 

Bekkhus trur spora pandemien set i samfunnet vil prege landet i lang tid: 

Arbeidsledigheita har ikkje vore så stor sidan 30-talet. Bedrifter vert lagde ned, trykket på NAV er enormt. Dette vil ha konsekvensar og det vil vere vanskeleg. 

Samstundes meiner Bekkhus tida kjem for at ein må ta ein grundig diskusjon på kor vidt Noreg har hatt eit sikkert nok system etter krisa er over. Det vil verte nødvendig med vanskelege samtalar om kvar pengane har vorte prioriterte i førkant av denne krisa og korleis vi vil organisere økonomien etter krisa, avsluttar leiaren i Raud Ungdom. 

Grøn Ungdom-talsperson Teodor Bruu arbeider frå heimekontoret sitt på Tøyen, og håpar viljen til omstilling i møte med koronakrisa, kan verte overført til klimakampen. Foto: Privat

Grøn Ungdom: – Har ikkje tillit til at seinare krise vert avverga

Det er jo vanskelegare å få gode rutiner når ein er heime, og bur i eit trangt kollektiv på eit loft på Tøyen, seier Teodor Bruu, talsperson i Grøn Ungdom. 

Samstundes synest Bruu det er spanande med utfordringar som tvingar ein til nye å handtere nye arbeidssituasjonar. Han fortel at ungdomspartiet har mellombels slått saman fylkeslaga og har fellesmøter kvar dag. 

Korleis påverkar koronakrisa fokuset dykkar i Grøn Ungdom? 

På mange måtar er fokuset det same. Vi jobbar med dei politiske utfordringane som vi meiner framleis er dei viktigaste på sikt, som klimakrisa og naturkrisa, seier Bruu. 

Han fortel at partiet sjølvsagt skjønar at vi no står midt opp i ei anna krise, og ynskjer å samarbeide politisk om å finne gode løysingar på den. 

–  Det vi snakkar om internet er korleis vi kan få det politiske Noreg til å lære av den krisehandteringa vi no gjer til seinare pandemiar og seinare akutte kriser, også dei vi jobbar med. 

Bruu rosar regjeringa for å ha tort å gjere modige val, sjølv om det får store konsekvensar. Han understreker at Grøn Ungdom har full tillit til korleis regjeringa handterer koronakrisa, men at partiet ikkje har tillit til at seinare krise vert avverga, anten det er ein ny pandemi eller ei klimakrise. 

No har Noreg vist ei vilje til krisehandtering, og å sleppe alt ein har i hendene for å løyse det, og det vert spanande å sjå om vi klarar omsetje viljen også til klimahandling, seier Bruu og legg til: 

Vi skal ikkje løyse klimakrisa med dei same tiltaka, men der det finst vilje finst det mogelegheiter til å faktisk få løyst ting. Ein forstår at det å bruke pengar på koronahandtering er ei god investering, det vert verre utan. Det same gjeld klima.

Samstundes er Teodor Bruu oppteken av å få avgreinsa dei økonomiske konsekvensane av pandemien: 

Mange unge jobbar i bransjer som no slit, og mange unge er avhengige av små deltidsjobbar for å få livet til å gå rundt, og det er dei som ryk no. Det å få redda den delen av økonomien som er avhengig av små og mellomstore bedrifter er særleg viktig, seier Bruu og poengterer at pengane til å redde desse bedriftene må kome med det same.

Han håpar regjeringa utnyttar mogelegheitene som ligg i alt det forferdelege, når økonomien lyt restartast litt, og byrjar å fase ut oljen. 

– Det er skadeleg å ha så mykje av økonomien i ei næring. Vi må byggje opp eit variert næringsliv, avsluttar Teodor Bruu. 

Bjørn-Kristian Svendsrud held fram som formann i Fpu frå heimekontoret sitt, sidan landsmøtet til partiet har vorte utsett. Foto: Privat

Framstegspartiets Ungdom: – Den største sjukdomen vi kanskje får, er økonomien

Kvardagen består av heimekontor, og der er eg oppteken av å ha rutiner. Eg har ein del telefon- eller videomøter, der dei vi møtest på ulike plattformar både for å spreie informasjon, men også for å ha dialog og kontakt, seier Bjørn-Kristian Svendsrud. 

Formannen i Framstegspartiets Ungdom skulle eigentleg takke for seg på landsmøtet i byrjinga av april, men grunna koronaviruset er det utsett.

Svendsrud fortel at det er heilt avgjerande å møte kvarandre, og å ha gode diskusjonar om program og vedtekter, og at det difor ikkje er aktuelt å halde landsmøte digitalt. Han held difor fram som leiar fram til det igjen er trygt at mange samlast. 

Eg er oppteken av at vi må følgje helsemyndigheitene sine råd for å avgrense smitten, og eg trur det var rett å vidareføre tiltaka, men er oppteken av at ein i ettertid skal gå igjennom dei, seier Svendsrund og legg til:

Er det ein ting, så meiner eg det er veldig lite riktig at hytteeigarar som ikkje får bruke hytta skal betale eigedomsskatt på den i den perioden. Det er prinsipielt gale. 

Fpu-leiaren deler også partifelle Siv Jensen si uro for at konsekvensane av pandemien kan få store konsekvensar: 

Den største sjukdomen vi kanskje får, er økonomien. Vi må passe på at den sjukdomen ikkje vert verre, at etterverknadane av tiltaka ikkje vert verre enn sjølve koronaen. 

For å motverke dette er det viktig å sørgje for nok arbeidsplassar, og privat arbeidskraft og bedrifter som kan stå på eigne bein, seier Svendsrud. 

Samstundes er Fpu-leiaren tydeleg på at dei viktigaste lærdomane frå denne krisesituasjonen vil kome i ettertid: 

Vi må ha ei stor og brei evaluering av heile krisesituasjonen. Neste gong kan krisa vere verre enn den er no. Då må vi vete kva som fungerte og kva som ikkje gjorde det. 

Sondre Hansmark er omsider ferdig i karantene, men held seg framleis på heimekontor. Foto: Privat

Unge Venstre: – Krev ein ekstraordinær innsats av nordmenn også etter krisa

– Eg har vore i karantene heilt fram til onsdag. No kan eg endeleg gå ut, i alle fall for å møte ein kompis og gå ein tur, seier Sondre Hansmark. 

Unge Venstre-leiaren har likevel ikkje lide noko nød i karantene-tilværet: han har lese bøker, snakka med venner på Facetime, og fiska fram playstationen frå boda og gjennopplevd ungdomsåra sine. 

Samstundes merkar han at timeplanen ikkje er så full som vanleg:

– For oss som er vande til å vere i debattar, sitte i møter og drive pressearbeid, så er det litt mindre å gjere og litt rolegare tider enn elles. 

Normalt ville ungdomspartileiaren vore oppteken med førebuingar til Venstre sitt landsmøte i desse tider, men som så mykje anna er det avlyst. 

Dette vert ein vår som står på hovudet, seier Hansmark. 

Sondre Hansmark meiner dei strenge tiltaka er rette ut frå den kunnskapen styresmaktene og helsemyndigheitene sit med no: 

Det er først når ein vert etterpåklok at ein kan seie om dette er gode eller dårlege tiltak. Det er kritisk å hindre smitte blant folk. Det kan vere det viser seg i etterkant at ein hadde oppnådd dette også med mindre inngripande tiltak, men eg synest regjeringa har handtert dette på ein rett måte. 

Samstundes er han uroa over arbeidsløysa, og meiner det at ti prosent av den norske arbeidsstyrka står utanfor arbeidslivet illustrerer omfanget av den krisa landet no står i. 

Vi er heldigvis i ein posisjon der vi har spart opp mykje pengar i Oljefondet for at vi skal kunne bruke av det i dårlege tider. Det er bra å hindre at ikkje altfor mange går konkurs, at folk får dagpengar og har noko å leve av. Men kva som skjer når denne krisa er over, og om næringslivet klarar å stable seg på beina vil vise seg.

Sjølv trur Unge Venstre-leiaren at vegen dit er tornete og vanskeleg, men at næringslivet kjem til å klare det: 

Det krev ein ekstraordinær innsats av nordmenn også etter krisa. Men at staten sikrar sunne, konkurransedyktige bedrifter no vil stå att som den riktige måten å gå fram på, avsluttar Sondre Hansmark. 

Unge Høgre-leiar Sandra Bruflot jobbar heimefrå, der ho sit i sjølvpålagt karantene. Foto: Privat

Unge Høgre: – Vi kan ikkje berre ta av pengane for alltid

Unge Høgre-leiar Sandra Bruflot sit i sjølvpålagt karantene fordi kjærasten hennar kom heim frå Tyskland førre laurdag og sit i karantene.

Saman har dei heimekontor og freistar å få kvardagen til å gå rundt med faste rutinar.

– Mitt utgangspunkt er at vi må høyre på myndigheitene og følgje dei felles reglane slik at så mange som mogleg overlever og vi ikkje får eit helsevesen som går dukken. Eg synest dei seier det bra sjukepleiarane som seier: «Vi går på jobb for dykk, så hald dykk heime for oss», seier Bruflot.

I likskap med mange andre let ho seg provosera over hytteeigarar som kranglar på hytteforbodet og er meir uroa for aukande arbeidsløyse og bedrifter som går dukken.

Sjølv om ho ikkje ser nokon annan utveg er ho også uroa for den ekstremt høge pengebruken og meiner det aktualiserer ein debatt fleire av ungdomspolitikarane har vore oppteken av, nemleg at vi ikkje kjem til å ha like mykje pengar på statsbudsjetta i framtida.

– Eg trur det svir meir når det råkar heile samfunnet. Vi er vande med at det alltid ordnar seg fordi vi har nok av pengar å ta av, men vi kan ikkje berre ta av pengane for alltid, understrekar Bruflot.

Ho meiner det er viktig at vi freistar å redde så mykje av næringslivet som mogleg, slik at folk har jobbar å gå tilbake til.

– Så er det viktig at vi som framleis har kjøpekraft støttar lokale butikkar og fortset å bruke pengar. Skal vi redde arbeidsplassar og næringslivet så må alle bidra til å gjere det, seier Bruflot.

Ho er ikkje i tvil om at det vert tøffare tider ei stund framover, men har eit håp om at det òg vert rom for nokre nyetableringar og gründerverksemd i kjølvatnet av krisa.