KrFU om abortvedtak: – Heilt udramatisk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg reagerer på at ein vil ha ei abortlovgjeving som gjev rettsvern til det ufødde liv, som i realiteten betyr å innskrenke kvinners rett til sjølvbestemt abort, seier Astrid Willa Hoem.

Nestleiaren i AUF er innstilt som ny leiar ved landsmøtet deira 15.-18. oktober.

KrFU:– Heilt udramatisk

Hoem peikar på korleis KrF etter å ha latt saka liggje i mange år, no har fått meir påverknad i desse spørsmåla etter at det har vorte eit forhandlingskort med regjeringspartiet Høgre.

AUF-nestleiaren er litt overraska over at KrFU vel å løfta gamle kampar og lurer mest av alt på kva landsmøtevedtaket om at KrFU vil erstatta dagens abortlovgjeving med ei lov som sikrar fosterets rettsvern, eigentleg betyr.

Nestleiar i KrFU Hadle Rasmus Bjuland meiner vedtaket er «heilt udramatisk».

– Dette er det KrFU har meint i alle år, bortsett frå 2016-2018, og det er det me held fram å meine, seier Bjuland.

På landsmøtet i 2016 vedtok nemleg KrF sitt ungdomsparti at dei var for sjølvbestemt abort, men vedtaket vart i 2018 omgjort til at «abortloven må erstattes med en lov som sikrer fosteret rettsvern».

Dette vedtaket fekk igjen fleirtal på årets landsmøte.

Bjuland peikar på at organisasjonen er delt i spørsmålet og trur difor dei vil halde fram å diskutere abort i mange år framover.

Eit prinsipielt vedtak

Bjuland understrekar at landsmøtevedtaket først og fremst er eit prinsipielt vedtak.

– Fosteret må få større rettsvern og me anerkjenner ikkje dagens abortlovgjevnad. Me ynskjer ikkje eit abortforbod, men det er eit prinsipielt vedtak om kor vidt ein skal opne for abort, forklarar Bjuland.

Han veit at det per i dag ikkje er noko sjans for å erstatta abortlova med ei lov som sikrar fosteret sitt rettsvern.

– Men om det politiske landskapet endrar seg og det vert moglegheit for fleirtal er det ikkje tvil om at ei slik lov må på utgreiing og at det er ulike omsyn som må vektast, understrekar Bjuland.

KrFU-aren er glad for vedtaket som vart gjort på landsmøtet og tykkjer det er synd at fleire tek til orde for å liberalisere dagens abortlov.

AUF vil fjerna nemndene

AUF har vedteke at dei vil innføra fri abort til veke 18 og skrota abortnemndene. Dette er også føreslått til Arbeidarpartiet sitt landsmøte, der programkomiteen har føreslått å utgreiia eit alternativ til dagens nemndsystem.

– Det viktigaste er å fjerna nemndene, fordi dei opererer så ulikt frå stad til stad. Det er lettare å få abort i Tromsø enn i Agder, seier Hoem.

Ho kallar nemndsystemet gamaldags og understrekar at dei fleste får medhald i nemdene.

Naturleg med innskrenking av dagens abortlov

Sjølv om KrFU har gjort eit vedtak på at dei ikkje meiner dagens abortlov er god nok, meiner Bjuland at det er betre enn forslaga som har kome om å utvida grensene for abort og vil heller behalda dagens abortlov.

– Eg ser både positive og negative sider ved nemndene, men eg trur dei har fått eit litt ufortent dårleg rykte som ein slags domsstol. Det er ein plass der eg oppfattar at det vert lagd vekt på omsyn til både kvinna og fosteret, seier Bjuland, som ikkje ser noko godt alternativ til dagens abortnemnder.

– Ser de føre dykk ei eventuell utviding av nemndene med dette forslaget?

– Dagens lov med fri abort til veke 12 er det naturleg at vert innskrenka, men korleis er vanskeleg å forskuttera. Det må utgreiast omsyn til både kvinna og fosteret. Men med dagens situasjon er det ikkje brei oppslutning for dette i Stortinget. Når KrF er åleine om dette ser eg på det som usannsynleg og vil heller nytta kreftene på abortførebyggjande tiltak som prevensjon og betre seksualundervisning, svarar Bjuland.

– Å diskutere abortlova høyrer ikkje 2020 til

– Det å diskutere abortlova høyrer ikkje 2020 til, det er det berre KRF og Høgre som gjer. Me opptekne av kvinners rett til å bestemme over eigen kropp, og kjem til å kjempa for å gjera han større, ikkje mindre, seier AUF-nestleiar Astrid Hoem.

I regjeringsforhandlingane i fjor fekk KrF gjennomslag for at fosterreduksjon ikkje lenger skal vere sjølvbestemt, men måtte sjå seg slått i kampen om paragraf 2c som opnar for abort etter veke 12 dersom det er fare for at bornet kan få alvorleg sjukdom.

Hoem er skuffa over Unge Høgre, som ifølgje ho har stilt seg bak Høgre sin programkomité når det gjeld å stille seg bak å støtta dagens abortlov med endringane KrF fekk inn i fjor.

Amalie Gunnufsen er innstilt som ny leiar i Unge Høgre. Foto: Julie Ellefsen

– Står skulder til skulder når abortrettane vert utfordra

Dette avkreftar Amalie Gunnufsen, som er innstilt som ny leiar i Unge Høgre.

– Me støttar abortlova slik ho var før, og har ikkje endå noko vedtak på fosterreduksjon, fortel ho på telefon til Framtida.no.

Ho spør seg kvifor AUF angrip Unge Høgre i abortsaka no, og peikar på at lova med KrF sitt gjennomslag er den same som då Arbeidarpartiet sat i regjering, utan at dei ville ta eit oppgjer med fosterreduksjon.

– Sandra Bruflot var òg den første Unge Høgre leiaren som slo fast at ein ikkje kan bruke abortlova som eit forhandlingskort, så AUF kan vere trygge på at me står skulder til skulder når abortrettane vert utfordra.

Nestleiar i Oslo KrFU, Ingvild Halderaker Husby(18), gler seg over at KrFU sitt landsmøte stemte for resolusjonen om samtykkelov og vonar moderpartiet vil gjera det same. Foto: Privat