Norske mobilkundar betaler mest, men får minst data
Norske mobilselskap tener over 40 prosent meir per kunde enn selskap i dei andre nordiske landa, ifølgje ei ny undersøking frå Forbrukarrådet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølgje Forbrukarrådets ferske gjennomgang av mobilmarknaden i dei nordiske landa, betaler svenske og danske mobiltelefonkundar vesentleg mindre for data enn norske kundar, skriv Aftenposten.
Norske mobilkundar betaler altså mest og får minst mobildata for pengane.
Telenor og Telia kontrollerer 90%
– Når mobilselskapa i Noreg tener over 40 prosent meir per kunde samanlikna med dei andre nordiske landa, er det ein opplagt konsekvens av at Telenor og Telia åleine kontrollerer 90 prosent av marknaden, seier direktør Inger Lise Blyverket i Forbrukarrådet til avisa.
Ho meiner Telenor og Telia avgrensar konkurransen til sitt eige beste og ikkje anstrenger seg nemneverdig med å utfordre kvarandre når det gjeld pris eller storleiken på datapakkar.
Telenor og Telia opplyser til avisa at dei ikkje kjenner seg igjen i Forbrukarrådets skildring, og meiner konkurransen er tøff i den norske marknaden.
Dei peikar på at prisforskjellane heng saman med utbyggingskostnader og behovet for å tilpasse forretnings- og prismodellar til konkurranse, forbruksvanar og etterspørsel i det enkelte landet.
Brukar 44% meir data enn nordmenn
Gjennomgangen til rådet av mobilmarknaden viser at der nordmenn nøyer seg med 5,5 gigabyte (GB) i månaden, toppar finnane med 20 GB i månaden. Danskane og svenskane bruker høvesvis 44 og 28 prosent meir data enn nordmenn.
Forbrukarrådet forventar konkrete tiltak i den varsla stortingsmeldinga til regjeringa om konkurransesituasjonen i mobil- og breibandmarknaden.
Les også: Me nyttar mobilen over fire timar om dagen: Her er fem tips for å redusere bruken